Månad: mars 2021

Å tenke er ei oppgåve

Eg har alltid lister. Fleire av dei. Ofte brukar eg meir tid på oppgåvelistene enn på oppgåvene som står på listene. Eg finn stadig nye måtar å skrive oppgåvelister på, og kan høyre på podkastar om forskjellige appar å lage oppgåvelister med. Men når det kjem til kva oppgåver som skal stå på desse oppgåvelistene, så er det ikkje alltid like gjennomtenkt.

Det er nemleg éi bestemt oppgåve som eg burde ha på oppgåvelista mi, men som eg forsømer.

Michael Wade skriv om det her:

Looking back, there was one chore that I should have put on every list and saved time for every day.

That missing item was «Thinking.»

Etter kvart som eg legg til rette for å lese, passar det fint å legge til rette for å tenke.

Fargenyansar

Folk finst i fleire fargenyansar på fargeskalaen. Fotoprosjektet Humanae Project til den brasilianske fotografen Angelica Dass viser kor stilig denne fargeskalaen er. Ho tar portrett av tusenvis av ulike folk, plukkar ut fargen på nasetippen, og finn ut kva fargekode det er på Pantone-skalaen.

Eg lurar på kva fargekode eg har. Eg hugsar fargeblyantane før i tida hadde éin farge som refererte til «hudfarge». Det tenkte eg nødvendigvis ikkje over, sidan den matcha min eigen. No kjem heldigvis fargeblyantar i sett med hudfargar.

Eller vent litt, det viser seg at det faktisk ikkje er alle som har fått med seg at folk finst i fleire fargar.

Kunnskap i skulen

Det er for lengst på tide å kutte lekser frå skulen. Skulen skal handle om læring. Med andre ord kreativitet, fantasi, skaping, inspirasjon, felleskap, estetikk, meistring og trivsel.

Læring skal ikkje handle om pugging i såkalla «basisfag» berre for at skulen skal skåre bra på neste PISA-test.

Lekser fungerer ikkje, og det går ut over ungane. Både dei ungane som har foreldre som kan følgje dei opp, og aller mest dei ungane som ikkje har det. Dei som hevdar at lekser er ein god måte å lære på, har bevisbyrda på si side. Det er eit daudt konsept som enkelte absolutt skal halde liv i.

Joni

For meg er ikkje det beste med Joni Mitchell at ho er ein fantastisk songar og tekstforfattar. For meg er ho først og fremst ein av dei fremste gitaristane eg veit om. Det går sikkert an å lære seg alle dei over 40 gitarstemmingane ho brukar, men det er ikkje nok for å lage slik musikk. Denne versjonen av Big Yellow Taxi og Both Sides Now viser ein flik av magien.

Her er min eigen versjon av A Case of You, ganske inspirert av James Taylor sitt gitarspel på den originale innspelinga.

Page 2 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén