Det er sommar, enn så lenge, og nattbordet mitt har tidvis vore stabla fullt av bøker eg held på å lese. Som sagt før så er eg ikkje flau over å låne masse bøker, sjølv om eg ikkje rekk å lese dei ferdig. Så lenge vi har offentlege bibliotek, må dei brukast, tenker no eg.

Med jamne mellomrom trålar eg gjennom diverse lister og anbefalingar for å finne bøker, alltid på jakt etter store leseopplevingar. Her er nokre av bøkene eg har lånt, lest, gitt opp eller digga.

An Immense World av Ed Yong. Eg sto på venteliste, lånte den og likte den. Blei ikkje ferdig, lånte den på nytt, blei ikkje ferdig, sto på venteliste, osv. Vurderer om eg skal sette den på venteliste igjen, men det er ikkje så lett med bøker det tar lang tid å komme gjennom.

The Dawn of Everything, A New History of Humanity av David Graeber og David Wengrow. Her sto eg óg på venteliste, leste ikkje ferdig, leverte den inn igjen, lånte den på nytt. Den er lang, men den er kjempebra. Men det er ikkje ein page-turner akkurat, så det kan hende den er for lang til at eg rekk å komme gjennom.

Tomorrow, and tomorrow, and tomorrow av Gabrielle Zevin. Den skulle visstnok vere kjempebra. Den sto på fleire lister over bøker som skulle vere bra. Og den har eit skikkeleg kult cover. Men innhaldet fenga ikkje nok.

Spare av Prince Harry. Den leste eg. Heile greia. Eg overraska meg sjølv litt der, men det som gjorde at eg lånte boka var eit veldig fascinerande intervju med ghost writeren hans.

Seven Habits of Highly Effective People av Stephen Covey. Dette er ein klassikar som har inspirert mange, virkar det som, så den har eg på lista.

The Wager av David Grann. Dette er årets bok så langt. Og for ei bok! Den fortener eit kapittel for seg, men kort fortalt er det ein slags historisk true crime, om eit engelsk skipsforlis ved kysten av Chile rundt 1740. Ei heilt vanvittig forteljing. Når slike bøker dukkar opp er det verdt leitinga.