Månad: september 2021

Å finne ting fram igjen – arbeidsflyt for dataarkiv

Eg treng ein plass der eg kan lagre alt det digitale materialet mitt. Alle filer som eg har jobba med og arkivmateriale eg treng. Ikkje bilder, for det har eg ein plass for. Men alt anna.

Eg brukte Evernote av og på i ti år, men no er tida er ute for Evernote for min del. På ein måte litt synd, fordi eg likte Evernote i si tid. Der kunne eg slenge inn alt av tekstar, bilder, lydfiler, så det nesten blei som ei digital minnebok. Men like ofte blei det berre ei bøtte full av crap der eg ikkje fann noko av det eg trengte.

Så no er det DEVONthink som har tatt over for min del. Eg har brukt DEVONthink massivt det siste halvåret, og det har blitt mitt definitive arkivsystem. Mac-versjonen av programmet ser ut som ein klassisk, litt tung Mac-app. Mange tannhjul og vindauge og knappar. På iPad derimot, er den meir fresh og lett.

Uansett er eg imponert over at eg kan slenge alt inni DEVONthink og finne det igjen. Kvar fil får ein eigen link, som eg kan legge inn som bokmerke i andre appar. Eg brukar Airtable, og har databasar over alle prosjekta mine. I Airtable kan eg putte inn ei lenke til ein kjeldereferanse i DEVONthink, og bli sendt rett til riktig side.

Lett å lagre ting, lett å finne ting fram igjen. Det er noko av den viktigaste jobben ei datamaskin skal gjere, sjølv om det ikkje alltid funkar slik. No trur eg DEVONthink er vegen å gå.

Bok eg har lest i haust – Artemis av Andy Weir

Spoiler alert.

Når du har eit plott som involverer eit drap på ein søkkrik nordmann, ei kenyansk maktsjuk vitskapskvinne, brasilianske mafiaskurkar og ein kul, muslimsk kvinneleg hovudperson som heiter Jazz, og all handlinga skjer på månen. Jo da. Da har du fanga interessa mi.

Artemis bryt med konvensjonar og kjem med små overraskingar heile vegen. Forteljaren er ikkje ein kvit amerikansk mann, men ei kvinne med saudiarabisk bakgrunn. Trygg på seg sjølv og brei i kjeften, i tillegg til at ho er på kant med lova og med moralske samfunnsnormer. Månekolonien er starta opp av eit kenyansk forretningsimperium. Og all handlinga foregår sjølvsagt i nær vektlaus tilstand.

Eit morsomt plot. Eg datt litt av på grunn alle dei tekniske detaljane, og historia blei verken heilt djup nok eller spanande nok for meg. Eg likte den førre boka til Andy Weir, The Martian, så eg er spent på å få lest den nyaste boka hans som kom i år, Project Hail Mary.

Ungdom, alderdom og visdom

Når du er ung, er visdomen å finne hjå dei eldre.

Når du blir gamal, er visdomen å finne hjå dei unge.

Val 2021

Eg stemmer for:

Rettferd

Fridom

Fordeling

Fellesskap

Folkestyre

Mangfald 

Klima


Eg stemmer mot:

Fattigdom

Framandforakt

Egoisme

Utanforskap

Klimafornekting

Skeivfordeling

I år har eg stemd på det partiet som jobbar for det eg er for, og mot det eg er mot. 

Bok eg har lest i haust: The Martian av Andy Weir

Då Barack Obama tipsa om den nyaste boka til Andy Weir på den mykje omtalte boklista si i år, Hail Mary Project, sette eg den på lista over bøker å lese i haust. Så langt har eg gode erfaringar med den lista. Sidan det var Andy Weir som skreiv The Martian, om astronauten som blir stranda aleine på Mars, tenkte eg å starte med den. Eg såg filmen The Martian i si tid, og den likte eg.

Eg likte boka desto betre. Dei intrikate tekniske detaljane gjer alt meir autentisk, sjølv om sjølve historia er heilt spinnvill. I tillegg til at alt føles ekte, er det iblanda masse humor og høg dramatikk. Det følest som at ein ekspedisjon til Mars kjem til å sjå omtrent sånn ut. Minst like spanande som filmen.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén