Månad: juli 2021

Historia om filmen Amadeus

Eg har alltid vore svak for bakomfilmane til favorittfilmane mine, og nyleg kom eg over bakomfilmen til det som nok er favorittfilmen av alle – Amadeus av Milos Forman.

Eg nyt å sjå regissøren, skodespelarane og alle dei andre fortelje om alle utfordringane, tilfeldigheitene, tabbene, detaljane og alle augeblikka av magi.

Og ikkje minst korleis alle skodespelarane spontant etterliknar regissøren kvar gong dei snakkar om han. Vincent Schiavelli, som spelar tenaren til Salieri i filmen, er så fantastisk spot on her.

Amadeus er verkeleg ein magisk film.

Ti år

22. juli. Det er ti år sidan i dag. Det føles lenge sidan, det føles kort tid sidan. Eg kjenner det knyt seg i meg. Mange tankar bak tankane. Det at det er ein tragedie. Det at mange liv gikk tapt. Og det at det skjedde på den måten det skjedde. Den kalde brutaliteten i det. Den uforståelege rekkevidda av det. Det uforståelege som eg aldri kjem til å forstå. Og alt dette blanda med den nagande kjensla av at ein veit at det finst nokon, det finst mange der ute, som synest dette med 22. juli er litt masete. Dei meiner det får halde no, og at det får da vere måte på. Dei som synest det er for mykje sutring og klaging frå AUF og alle antirasistane. For mykje snakking om Utøya, og for lite om innvandring. Den skjulte irritasjonen til dei som meiner det har gått for langt med alt dette snakket om 22. juli, rosetog, Arbeidarpartiet.

Hadde det vore ei naturkatastrofe hadde vi minnest dei som døydde som ei tragedie. Eit minne om dei som på tragisk vis blei borte. Men det var ein massakre, og det var nokon som gjorde det, som drap dei. Og han som gjorde det var ikkje ein gal mann, men ein overtydd mann. Og alt det han sto for er like levande i dag. Nok til at ti år etterpå er det nokon som i hans namn får seg til å tagge ned bysten til Benjamin. Det er det som får det til å knyte seg i magen.

Oppdatert eller kunnskapsrik

Det er ein skilnad mellom å vere oppdatert og å vere opplyst. Ein kan sjå på nyheitssendingar i ei veke og bli oppdatert utan å bli kunnskapsrik. Det er éin ting å sjå på nyheitene heile dagen. Det er noko anna å lese ei god historiebok. Ein kan la seg rive med av den nyaste nyheitsstraumen, eller ein kan gå til kjeldene og hente fram kunnskap som har modna seg lenge. Å sjå på er ikkje det same som å forstå. Det det ser ut som er ikkje nødvendigvis slik det heng saman. Nyheitene viser forgrunnen, medan bøkene forklarar bakgrunnen. Vi kan forstå meir gjennom gamle historier enn gjennom siste nytt.

Bok eg har lest i sommar: Hvitekrist av Tore Skeie

Hvitekrist av Tore Skeie er ei av dei mest velskrivne bøkene eg kan hugse å ha lest på lenge. Ei fantastisk skildring om Olav Haraldsson og dei norrøne kongane, som gjer dei om til ekte menneske og ikkje berre mytiske sagafigurar. Han skriv om korleis dei herja og plyndra og erobra og fór rundt omkring frå Giske til Istanbul til Dublin og Cordoba. Og eg får innblikk i korleis det kan ha vore å vere der. Eg gler meg til dei neste bøkene.

Biblioteket

For ein radikal og fantastisk idé det offentlege biblioteket er. Gratis bøker til alle! Vill ein sånn idé blitt gjennomført med dei politikarane som styrer i dag? Neppe.

Biblioteket er der for at vi skal kunne lese bøker. Fordi bøker er viktige. Å lese bøker er rett og slett ein borgarplikt. Ein ganske ålreit borgarplikt.

Framover skal eg ta plikta på alvor og lese endå meir enn eg gjer i dag.

Bokhandelen i Texas

Ei inspirerande historie om eit par som starta ein bokhandel i Texas akkurat medan pandemien traff, fordi dei meiner bøker er viktige.

«Good things happen in bookstores. »

Om bøker

Det er viktig å få lest så mykje som muleg så tidleg som muleg, slik at du får lest dei bøkene som kjem til å forandre livet ditt.

Ytring

Eg trur ikkje på at ytringsrommet har blitt trongare. Eg trur ikkje på noko «krenkehysteri», eller at ytringsfridomen er knebla av «woke-bevegelsen».

Det som skjer er at det kjem fleire slags folk inn på den offentlege debattarenaen. Og enkelte blir stressa av det. Spesielt når dei nye ikkje liknar på dei gamle.

Når ytringsrommet rommar fleire, blir det trangare for dei som tidlegare hadde einerett.

Det er ikkje ytringsrommet som har blitt mindre, det er fleire som har fått sleppe inn i det.

Då kjennest det trangt for dei som er vant til å ha all plassen for seg sjølv.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén