Eg treng ein plass der eg kan lagre alt det digitale materialet mitt. Alle filer som eg har jobba med og arkivmateriale eg treng. Ikkje bilder, for det har eg ein plass for. Men alt anna.

Eg brukte Evernote av og på i ti år, men no er tida er ute for Evernote for min del. På ein måte litt synd, fordi eg likte Evernote i si tid. Der kunne eg slenge inn alt av tekstar, bilder, lydfiler, så det nesten blei som ei digital minnebok. Men like ofte blei det berre ei bøtte full av crap der eg ikkje fann noko av det eg trengte.

Så no er det DEVONthink som har tatt over for min del. Eg har brukt DEVONthink massivt det siste halvåret, og det har blitt mitt definitive arkivsystem. Mac-versjonen av programmet ser ut som ein klassisk, litt tung Mac-app. Mange tannhjul og vindauge og knappar. På iPad derimot, er den meir fresh og lett.

Uansett er eg imponert over at eg kan slenge alt inni DEVONthink og finne det igjen. Kvar fil får ein eigen link, som eg kan legge inn som bokmerke i andre appar. Eg brukar Airtable, og har databasar over alle prosjekta mine. I Airtable kan eg putte inn ei lenke til ein kjeldereferanse i DEVONthink, og bli sendt rett til riktig side.

Lett å lagre ting, lett å finne ting fram igjen. Det er noko av den viktigaste jobben ei datamaskin skal gjere, sjølv om det ikkje alltid funkar slik. No trur eg DEVONthink er vegen å gå.