Månad: mai 2021

Eg berre spør

Er det ikkje litt rart at folk til tider kan virke meir opptatt av å bekjempe dei som kjempar mot rasismen, enn å bekjempe rasismen?

Eg berre spør.

Folk er fine

Eg diggar bloggen til Jason Kottke. Den er eit oppkome av fascinerande og engasjerande og morsomme artiklar, nøye plukka ut. Samtidig er det meir enn ei samling fun facts. Det er ei dybde i utvalet av tekstar, videoar og bilder som seier noko om det som er fint og fascinerande med folk. Som for eksempel ein rockelåt framført av 1000 bandmedlemmer på ein gong, og som lét overraskande fint. Eller om alle husa som er delt på midten i ein by i Tyskland. Eller ein gamal mann i Nederland som greier å parkere i ei veldig trang garasje. Eller som eg har skrive om før, det store tidsspennet eit menneskeliv kan favne.

Eg likar folk som er nysgjerrige på, og begeistra for, folk.

Tips for å bli meir produktiv

Stoppe opp. Sette seg ned. Tenke seg om.

Teikne sakte med ein god penn på eit godt papir.

Å starte dagen slik er det beste produktivitetstipset eg veit om.

Syttende mai

Patrick Rhone er ein av dei bloggarane eg har størst sans for. Då er det litt stas når han skriv om 17. mai sett frå amerikansk side. Det er fascinerande, men ikkje så rart, at Syttende Mai har slått rot i USA. Oldefar feira sikkert 17. mai då han var der borte. Vår eigen grunnlov, og til og med vårt eige flagg, er sterkt inspirert av USA, frå den tida landet var ein inspirasjon til kamp for fridom og mot undertrykking. Vi er heldige i dette landet som kan feire vår fridom frå undertrykking, når det er så mange som ikkje kan det.

Israel og Palestina

Det er mykje eg kunne ha skrive om alt eg tenker og føler rundt det som skjer no. Det er mykje eg kunne ha delt av det andre har skrive. Uansett er det hjarteskjerande og fortvilande. Forvirrande og fryktinngytande.

Det er lammande å lese om mora som mista fem av borna sine i eit rakettangrep. Fleire slike historier kjem til å komme. Det einaste ein veit om dei neste dagane, er at dei kjem til å bli grusomme.

Ein som kan få sagt kloke ting, sjølv når det gjeld dei mest kompliserte og brennbare sakene, er Trevor Noah. I denne videoen snakkar han om konflikten på ein måte som eg trur fangar opp noko av essensen.

“If you are in a fight where the other person cannot beat you, how hard should you retaliate when they try to hurt you?”

Trevor Noah

Det går ikkje an å kome utanom religion, som han seier. Eg kom til å tenkje på eit kjent ordtak:

To whom much is given, much is required.

Israel er ikkje gitt all makt i himmel og på jord. Men i himmelen over Gaza er det Israel som regjerer. Den mektige har ansvar. Og den mektige veit at når han tråkkar hovudet til undersåtten sin ned i søla, vil undersåtten til slutt gjere alt i sin makt for å komme seg laus.

Eg studerte musikk i lag med Aroba, ei songarinne frå Palestina. Vi øvde i lag og hadde fleire konsertar med libanesiske og arabiske songar. Eg spurte henne ein gong om korleis det var å leve under okkupasjon, og kva ho meinte om vald og hevnaksjonar. Ho spurte meg om kva eg ville ha gjort om nokon hadde tatt fram ei saks og begynt å klippe hól i buksene mine. Ville eg ha gjort noko? Eller ville eg ha vore passiv og venta til det gjekk over?

Nokre år seinare fekk eg vite at ho hadde fått kreft, og ho etterlot seg fire barn. Eg lurar på kva ho ville ha sagt i dag.

Ordtaket over er eigentleg eit sitat. Her er den norske versjonen:.

Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

Jesus frå nasaret. (Lukas 12,48)

Kreativitet

Då eg var yngre hende det at eg hadde lyst til å teikne, men så blei eg berre sittande og stirre på det blanke arket. Eg blei frustrert, og tenkte at det ikkje var vits i å prøve meir. Eg hadde jo likevel ingenting å teikne.

Kreativitet er skaparglede. Det kan vere spontant, intenst og det kan halde deg i flytsona lenge. Men det er ikkje alltid slik. Det er ikkje ein tilstand som dukkar opp berre ein ventar på det.

Eg trur kreativitet handlar om å møte opp. Det handlar om å skrive sjølv om ein ikkje har noko å skrive. Å teikne sjølv om ein ikkje har noko å teikne. Det hjelp ikkje å vente til kreativiteten melder seg. Det kjem ikkje vatn ut av ei stengt kran.

Det gjeld å sette seg ned, finne fram blyanten, og gå i gang.

Dei og oss

Folk kan delast inn i to grupper menneske. Dei som deler folk inn i to grupper og dei som ikkje gjer det.

Det er med andre ord fort gjort å dele folk opp i grupper. Det gir mening for folk. Akkurat som det ga meining for folk at lynet kom frå Tor med hammaren. Eller at det var mannen med ljåen som gjekk rundt og ga folk svartedauden.

Men no veit vi betre. Vi er alle i slekt. Og sjølv om vi ikkje hadde vore i slekt, ville det ikkje ha vore greitt å snakke nedsettande om andre.

Det går aldri bra når vi deler opp i «oss» og «dei». Eller som Kevin Kelly seier det: Trust me, there is no «them».

Det skjer ubevisst. Og det kan vi jobbe med.

Men nokre av oss gjer dette heilt bevisst. Kombinasjonen av makt, oppdeling av menneske i grupper, og nedvurdering av andre. Det skal vi alle sjå opp for.

Det er eigentleg ganske enkelt. Ikkje gjer det. Ikkje del folk opp i grupper av oss og dei, og ikkje snakk nedsettande om desse andre gruppene. Og når nokon gjer det, be dei slutte med det.

Å lese bøker

På det lokale biblioteket er det ein automat som hjelper til med å hente, låne og levere bøker. Sist gong eg var der tenkte eg at eg skulle ta ein liten utskrift av lista.

Eg merka at eg blei litt utilpass då maskina tilsynelatande ikkje stoppa å skrive ut, ei lang remse bølga seg ut av automaten. Eg hadde nådd grensa over bøker eg kan låne. Tretti.

Eg er kanskje litt junkie når det kjem til bøker. Eg klarar ikkje å gå innom biblioteket utan å ha med meg ei bok eller fem. Nattbordet mitt har så mange bøker at eg må stable aerodynamisk.

Spørsmålet er aldri om eg les, men heller kor mykje eg får lest.

Eg har ein bunke på nattbordet. Ei bunke i Allbok-appen. Ei bunke med lydbøker i Audible. Heldigvis har eg det ikkje sånn at eg er nøydd til å lese ferdig ei bok før eg tar opp ei anna. Det er litt befriande, samtidig som det gjer at det blir litt vel mange bøker i omløp. Som eit badekar som er akkurat litt for fullt av godt og varmt vatn.

Eg les alltid på noko. Det er meir som mitt daglege brød enn eit prosjekt som skal bli ferdig. Målet er sjølve lesinga, ikkje å kome gjennom bunken.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén