Jakta på det perfekte oppgåvesystemet er ein slags heilag gral. Eg har brukt lang tid på å finne dei beste metodane, systema og programma, slik at eg kan bli produktiv. Så stoppar det gjerne opp når eg innser at det er eg som må gjere gjeremåla, programmet gjer dei ikkje for meg.
Brent Simmons seier at det perfekte oppgåvesystemet er ein illusjon, og det har han nok rett i.
Here’s what you need to know: it’s a mirage…. There’s no getting out of this fact: these apps are all going to take more constant input from you than you’d wish for. They don’t take away the need for some amount of self-discipline to use them effectively.
Brent simmons
Eg likar å finne nye måtar å gjere ting på. Eg likar det kanskje litt for godt. Eg har brukt mykje tid på å sjekke ut, lese om, teste ut og fikle med programvare for å gjere oppgåver. Tid som i og for seg kunne ha blitt brukt til å faktisk gjere oppgåvene.
Men så har eg jo plukka opp ein heil del gjennom alle åra med utforsking av alt mogleg innan produktivitet og teknologi. Etter at eg kom over Merlin Mann og nettsida hans 43folders tilbake i 2006, oppdaga eg eit herleg univers av nerdar og geni. Merlin Mann bygde vidare på David Allens metodikk Getting Things Done (GTD), som blei startskotet for ein heil jungel av appar, bøker og podcasts, blant anna Mac Power Users, som eg har høyrt på sidan starten i 2009. Eg skaffa meg Omnifocus då det kom ut rundt same tid, men abonnementet blei til slutt for kostbart, så eg testa ut billigare løysingar, som blant anna Todoist.
Gjennom Setapp-abonnementet mitt testar eg no ut 2do og Noteplan 3. Eg har også vore innom Taskpaper, og ikkje minst Things, som eg likar godt, og nok kjem til å lande på.
I tillegg kan eg nemne at eg brukar eit analogt system inspirert av Bullet Journal, med gode pennar og fine notatbøker, men det får eg heller skrive om ein annan gong.
I bunn og grunn handlar det ikkje om å finne det perfekte programmet, men å skaffe seg gode rutinar og vanar for å få ting gjort i det daglege. Så der har eg ein del å jobbe med. I mellomtida er det gøy å teste ut nye verktøy. Og det er eigentleg heilt greitt.
Legg att eit svar