Månad: august 2021

Sketchnotes

Eg trudde alltid at å ta notatar handla om å skrive ned så mykje som muleg, så raskt som muleg.

Gjennom heile studietida skreiv eg side opp og side ned med notater, både for hand og på maskin. Kvart ord skulle med. Eg brukte alt eg hadde lært frå valfag i touch-metoden på ungdomsskulen.

Men eg hugsar ingenting av det eg noterte.

Ein amerikansk illustratør som heiter Mike Rohde var borti det same problemet. Han skreiv massevis av ordrike notat frå førelesingar og kurs utan at noko festa seg. Så byrja han å teikne det han høyrde, og oppdaga kor effektivt det var. Han kalte det Sketchnotes.

Eg likte umiddelbart både måten han teiknar på og tenkjer på, og sidan har eg brukt teiknenotat til det meste.

No kan eg sjå på ei side i notatblokka mi og vite akkurat kva det handlar om, sjølv om eg noterte det for fem år sidan. Ved å lytte og teikne samtidig festar idéane seg på heilt nye måtar, fordi eg knytter idéane til bilete og symbol som gir meining.

Eg har alltid likt teikning. I tillegg har eg fått erfare kor uvurderleg teikning er for å lære nye ting.

Bok eg har lest i sommar: “OK boomer” – og andre ting du kan si til onkelen din om klima av Nora Jungeilges Heyerdahl

Det er godt å lese ei bok som er både viktig, velskriven, lærerik og morsom. Ikkje minst når boka handlar om det viktigaste temaet i vår tid.

Det er ein venleg, men bestemt langfinger til alle som ikkje vil ta inn over seg det som skjer med jordkloden. I tillegg gir den gode verktøy til å bruke i samtalar og diskusjonar.

For ikkje å snakke om at den er skikkeleg kul.

Kan hende eg kjem til å lese den på nytt.

Bok eg har lest i sommar: Leave the world behind av Rumaan Alam

Ei bok som grip deg og held deg fast. Du veit ikkje kva som skjer, berre at noko er i ferd med å skje. Noko i lufta, noko i vinden, i naturen. Teikn vi ikkje ser, men kjenner på kroppen. Noko som kjem gradvis, heilt til det kjem plutseleg. Og når det først kjem, er det altomfattande.

Ei bok som er så godt skrive at eg kjenner eg er til stades, kjenner stemninga, og merkar uroa.

Den gir ei kjensle av at noko er i emning. Noko er på veg. Sakte, så plutseleg. Eit slags profetisk bodskap som blir bekrefta dag for dag i tida vi lev i.

Ei vakker og skremmande bok.

Fin omtale i The Guardian.

Bok eg har lest i sommar: 22. juli og alle dagene etterpå av Tonje Brenna

Eg leste boka til Tonje Brenna i dagane etter tiårsmarkeringa for 22 juli. Boka er direkte og rett fram. Klår og tydeleg.

Ho legg ingenting imellom, og har ikkje behov for å verken dempe eller overdrive det forferdelege ho opplevde. Ho seier det som det er, og det er det som trengst.

Ho snakkar klårt og tydeleg om Frp, Listhaug og alle haldningane som til saman har skapt den skrudde, indre verda til terroristen.

Det er ingen grunn til å vere naiv. Rasismen lever og blir forsterka gjennom alle talerøra sine.

Brenna formulerer presist kva Frp eigentleg handlar om:

“Målet er mer konflikt, å sette grupper opp mot hverandre, å få oppmerksomhet og oppslutning gjennom å provosere. Helst gjennom å dyrke fremmedfrykten og å understreke at det finnes et oss og et dem. Deres politiske prosjekt er å stenge noen ute, for å få dem som er inne til å føle seg bedre.”

Tonje Brenna

Vi må vere på vakt mot alle som snakkar om oss og dei.

Arbeidsflyten min per i dag

Eg skriv om arbeidsmetodane mine med ujamne mellomrom. På den måten er det lettare å hugse det som funkar, før eg byttar det ut med noko nytt.

Så her er dei verktøya eg brukar no, sånn omtrent i rekkefølge.

Eg startar alltid dagen med ein god penn og ei god notatbok. Eg likar Micron-pennane frå Sakura og notatbøkene frå Dingbats. Eg teiknar og skriv om kvarandre, inspirert av Mike Rohde sine Sketchnotes.

Når eg skal over til digitalt likar eg å bruke Drafts, fordi det er kjapt, enkelt og ekstremt effektivt. Eit skikkeleg godt verktøy.

Sidan eg likar å tenke visuelt (det er difor eg teiknar så mykje) likar eg å bruke tankekart for å samle tankar og idéar og utforme dei. Her er Mindnode suverent, sidan det er både effektivt og estetisk. Eg estetikk har eg sansen for. Med Mindnode kan eg forvandle eit tankekart til kva som helst. Eg har skrive heile rapportar i Mindnode, frå eit lite tankekart til eit konglomerat av idéar.

Alt eg finn på nettet lagrar eg i DEVONthink. Då veit eg at eg finn det igjen. Sidan det fungerer på Mac og iPad (alle verktøya mine må det) så kan eg ligge i sofaen og lese og notere med iPad og penn.

Etterkvart som eg samlar kunnskap og notater så sorterer eg alt i Airtable. Det er eit estetisk vakkert databaseprogram, utruleg nok. Det er gøy å jobbe i Airtable. Eg har ein database for alt i livet mitt no.

Så går det i ein slags runddans mellom desse appane, der eg lagar tankekart, eksporterer som Markdown og får ut eit fiks ferdig dokument i Drafts, kanskje derifrå til Google Docs, og så kanskje tilbake i Airtable og Mindnode.

Eg kan flytte på byggesteinane i prosessen undervegs, og eg jobbar i disposisjonen så lenge eg kan før eg flyttar teksten til eit skriveprogram for å kna den endelege versjonen ferdig.

Omtrent slik ser arbeidsflyten min ut i dag. Det kan hende den vil bli nokså uendra i lang tid, eller kanskje eg kjem til å hoppe på Obsidian-bølga, eller Notion. Tida vil vise.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén