Månad: mars 2022

Penn og papir

Det er viktig å unne seg små gleder i desse tider. Ei av desse gledene er ei god notatbok og ein god penn. 

I mitt tilfelle er det ein Dingbats notatbok med deilig, mjukt og godt papir, og ein fyldig og tydeleg Micron penn. Begge kan kjøpast på den fantastiske butikken Lush Dive på Grünerløkka. 

Litt kvar dag

Små skritt, det er vegen å gå. Heller fokusere på å komme bittelitt lenger kvar dag enn å glane mot eit fjernt mål. Heller la seg motivere av å vere på veg enn av å ikkje vere framme. 

Litt kvar dag blir ikkje mykje i dag, men det blir mykje i lengda. Og før ein veit ordet av det, har ein fått til noko bra.

Som Ryan Holiday seier det:

«Forget outcomes. Focus on making a little progress every day.»

Litt kvar dag. Jevnt og trutt. Over lang tid. Då skjer det ting.

«Creating anything of consequence or magnitude requires deliberate, incremental and consistent work. One gain per day. That’s it. Focus on that.»

Historie

Eg har funne mykje glede i kanalen History Matters dei siste dagane. Dei har massevis av korte, animerte videoasnuttar som tar for seg eit eller anna spørsmål frå verdshistoria. Veldig mykje info på tre minutt, og veldig underhaldande. Verdshistoria er så omfattande og kompleks at det ikkje er mogleg å kunne alt, difor er det bra å kunne ta inn små, konsentrerte dosar. Nokre ting går igjen: mannfolk og erobring. Autoritære, ekspansive supermakter er ikkje noko nytt. Heller ikkje eineveldige herskarar. Men det er ikkje alltid dei får det som dei vil. For eksempel har ikkje USA fått lov til å kjøpe Grønland, sjølv om dei har spurt opptil fleire gonger. 

Nyheiter 

I går såg eg den første ordinære nyheitssendinga på nesten ei veke. Eg har ikkje vore innom nettaviser eller nyheitsnettstader på lenge. Ikkje NRK, ikkje VG, ikkje Guardian. 

Frå starten av krigen følgde eg utviklinga intenst. Sjekka alt ustanseleg. Aviser, TV, radio. Klarte ikkje å tenkje på noko anna. I takt med at engstelsen, søvnløysa og hjelpeløysa voks, innsåg eg at eg måtte stoppe opp. 

Eg hjelp ingen ved å sitje og glo på skjermen og følge krigen minutt for minutt. No sørger eg i staden for å halde meg informert, ikkje halde meg løpande orientert. 

Det som faktisk kan hjelpe er å donere til arbeidet med flyktningar. 

Ei ny tid 

Med eitt føltes alle bøker utdaterte, alle framtidsplanar irrelevante, alle draumar utopiske. Åra før 2020-talet føles som ei heilt anna tid. Ei tid som ikkje finst meir. Det var ei tid då det virka som verda ville bli ståande ei god stund til.

I dag føles det veldig lenge sidan nyttårsaftan 2019. I dag føles det som å leve på lånt tid.

I morgon vil det kanskje vere annleis. Ein ny dag blir det i alle fall.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén