Eg har leita etter betre måtar å samle, sortere og koble kunnskap. Eg vil ha eit system som er enkelt å bruke og komplekst nok til å handtere alt eg treng. Det vil seie å sanke større eller mindre bitar av informasjon, utan at det ender opp i ein svær haug. Eg vil kunne finne igjen desse bitane enkelt, slik at eg kan bruke dei når eg treng dei. Og eg vil at dei relevante bitane skal dukke opp av seg sjølv.

Eg har sett etter eit verktøy som er kjapt og ukomplisert, men samtidig superkraftig.

Eg har sett på dei verkøya eg allereie brukar, og fleire nye. Enn så lenge har eg landa på mitt kjente og kjære Drafts. Det er appen eg brukar til omtrent alt av skriving, alt frå å hugse å kjøpe melk til å skrive lange rapportar. Det geniale med Drafts er at den er så enkel. Det kjem opp ei blank side, og så er det berre å skrive. Det er måten Drafts gjennomfører dette på som er så enkelt og genialt. Inn med teksten. Alt som skjer med teksten i etterkant kan eg finne ut av seinare. Magien til Drafts er at den har så vanvittig mange verktøy for å sende tekst vidare og omforme den til andre ting. Det kan vere å sende ein SMS, sette opp eit formelt brev, ein rapport, ein mail, ei hugseliste, kva som helst. Eg treng ikkje å tenke på utforminga sidan eg alltid skriv i Markdown, og kan velje den stilen eg vil ha seinare.

Men kan Drafts også brukast som min andre hjerne?

Det viser seg at Drafts kan lage lenker fram og tilbake, slik at det går an å knytte notat saman i eit sinnrikt system. Her er det mange nye verktøy i emning. Mange har snakka om Zettelkasten-metodikken, som går ut på å systematisk binde enkeltidéar saman på ein måte som gjer at nye idéar kan poppe opp organisk. Det fine med dagens teknologi er at det ikkje er nødvendig å bruke kartotekkort for å gjere dette. Alt kan gjerast frå lommecomputeren. Roam Research har fått mykje blest, men det er dyrt, og funkar ikkje på iPad. Obsidian er flott, og skal vere enkel å bruke, men den er heller ikkje laga for iPad, sjølv om det går an å jobbe via tekstfiler. Sidan iPad er min primære maskin, blir dette ein dealbreaker. Craft er den appen eg har hella mest mot, for den ser lekker ut, og den er skapt for iOS og MacOS. Men eg har ikkje investert tida som trengs for å lære det grundig nok til å bli hovudverktøyet mitt. Så da er det Drafts, enn så lenge.

Det fine er at eg treng ikkje å utelukkande bruke Drafts og kaste dei andre verktøya mine på båten. Eg kan lage meg ei enkel tekstbasert landingsside om eit tema, og lenke til alt muleg anna eg har lagra, gjennom det fiffige innebygde lenkesystemet til Apple. Det kan vere lenker til andre notat i Drafts, databasar i Airtable eller pdf-filer lagra i DEVONthink. Eg kan lage meg ei landingsside om folkemusikk, og så kan eg derifrå lynraskt finne fram til notebiblioteket mitt, spelelister, alt muleg. Det kule er at dette fungerer like bra på iPhone, iPad og Mac. På same måte kan eg lage meg mitt eige lille kontrollsenter der eg kjapt kan nå dokumenter i Google, Slack-kanalar, til og med e-postar.

Alt dette skriv David Sparks utførleg om. Og han er som vanleg verd å lytte til.

Eg likar når kompleks teknologi gjer tilgang på kunnskap enklare.