Det digitale livet inneber ein uendeleg straum av nye ting. Det er ikkje meininga at vi skal stoppe opp og dvele. Vi skal finne nye ting, og dersom vi ikkje får lest det der og då, legg vi det i den stadig veksande bunken. Det kjem alltid nye nyheiter, så det er berre å fylle på.

Men det går an å gå mot straumen.

Det går an å vende vanen å konstant sjekke nye ting, og heller stoppe opp. Eg prøvar å innarbeide vanen med å snu den digitale bunken, og plukke ut det eg lagra først, ikkje det eg lagra sist.

Alle nye ting eg finn på nettet som er interessant, lagrar eg i Instapaper, og der kan eg sortere bunken etter «Oldest saved». Då kjem det ofte mykje interessant til syne.

Rett som det er finn eg ut at det var ein god grunn til at eg lagra artiklane eg hadde gløymd at eg hadde tenkt å lese.