I ei verd og ei tid som er mørk på så mange vis, var det ei velsigning å stå på Cosmopolite, to meter unna Lizz Wright og bandet hennar, og høyre den inderlege, djupe stemma hennar, ei stemme som inneheld alle klangane i verda. Ho sang flest songar frå det nyaste albumet sitt «Sparrow», men óg frå hennar rike katalog.
Ho gikk ikkje inn på detaljar om det som foregår i heimlandet hennar. Ho var meir opptatt av å skape ei magisk stund. Ho fortalde ei historie om orkanen ho opplevde som barn, og kva familien hennar gjorde. Det er noko vi alle må vere klar for å gjere i desse tider. Det dei gjorde var å førebu seg, beskytte seg, og etterpå bygde dei opp igjen det som var øydelagt, i fellesskap. Ho seier “it’s going to be all right”. Og når ekstranummeret var hennar heilt eigen versjon av “Amazing Grace” kunne eg begynne å tru på det.
Legg att eit svar