Kategori: diverse Page 2 of 4

Sjølvinnsikt

Eg er eigentleg ryddig, men eg gidd berre ikkje å rydde.

Høg på orden, låg på sjølvdisiplin.

Folk er fine

Eg diggar bloggen til Jason Kottke. Den er eit oppkome av fascinerande og engasjerande og morsomme artiklar, nøye plukka ut. Samtidig er det meir enn ei samling fun facts. Det er ei dybde i utvalet av tekstar, videoar og bilder som seier noko om det som er fint og fascinerande med folk. Som for eksempel ein rockelåt framført av 1000 bandmedlemmer på ein gong, og som lét overraskande fint. Eller om alle husa som er delt på midten i ein by i Tyskland. Eller ein gamal mann i Nederland som greier å parkere i ei veldig trang garasje. Eller som eg har skrive om før, det store tidsspennet eit menneskeliv kan favne.

Eg likar folk som er nysgjerrige på, og begeistra for, folk.

Syttende mai

Patrick Rhone er ein av dei bloggarane eg har størst sans for. Då er det litt stas når han skriv om 17. mai sett frå amerikansk side. Det er fascinerande, men ikkje så rart, at Syttende Mai har slått rot i USA. Oldefar feira sikkert 17. mai då han var der borte. Vår eigen grunnlov, og til og med vårt eige flagg, er sterkt inspirert av USA, frå den tida landet var ein inspirasjon til kamp for fridom og mot undertrykking. Vi er heldige i dette landet som kan feire vår fridom frå undertrykking, når det er så mange som ikkje kan det.

Livstips å følge

Eg skal prøve å gi meg sjølv enkle beskjedar.

Å verne meg frå scrolling

Ein av vanane eg held på å innarbeide handlar om å verne meg sjølv frå scrolling. Scrolling er djevelens verk. Det er den nye røykinga. I alle fall den nye zappinga. På 90-talet brukte eg mykje tid på zapping. Eg sat i sofaen og zappa mellom MTV og NRK eller SVT eller ein av dei andre, veldig få kanalane vi hadde. Eg zappa og zappa. I timesvis. Kanskje kom det noko interessant, kanskje ikkje. Eg lærte meg i alle fall greitt engelsk, og eg har grei kontroll på populærmusikken frå den tida. Stort anna av verdi kom det ikkje ut av det.

I dag er det ingen som bryr seg om zapping. No handlar det om scrolling. Scrolling på på Facebook. Instagram. Twitter. Alskens nyheitsnettsider. Scrolling og scrolling.

Facebook er i seg ei vonde, eit mektig og hensynslaust selskap som gjer alt for å halde folk fanga i det evinnelege sirkuset sitt. Facebook er bråkete og gir meg dårleg humør. Det kjennest iblant som ein gladiatorarena, full av slåssing og krangling.

Men iblant skjer det bra ting der. Nyttige, hyggelege ting. Interessante arrangement og merkedagar. Og det er jo trass alt der folk er å finne for tida. Men uansett kor hyggeleg det tidvis måtte vere der, blir eg fanga i nyheitsstraumen. Og det vil eg gjere noko med.

Slik temmer eg Facebook

Eg har sletta Facebook-appen. I staden har eg oppretta ein snarveg i Shortcuts som eg har kalla «Facebook» og lagra på heim-skjermen. Når eg trykker på den (eller påkallar den via Siri) kjem det fram ein meny. Der kan eg velje mellom bokmerker som fører meg akkurat dit eg skal på Facebook, utan å gå vegen om den slu nyheitsstraumen. Slik kan eg gå rett på familiegruppa, klassegruppa, eller andre oppdateringar som eg sjølv har vald ut. Alt for å unngå å sitje fast i hengemyra. Det å ikkje bruke appen er tryggare, og så gir det litt meir friksjon å bruke Facebook i nettlesaren. Det er litt meir tungvint, rett og slett. Og det er bra.

