«Rasisme er så dumt. Det er verdens verste ting. Hjertet mitt blir knust når jeg får høre om det.»

Eg er vel ikkje akkurat kjent for å grine så ofte, og i alle fall ikkje ute på gata, men i dag kom det ein tåre. Eg gjekk forbi minnestaden for Benjamin Hermansen på Åsbråten i dag. Dei iskalde dagane har gjort at alle blomane og helsingane ligg urørt. Det som rørte meg var å sjå tekstane som tredjeklassingane på Lusetjern skole hadde skrive. Blant dei dottera mi og klassekameratane hennar.

«Jeg skulle ønske at folk ikke brydde seg om hvordan vi så ut»

Bysten til Benjam in Hermansen på Åsbråten

Det som skjedde med Benjamin er ein del av oppveksten til ungane her. Mor til Benjamin jobba på skulen, og mange i lokalmiljøet sto han nær. Her er rasisme meir enn teori. Nokre av unga har truleg opplevd rasisme, og enda fleire vil heilt garantert oppleve det. Dei veit kva det handlar om.

«Du kunne levd lenger»

«Skulle ønske du fikk se mer av verden»

«Rasisme må stoppes!»