Månad: januar 2022

Snu bunken

Det digitale livet inneber ein uendeleg straum av nye ting. Det er ikkje meininga at vi skal stoppe opp og dvele. Vi skal finne nye ting, og dersom vi ikkje får lest det der og då, legg vi det i den stadig veksande bunken. Det kjem alltid nye nyheiter, så det er berre å fylle på.

Men det går an å gå mot straumen.

Det går an å vende vanen å konstant sjekke nye ting, og heller stoppe opp. Eg prøvar å innarbeide vanen med å snu den digitale bunken, og plukke ut det eg lagra først, ikkje det eg lagra sist.

Alle nye ting eg finn på nettet som er interessant, lagrar eg i Instapaper, og der kan eg sortere bunken etter «Oldest saved». Då kjem det ofte mykje interessant til syne.

Rett som det er finn eg ut at det var ein god grunn til at eg lagra artiklane eg hadde gløymd at eg hadde tenkt å lese.

Bok eg har lest i vinter – Hail Mary Project av Andy Weir

Hail Mary Project er den nyaste boka til Andy Weir, som eg kom over via boklista til ein erfaren lesar med internasjonal erfaring. Eg leste dei to føregåande bøkene av Weir, nemleg The Martian (kjempebra), og Artemis, (nokså bra). Denne hamnar ein stad midt imellom. Det er science fiction med masse science. Framstår ganske truverdig, samtidig fullstendig far out – i bokstaveleg forstand.

Weir har interessante betraktningar om korleis andre livsformer kan sjå ut, tatt i betraktning at dei trass alt lever under dei same grunnleggjande fysiske lovene, og er bygd opp av dei same grunnstoffa som oss. Og så er det ein del humor, i kjent Andy Weir-stil. Ei kul, interessant og vittig bok. Tidvis ganske spanande, men no trur eg at eg foreløpig er nokså metta på science fiction.

Ein lærar treng å lære

Eg synest det er veldig spesielt når folk skryt av eigen uvitenheit. I alle fall når dei gjer det i ein offentleg kronikk, og enda meir når dei stiller opp på Dagsnytt 18 for å avsløre det enda meir.

Kronikkforfattaren er lærar på Oslo aust, noko som skal gi ei slags fjær i hatten og gi kredibilitet når det er snakk om rasisme. Det funkar ikkje.

Kronikken i seg sjølv er pinleg lesnad.

Det virkar som det ikkje går an å påpeike rasisme i Norge utan at nokon dreg “woke”-kortet. Det har blitt ein beleilig hersketeknikk å kansellere antirasistiske standpunkt ved å vise til det evinnelege woke-spøkelset.


Den slitte klisjéen “Norge er ikkje USA” dukkar óg opp. Den har eg høyrt før.

Meir skremmande blir det når Anne Herre Bisgaard omtalar antirasistisk arbeid nesten som om det var ein epidemi. «Vi lever i et samfunn der woke-bevegelsen, med sin kamp mot skjult rasisme og hvite privilegier strømmer gjennom sosiale medier og rett inn i klasserommene våre

Motdebattantane i studio, Edvard Botterli Udnæs og Nancy Herz er kloke og tålmodige. Meir tålmodige enn det eg hadde vore. Eg hadde berre sagt: kom deg heim og les deg opp! Start med å lese denne, denne, denne, denne eller denne. Det vil du og elevane dine nyte godt av.

Blanke ark

Ingenting symboliserer ein ny start på eit nytt år meir enn det å åpne ein splitter ny almannak. Denne veka kom almanakken for 2022 i posten. Min favorittalmanakk frå Hobonichi, ein produsent i Japan, kjøpt på butikken Lush Dive på Grünerløkka. Eg har brukt desse Hobonichi-almanakkane i nokre år no. Det har blitt ei vane å avslutte dagen med nokre teikningar og ord, og eg kan sjå tilbake på minst eit par år med daglege små teikningar og notat.

Noko av det beste med å starte på eit nytt år er å starte på ei ny bok, med fine, blanke ark.

Eit år

Eitt år har gått sidan eg starta denne bloggen. Eg starta den fordi eg ville skrive ned ting eg tenkjer på, og la dei bli ståande. Skrive, dele, og skrive meir. Tekstane eig eg sjølv, og eg skriv like mykje for meg sjølv som for andre.

Tankar som ikkje blir skrivne ned blir borte for alltid. Nedskrivne tankar blir óg borte, om det ikkje blir gjort tilgjengeleg for andre. Så her finst nokre av mine eigenproduserte tankar for dei som måtte vere interessert.

Eg starta med eit mål om å leggje ut tekstar dagleg. Det har ikkje skjedd, men det gjer ikkje så mykje. Eg har aldri publisert så mykje i mitt liv som eg har gjort dei siste tolv månadene.

Eg har skrive for å ta vare på interessante tankar, tips og idéar som kan kome til nytte, enten for andre eller for meg sjølv. Mange av dei gode råda mine treng eg sjølv å bli mint på.

Det som er sikkert er at denne bloggen har blitt meir enn eit eksperiment. Eg kjem til å halde på vidare. Om nokon les dette eller ikkje, så har eg skrive det, og det blir ståande.

Om det er meg eller nokon andre som kjem til å lese dette om ti eller tretti år, kan eg i alle fall seie – det var omtrent dette eg hadde i tankane i skrivande stund, i starten av januar 2022.

Ting eg ikkje visste før desember 2021

Før desember 2021 visste eg mindre om el-gitarar enn eg gjer no. No har eg oversikt over dei fleste el-gitartypane. Eg fekk låne ein el-gitar i desember. Ein Epiphone Casino. Den visste eg lite om. Men så viste det seg at både John, Paul og George spelte på ein Epiphone Casino. Eg visste ikkje at Epiphone er eit bra gitarmerke, som er eigd av Gibson. Eg visste ikkje at det finst noko som heiter P90-pickups, og at denne gitaren har det. Eg kunne ikkje spele Get Back eller Don’t Let Me Down eller I’ve Got a Feeling. 

Alt dette lærte eg i desember 2021. 

Mål

Her er 22 forslag til mål for 2022.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén