I år er det stortingsval, og eg kjem til å stemme. Det er ein plikt, og eg har alltid stemt. (Sjølv om eg framleis lurar på om stemmeseddelen min rakk fram då eg var på foredragsturné i Møre og Romsdal med Operasjon Dagsverk hausten 1997.)

Eg er ikkje medlem av eit politisk parti. Og eg har iblant tenkt på kvifor eg ikkje er det. Det handlar nok om at når eg står i stemmelokalet, så stemmer eg ikkje på det partiet som eg er mest einig i, men på det partiet som er mest einig med meg.

Eg stemmer ut frå kor mykje overlapp det er mellom meg og partiet. Ikkje fordi eg nødvendigvis er så veldig fan av partiet.

Eg veit ikkje om det betyr at eg er vinglete eller prinsippfast.

Akkurat no ser eg ikkje for meg å kunne bli lojal til eit parti, eit program eller ein ideologi. Derimot er eg lojal til mine eigne verdiar, og til dei sakene som betyr mest, som er mindre ulikheit, leveleg klima og kamp mot rasisme.

Men når det er sagt, så er det flott å vere medlem i eit politisk parti, og kven veit, kanskje blir eg medlem ein dag? Det er jo ikkje så mange aktuelle å velje mellom uansett. Vi får sjå.