Eit anna tidssluk er alle nettsidene med nyheiter. Desse er óg laga for at folk skal henge der lengst mogleg. Både VG, Dagbladet, til og med NRK brukar alle triksa for at folk skal bli fanga i hamsterhjulet. Dei får betalt for det. Til og med hos Vårt Land kan eg rote meg vekk, og før eg veit ordet av det har det gått tjue minutt, og eg har havna på verdidebatt.no og les om kva Espen Ottosen meiner om ekteskapet som ramme for seksualitet. Slikt har eg ikkje tid til.

Slik temmer eg nyheitene

Eg brukar NetNewsWire for iPhone og iPad. NetNewsWire er ein RSS-lesar, men eg brukar den ikkje til å lese bloggane mine, der brukar eg Reeder, som eg har skrive om tidlegare. Eg går inn på NetNewsWire og veljer meg ut dei avisene eg trur eg kjem til å lese. Som regel er det berre å skrive URL-en, så kjem RSS-feeden opp. VG.no, for eksempel.

Fordelen med dette er at eg ikkje ser bilder, ikkje annonser, ikkje blinkande overskrifter. Eg får berre opp overskrift og ingress, så kan eg sjølv velje om det er vits i å klikke vidare, eller om det ser kjedeleg ut. Som oftast ser det kjedeleg ut.

Dersom det er noko eg faktisk vil lese, så kan eg klikke meg inn på sida, og kjapt klikke meg tilbake. Dersom det er noko eg vil lese seinare, lagrar eg det berre i Instapaper, så kan eg lese det når eg har tid.

Eg har ikkje blitt kvitt all scrollinga i livet mitt, men eg gjer stadig framgang. Eg brukar framleis Instagram, men det tenker eg er greitt. Twitter har eg rett og slett slutta å sjekke.

Ved å temme scrollinga frigjer eg mykje tid. Og den tida kan eg bruke til å lage ting og skrive ting, slik som denne bloggen.

Det perfekte verktøyet

Jakta på det perfekte oppgåvesystemet er ein slags heilag gral. Eg har brukt lang tid på å finne dei beste metodane, systema og programma, slik at eg kan bli produktiv. Så stoppar det gjerne opp når eg innser at det er eg som må gjere gjeremåla, programmet gjer dei ikkje for meg.

Brent Simmons seier at det perfekte oppgåvesystemet er ein illusjon, og det har han nok rett i.

Here’s what you need to know: it’s a mirage…. There’s no getting out of this fact: these apps are all going to take more constant input from you than you’d wish for. They don’t take away the need for some amount of self-discipline to use them effectively.

Brent simmons

Eg likar å finne nye måtar å gjere ting på. Eg likar det kanskje litt for godt. Eg har brukt mykje tid på å sjekke ut, lese om, teste ut og fikle med programvare for å gjere oppgåver. Tid som i og for seg kunne ha blitt brukt til å faktisk gjere oppgåvene.

Men så har eg jo plukka opp ein heil del gjennom alle åra med utforsking av alt mogleg innan produktivitet og teknologi. Etter at eg kom over Merlin Mann og nettsida hans 43folders tilbake i 2006, oppdaga eg eit herleg univers av nerdar og geni. Merlin Mann bygde vidare på David Allens metodikk Getting Things Done (GTD), som blei startskotet for ein heil jungel av appar, bøker og podcasts, blant anna Mac Power Users, som eg har høyrt på sidan starten i 2009. Eg skaffa meg Omnifocus då det kom ut rundt same tid, men abonnementet blei til slutt for kostbart, så eg testa ut billigare løysingar, som blant anna Todoist.

Gjennom Setapp-abonnementet mitt testar eg no ut 2do og Noteplan 3. Eg har også vore innom Taskpaper, og ikkje minst Things, som eg likar godt, og nok kjem til å lande på.

I tillegg kan eg nemne at eg brukar eit analogt system inspirert av Bullet Journal, med gode pennar og fine notatbøker, men det får eg heller skrive om ein annan gong.

I bunn og grunn handlar det ikkje om å finne det perfekte programmet, men å skaffe seg gode rutinar og vanar for å få ting gjort i det daglege. Så der har eg ein del å jobbe med. I mellomtida er det gøy å teste ut nye verktøy. Og det er eigentleg heilt greitt.

