No ser det ut som eg skal skrive om ølbrygging, men dette handlar altså om programvare.
Eg har kome over mykje gull i jakta på det perfekte datasystemet. Det er dyktige folk der ute som lagar kvalitetsprogram for Mac og iOS. Koblinga av estetikk og funksjonalitet, det er målet dei beste strebar etter.
Drafts
Drafts er alt muleg-programmet mitt. Alt av tekst havnar der først. Alt frå huskelappar og handlelister til dikt, dagbøker, omfattande rapportar, database og tekstarkiv. Eg kan bruke det til alt. Det er ufatteleg kjapt å komme i gang med, og det er uendeleg mykje ein kan gjere med det. Drafts har vore grunnmuren i tekstbehandlinga mi lenge. I tillegg til å vere ein superkjapp og enkel måte å notere ned tekst på, er Drafts eit kraftig verktøy for tekstbehandling og filorganisering.
Eg har eg brukt Drafts som eit oversiktsbord. Eg kan linke saman notater, lage arbeidsområder og prosjektdokument der alt er kobla saman og eg kan finne fram kjapt. Alt er tekstbasert og genialt enkelt og nedstrippa. Eg kunne kanskje ha klart meg med Drafts. Men eg har iblant sakna noko litt meir visuelt. Då kom eg over Craft.
Craft
Craft er eit vakkert program. Smidig, oversiktleg, visuelt og det gjer all informasjonen min lett tilgjengeleg. Craft er eit oversiktsbord, der eg lett kan finne fram til alt eg treng av informasjon. Alt kan linkast saman med alt, og det fungerer like bra på Mac, telefon og iPad. Eg likar programvare som, i tillegg til å vere kraftig og funksjonell, I tillegg er pent og gøy og innbydande å bruke.
Craft fungerer no som dashbordet mitt der eg kan å få oversikt og klikke meg vidare til andre ting eg jobbar med. Herifrå kan eg koble meg kjapt vidare til Airtable, DEVONthink, Google docs, Drafts eller kva anna det måtte vere. Det er estetisk, oversiktleg, multifunksjonelt og enkelt å bruke. Programvare på sitt beste.
Eg er likevel ikkje heilt einig med meg sjølv om når det er best å bruke kjappe, tekstbaserte Drafts og når det er best å bruke vakre, visuelle Craft. Det skal eg etterkvart finne ut av.
Legg att eit svar