Ein av vanane eg held på å innarbeide handlar om å verne meg sjølv frå scrolling. Scrolling er djevelens verk. Det er den nye røykinga. I alle fall den nye zappinga. På 90-talet brukte eg mykje tid på zapping. Eg sat i sofaen og zappa mellom MTV og NRK eller SVT eller ein av dei andre, veldig få kanalane vi hadde. Eg zappa og zappa. I timesvis. Kanskje kom det noko interessant, kanskje ikkje. Eg lærte meg i alle fall greitt engelsk, og eg har grei kontroll på populærmusikken frå den tida. Stort anna av verdi kom det ikkje ut av det.

I dag er det ingen som bryr seg om zapping. No handlar det om scrolling. Scrolling på på Facebook. Instagram. Twitter. Alskens nyheitsnettsider. Scrolling og scrolling.

Facebook er i seg ei vonde, eit mektig og hensynslaust selskap som gjer alt for å halde folk fanga i det evinnelege sirkuset sitt. Facebook er bråkete og gir meg dårleg humør. Det kjennest iblant som ein gladiatorarena, full av slåssing og krangling.

Men iblant skjer det bra ting der. Nyttige, hyggelege ting. Interessante arrangement og merkedagar. Og det er jo trass alt der folk er å finne for tida. Men uansett kor hyggeleg det tidvis måtte vere der, blir eg fanga i nyheitsstraumen. Og det vil eg gjere noko med.

Slik temmer eg Facebook

Eg har sletta Facebook-appen. I staden har eg oppretta ein snarveg i Shortcuts som eg har kalla «Facebook» og lagra på heim-skjermen. Når eg trykker på den (eller påkallar den via Siri) kjem det fram ein meny. Der kan eg velje mellom bokmerker som fører meg akkurat dit eg skal på Facebook, utan å gå vegen om den slu nyheitsstraumen. Slik kan eg gå rett på familiegruppa, klassegruppa, eller andre oppdateringar som eg sjølv har vald ut. Alt for å unngå å sitje fast i hengemyra. Det å ikkje bruke appen er tryggare, og så gir det litt meir friksjon å bruke Facebook i nettlesaren. Det er litt meir tungvint, rett og slett. Og det er bra.

Eit anna tidssluk er alle nettsidene med nyheiter. Desse er óg laga for at folk skal henge der lengst mogleg. Både VG, Dagbladet, til og med NRK brukar alle triksa for at folk skal bli fanga i hamsterhjulet. Dei får betalt for det. Til og med hos Vårt Land kan eg rote meg vekk, og før eg veit ordet av det har det gått tjue minutt, og eg har havna på verdidebatt.no og les om kva Espen Ottosen meiner om ekteskapet som ramme for seksualitet. Slikt har eg ikkje tid til.

Slik temmer eg nyheitene

Eg brukar NetNewsWire for iPhone og iPad. NetNewsWire er ein RSS-lesar, men eg brukar den ikkje til å lese bloggane mine, der brukar eg Reeder, som eg har skrive om tidlegare. Eg går inn på NetNewsWire og veljer meg ut dei avisene eg trur eg kjem til å lese. Som regel er det berre å skrive URL-en, så kjem RSS-feeden opp. VG.no, for eksempel.

Fordelen med dette er at eg ikkje ser bilder, ikkje annonser, ikkje blinkande overskrifter. Eg får berre opp overskrift og ingress, så kan eg sjølv velje om det er vits i å klikke vidare, eller om det ser kjedeleg ut. Som oftast ser det kjedeleg ut.

Dersom det er noko eg faktisk vil lese, så kan eg klikke meg inn på sida, og kjapt klikke meg tilbake. Dersom det er noko eg vil lese seinare, lagrar eg det berre i Instapaper, så kan eg lese det når eg har tid.

Eg har ikkje blitt kvitt all scrollinga i livet mitt, men eg gjer stadig framgang. Eg brukar framleis Instagram, men det tenker eg er greitt. Twitter har eg rett og slett slutta å sjekke.

Ved å temme scrollinga frigjer eg mykje tid. Og den tida kan eg bruke til å lage ting og skrive ting, slik som denne bloggen.