Månad: mars 2023

Kottke 25

Jason Kottke si nettside og blogg er ein av mine store favorittar. Han starta nettsida Kottke.org i 1998, og 25 år er veldig lenge i nettsamanheng. Sjølv oppdaga eg bloggen for eit par år sidan, og eg har blitt ein stor fan. Det eg diggar med han er den uovertrufne teften hans for å finne forunderlege fenomen som viser verdas vidunder. Eg deler verdssynet hans. Verda er vidunderleg.

Her står www både for World Wide Web, og What a Wonderful World.

Alle pratar om AI

Eller kanskje dei eigentleg ikkje gjer det. Eg høyrer at folk pratar om AI på podcastar og youtube, men eg veit ikkje kor mange rundt meg som eigentleg er så opptatt av kva som skjer. Uansett om ein er interessert i AI eller ikkje, er eg sikker på at det kjem til å endre samfunnet på måtar vi ikkje greier å ta inn over oss.

Eg høyrde på New York Times sin tech-podcast Hard Fork her om dagen. Dei pratar om nye GPT4, og sjølv om dei er garva tech-journalistar, har dei bakoversveis. Denne roboten har bestått eksamen i jus. Den har hyra folk til å gjere oppgåver for seg, og lurt dei til å tru at dei kommuniserer med ein ekte person som treng hjelp. Og mange andre ting som var utenkjelege for litt sidan.

Dette er altså den nye normalen, men det føles alt anna enn normalt. Slik er det vel å stå midt i eit teknologisk paradigmeskifte.

2023 så langt

Eg begynte på denne posten rundt midten av mars, og før eg visste ordet av det var vi tre fjerdedelar uti. Heilt til no har eg følt at vi såvidt er i gang med det nye året. Men uavhengig av kva eg føler, går året ufortrødent vidare.

Så kva har eg fylt tida mi med i år?

Eg held på å lese ei flott, svær bok som heiter An Immense World av Ed Yong. Boka har dukka opp på fleire av listene over fjorårets beste bøker, så da bestilte eg den på Deichman. Eg bestilte riktignok alle dei andre bøkene eg fekk tak i frå desse boklistene i tillegg. Dei fleste har blitt liggande i stabelen av bøker heilt til eg får purring. Men eg likar denne boka. Eg synest det er viktig å vise kor fantastisk planeten er, og denne boka får til det. Det er som å lese ein science fiction-roman, berre at den handlar om heilt ekte dyr som faktisk finst, og som opplever verda på ufatteleg mange rare måtar som vi menneske ikkje heilt kan forstå. Eg visste for eksempel ikkje at det finst så mange fargar som berre dyr kan sjå. Boka får skryt av meg.

Eg har også fått meir og meir sansen for Stephen Fry. Eg las (eller høyrde på) Mythos, ei gjenfortelling av gresk mytologi fortalt av forfattaren sjølv. Eg brukte lang tid på den, men den har gitt meg gode minner frå bilturar gjennom eit endelaust, frodig og rullande landskap på Madagaskar akkompagnert av forteljingar om greske gudar, fortald av makelause Fry. For tida høyrer eg på opplesinga hans av Sherlock Holmes-bøkene. Mannen har eit heilt ensemble av skodespelarar innabords. Og for nokre fascinerande bøker det er.

Eg har fått fornya entusiasmen min for Pat Metheny. Eg har oppdaga plata hans frå 2020, From This Place, med den aldeles flotte tittellåta som eg prøvar å lære meg på gitar. Eg følger óg tett med på MARO, som held på å gi ut EP, og slepp nydelege låtar som perler på ei snor.

Eg har venta lenge på denne våren. Sjølv om isen ikkje er tint, merkar eg sola kjem, og det trengs.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén