I går var vi på konsert med MARO på Cosmopolite Scene på Torshov. MARO heiter eigentleg Mariana Secca og er frå Portugal. Eg oppdaga henne først på Tiny Desk Concerts der ho var vokalist for Jacob Collier. Sidan det har eg sett henne i ulike samanhenger, både solo og saman med andre. Under pandemien hadde ho ein serie på Youtube der ho lagde split-screen-framføringar saman med andre artistar. Som regel sang ho låtar laga av andre, saman med dei som hadde laga låtane. Eg oppdaga mange artistar på denne måten, og det var mange nydelege øyeblikk. Så kom låta Saudade, saudade, som ho framførte saman med ei gruppe songarar og gitaristar i noko som liknar ei kyrkje i Barcelona. Kort tid etter såg eg at den låta kom til å bli bidraget til Portugal i Eurovision.
MARO er ein sann artist med eit djupt talent, ein djup musikalitet som spenner vidt. Eg var spent på konserten, ikkje fordi eg ikkje visste kva eg kom til å høyre. Eg visste at ho skulle ha med to gitaristar frå Barcelona, og at det kom til å bli lågmælt og akustisk. Det eg var spent på var korleis det ville opplevast å høyre ein heil konsert med henne og med den besetninga. Om det ville bli for mykje av det same. Er ho sjenert og innadvent, som musikken?
Men, skulle det vise seg, MARO er verken sjenert eller innadvendt. Idet ho går på scena viser ho med heile seg at ho er genuint glad for å vere der, ho er genuint takksam og tar inn øyeblikket. Det er ikkje ein slik konsert der artistane går på, så spelar dei i eit kvarter utan å seie noko, og til slutt seier dei nokre innøvde ord. Nei, ho presenterer seg sjølv, og musikarane, med ein gong, og inviterer og inkluderer oss i publikum frå første stund. Ho nyt augneblinken, og ho nyt musikken som blir skapt der og då. Å høyre – oppleve – og sjå – henne live, gjer musikken enda meir organisk. Og å høyre settet, som består både av låtar frå det nyaste albumet – hortela – og eldre låtar, med den besetninga – det viser for meg kor stor låtskrivar ho er. Ho har allereie mange klassikarar, og har berre såvidt starta.
Musikken kan til tider vere innadvent, men ho er utadvent, morsom, engasjert.
Ein annan ting eg likar ved henne er at ho syng fleire låtar på brasiliansk portugisisk. Det er fint med ein portugisar som hyllar og hedrar det brasilianske på den måten ho gjer.
Eg var fan, no er eg superfan.
Legg att eit svar