Bra artikkel i Atlantic om kva livet i pandemien gjer med hjernen vår:

But now, in the cold, dark, featureless middle of our pandemic winter, we can neither remember what life was like before nor imagine what it’ll be like after.

Eg kjenner igjen mykje av dette. Det er rett og slett kjipt å vere i ein pandemi.

Sjølv om eg kanskje ikkje har det fullt så dystert som folka i artikkelen, kjenner eg igjen det med at hjernen er i ei slags tåke, at kroppen liksom visnar, at eg slit med å feste blikket, at det iblant føles som eg har blitt fem år eldre på eit år.

Eg kjenner at eg saknar «environmental enrichment», eller med andre ord det å være ute blant folk. Dei enkle tinga som er viktige for at hjernen skal fungere normalt, som gjer at ein ikkje gløymer ting og blir forvirra. Det med å ikkje ha ein ordentleg overgang mellom jobbdagen og ettermiddagen. Samme stol, samme stove, samme hus. Det einaste miljøskiftet er frå Mac til iPad.

Men likevel er eg jo så heldig. Alle i familien min er friske. Eg har eit heimekontor med utsikt over Oslofjorden. Ikkje minst har eg ein jobb å ha heimekontor på. Eg har ein liten hage og ein skog bak huset, eit roleg nabolag. Og først og fremst har eg dei menneska eg er mest glad i rundt meg.

Samtidig må eg innrømme kor letta eg er for at eg ikkje er 20 år. Tenk å ikkje få oppleve alt det 20-åringane ikkje har fått oppleve dette året. Dei heilt grunnleggande tinga. Det å vere i eit rom fullt av folk. Høyre lyden av mange stemmer som blandar seg i kvarandre. Stemmer til folk du kjenner og folk du ikkje kjenner. Det å kunne oppleve nye og uplanlagte ting. Dra dit du ikkje hadde planlagt å dra. Dra til eit anna land, til og med. Bli kjent med nokon du aldri har møtt før.

NRK lagde ein flott reportasje om det tidleg i pandemien. Og denne teksten frå 13. april 2021, «stillhet på 8 m2» gjer inntrykk.

Vi gleder oss til å høre lyden av livet.

Eg har aldri vore den veldig ekstraverte typen, men det er klart eg er forma av alle dei møtene, reisene, festane, turane eg var på det året eg fylte tjue. Det var det året eg flytta til Oslo og begynte å studere. Det var då eg blei med i hovudkomiteen til Operasjon Dagsverk og dro til Amazonas for å lære om utdanningsprosjekta til Regnskogfondet. Og så fekk eg dra rundt i Sogn og Fjordane med nokre unge brasilianarar og haldt foredrag på grendeskular som berre var tilgjengelege med ferge.

I dag ville eg måtta ta til takke med eit webinar.

Eg kan berre vere takknemleg fordi eg fekk vere tjue år i ei verd som etter forholda var nokså normal.