Månad: mai 2022

Brasiliansk musikk til folket

Brasiliansk musikk har vore ein viktig del av livet mitt sidan tenåra. Mitt inntrykk er at dei fleste her til lands ikkje veit så veldig mykje om brasiliansk musikk, sjølv ikkje dei som kan veldig mykje om musikk. Unntaka er folk som enten er frå Brasil sjølve, eller kjenner språket og landet veldig godt.

Dette er jo ikkje rart, i og med at folk ikkje blir eksponert for musikken, ikkje forstår språket og ikkje kjenner alle historiene bak. Difor blei eg glad for å sjå videoen «How Brazil´s Music Hid Protest Inside Harmony» med den svært dyktige amerikanske musikk-youtubaren Chris Cornell. Han har verkeleg brukt tid på å setje seg ordentleg inn i musikken og historia bak, og presenterer det med ein intelligent og smakfull innpakning.

Chico Buarque er ein av mine absolutte favorittar, og låta Construção er ein av mine favorittlåtar. Det enkle, samtidig ekstremt komplekse gitarspelet er genialt. Det er veldig imponerande å få historien til Chico Buarque og denne låta forklart og gått gjennom på denne måten. Det var fleire ting her eg ikkje visste, blant anna at blåserekka imiterer trafikkstøy.

«One of the most impactful pieces of songwriting I’ve ever seen»

Brasils svar på Bob Dylan, John Lennon og Paul McCartney kan gjerne kome meir fram i lyset.

Superkrefter ved eit tastetrykk

Eitt av dei programma eg verkeleg er avhengig av er TextExpander. Det gjer slik at eigendefinerte tekstforkortingar blir utvida automatisk, slik at eg til dømes kan taste mi eiga forkorting «åmd» og så skriv Macen (eller iPaden eller telefonen) dagens dato, klokkeslett, vekenummer heilt av seg sjølv, fordi eg har programmert det på førehand. Eg trenger ikkje å skrive «med vennleg helsing», men «mmvh» og så kjem resten av seg sjølv. Det kjennest litt magisk.

Det er så effektivt at eg iblant gløymer kor effektivt det faktisk kan vere, slik at eg tastar ting av gamal vane som eg enkelt kunne ha forkorta. Eg treng ikkje å skrive telefonnummeret mitt, adressa mi, e-postadressa mi, for eg har forkortingar for alt saman. Likevel gløymer eg meg iblant. Eg må innimellom gå gjennom og finne forkortingar for tinga eg ofte skriv, for eg veit at eg sparer mykje tid og kjedeleg tasting i lengda.

Når datamaskina kan automatisere, så er det ingen vits å ikkje benytte seg av det. Eg prøvar å ikkje la min eigen sløvheit og gamle vanar stå i vegen for at datamaskina sine superkrefter kan hjelpe til i kvardagen.

Bok eg har lest i vår – 4000 uker av Oliver Burkman

Eg hadde høyrt såpass mykje om denne boka, så eg måtte lese den. Tittelen er interessant. Den viser til kor mange veker vi som menneske kan rekne med å få oppleve i livet, i snitt. Boka handlar mykje om å leve no, om å ikkje strebe etter perfeksjon, men erkjenne at det ikkje er nokon vits å gå rundt og stresse.

Det er ei god bok, og eg likar premisset for boka. Likevel likte eg enda betre måten det blir forklart på her, der dei viser ein plansje over livet i veker, på éi side. Poenget er det same. Livet er kort og dyrebart.

Ein fin plass på nettet

Ein av favorittplassane mine på nettet har tatt permisjon på ubestemt tid. 

Når eg treng å bli inspirert – og ikkje deprimert – av det eg finn på nettet, så har eg aldri blitt skuffa av kottke.org. Det har eg mange gode erfaringar med. 

Jason Kottke deler det han blir fascinert av, og eg deler som regel fascinasjonen. Nettsida er ei gjennomtenkt, nøye utvald samling av tekst og bilder som viser kor flott og rar verda kan vere.

No har han tatt pause frå nettsida si. Eg håpar han brukar permisjonen godt, og at kjem sterkare og meir inspirert tilbake. Eg kjem til å sakne denne sida.

Bok eg har lest i vår – Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård

Knausgård skriv heilt fantastisk bra, det gjer han. Og så skriv han unekteleg ganske lange bøker. Morgenstjernen er lang og tettpakka, men fengslande. Så lenge eg les kjapt, går det.

Eg blir nokså bergtatt av måten Knausgård skriv på. Alle personane i boka kjennest virkelege, som om dei skriv om seg sjølve. Og det er det som gjer det ubehageleg å lese. Eg sit heile tida med ei snikande kjensla av at det er noko som ikkje stemmer. Og det stemmer jo.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén