Eg veit at eg har fire besteforeldre. Eg kjende alle fire. Eg kjende ingen av dei åtte oldeforeldra mine, sjølv om eg veit at oldefaren min kom til USA som 19-åring den 4. april 1909 med skipet Celtic som segla ut frå Liverpool. I følgje skipsregisteret var han 1,80 høg og mørk. Han var korkje polygamist eller anarkist, men det var vel få som kryssa av «ja» for dette i skjemaet ved ankomsten til Ellis Island.

Eg har derimot inga aning om kven dei 32 tipp-tippoldeforeldra mine er. Kanskje ein av dei til og med kan ha vore svensk..?

Det er rett og slett umogleg å ha oversikt over alle forfedrane våre når vi berre går eit lite stykke tilbake i tid. Og det er ikkje så rart. For går vi ti generasjonar tilbake, har vi eitt tusen og tjuefire tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldeforeldre. Fortida blir raskt meir og meir rotete når vi følgjer røtene til slektstrea våre, rett og slett på grunn av eksponensiell vekst. Våre slekters gang bakover i tid blir ei einaste stor mølje.

Dagbladet har omtalt boka til Adam Rutherford som eg har skrive om tidlegare. Det er ei god omtale som blant anna tar for seg dette med slektskap og det matematiske beviset på at vi alle har felles opphav.

Stephen Fry er frydefull i denne videoen der han forklarar dette fenomenet.

Han startar med å seie: «I don’t think even the Prince of Wales could name his 8th great-grandparents…»

Sjølv den mest berømde familien i verda kan ikkje ha full oversikt over alle desse slektningane. Så fortél Fry legenda om riskornet og den persiske bonden som fann opp sjakk på bestilling frå shahen. Bonden ba om ei tilsynelatande enkel beløning. Men på grunn av eksponensiell vekst blei han søkkrik ved å legge eitt riskorn, så to, så fire, så åtte riskorn, og så vidare, langs rutene på sjakkbrettet.

Når vi alle har så mange slektningar betyr det at vi alle har dei same slektningane. Då blir det meiningslaust å snakke om reine slektslinjer. Og det viser kor fjollete rasisme er.

Då eg var så heldig å møte John Gottman og prate med han ein gong, spurte eg om korleis han opplevde å ta i bruk funna av forskinga hans rundt omkring i verda. Kranglar par like mykje i Tyrkia og Finland og Grønland? Han sa at det mest slåande er kor like folk er, og kor almenngyldige teoriane om relasjonar er. Han sa óg ein annan ting som var slåande – nemleg at vi menneske truleg stammar frå ei lita, gjenlevande gruppe på nokre titusen individ. Teorien går ut på at menneskeslekta på eit tidspunkt var svært nær å døy ut. Dei som blei igjen, er forfedrane til alle oss menneske. Det forklarar det nære slektskapet mellom menneske, og kvifor vi – trass alt – er så like.