Enkelte bøker har gjort ekstra sterkt inntrykk på meg. Eg lurar på korleis det ville ha vore å lese dei om igjen. Ville det sterke inntrykket ha blitt borte, eller bli enda sterkare? Dette har eg tenkt å teste ut på tre bøker som eg har hatt i bakhovudet i veldig mange år.

  1. Ringenes herre av J.R.R. Tolkien. Eg leste denne på ungdomsskulen og blei fullstendig oppslukt.
  2. Les Misérables av Victor Hugo. Monumental bok, så mange dramatiske historier. Denne boka sette preg på ein ung tenåring. Dei fleste detaljane hugsar eg ikkje, men eg hugsar kloakken under Paris.
  3. Captain Corelli’s Mandolin av Louis de Bernières. Eg blei vemodig då eg var ferdig med denne. Eg tenkte lenge på korleis hovudpersonane hadde det og korleis det gjekk med dei.

Eg er nysgjerrig på korleis det vil vere å besøke desse bøkene på nytt. I verste fall vil kanskje litt av magien bli borte, i beste fall vil alt kome tilbake. Sjølv om bøkene er dei same, vil eg tru at eg har forandra meg. Det gjenstår å sjå.