Handskrift i skulen

NRK skriv om den usikre framtida til handskrifta. Det er dei ikkje aleine om, og heller ikkje først ute med. Det har blitt publisert bekymra artiklar om handskrifta i over sytti år.

Det hender eg les argument som går i retning av at iPad i skulen kan vere skadeleg for handskrifta. Det stussar eg over, all den tid iPad berre har blitt brukt i skulen i fire-fem år.

Dersom eg hadde samla ei gruppe menn på min alder i eit rom og fått dei til å skrive namnet sitt, er eg ganske sikker på at mange av namna ville ha vore vanskelege å lese. Til skilnad frå foreldregenerasjonen vår, blir det mange kråketær når menn i førtiåra skal skrive for hand. Vi lærte å skrive tidleg på 80-talet, tretti år før iPad kom. Likevel blir trusselen mot handskrifta brukt som argument mot iPad i skulen.

Men når var det eigentleg vi slutta å lære å skrive for hand?

Opplæringa i handskrift har i praksis vore nedprioritert i norsk skule sidan 70-talet. Etter at mønsterplanen i 1974 tok vekk handskrift som eige fag, har det stort sett gått jamnt nedover.

Hjelp det med mengdetrening i handskrift når ein ikkje har lært ordentleg å skrive for hand? Gjennom heile skulen skreiv vi alt for hand. Betyr det at vi fekk fin handskrift? Neppe. Det er berre innbilning at handskrifta vil bli betre dersom iPaden blir fjerna frå skulen. Dersom elevane ikkje får lært å skrive ordentleg for hand, nyttar det ikkje å legge vekk tastaturet. Det blir berre fleire ark med dårleg handskrift som læraren må tyde.

I artikkelen blir det sagt at ungane lærer meir ved å skrive for hand enn å skrive på tastatur. Eg veit ikkje om det er så enkelt. Ei nyare studie indikerer at når ein likevel berre skriv akkurat det læraren seier, hjelp det kanskje ikkje så mykje å skrive for hand.

Det som derimot kan verkeleg kan gi stor effekt, er ein tredje metode, nemleg å notere med teikningar. Studier viser at det gir bra effekt. Eg har lenge brukt ein metode som heiter sketchnotes, som er ei blanding av skrift og teikningar. For meg er dette den desidert beste måten å lære på.

Så kva er løysinga heller enn å fjerne nyt teknologi som iPad frå skulen? Eg trur det er å innføre ordentleg opplæring i handskrift, og det finst enkle metodar for dette. Elevane må lære å notere visuelt med tekst og teikningar. I staden for å ta bort nettbrettet, kan skulen gi elevane digitale pennar som hjelpe dei til å lære å teikne og forme bokstavar. Det finst fantastisk programvare for kreativ utforming på iPad, slik som Procreate, Sketchbook og Adobe Fresco.

Skepsisen til skjerm i skulen er ganske valdsam, og argumentasjonen er ofte så som så. Det viser seg at det handlar meir om dårleg implementering enn om plattformen i seg sjølv. Det er jo ingen motsetjing mellom å bruke analoge og digitale verktøy. Det går fint an å bruke begge. Det er betre å ta tak i nedprioriteringa av kunst og handverk i skulen, og å bygge ut biblioteka slik at ungane får lest bøker.

Dei som vil hindre at ungane får tilgang på den beste teknologien for læring, bør ha gode argument. At det skal stå mellom iPad og handskrift i skulen er ikkje eit slikt argument. Og dette kjem frå ein som er over snittet opptatt av handskrift.

Skjønnskrift

For ein del år sidan fann eg ut at eg vil gjere noko med handskrifta mi. Eg har hatt interesse for skjønnskrift i alle år, men sidan opplæringa i handskrift hadde dabba av lenge før eg begynte på skulen, lærte eg det aldri ordentleg. Eg kunne likevel skrive sånn passeleg fint, sidan eg hadde interesse for det.

Til slutt kom eg til eit punkt der eg ville lære meg handskrift på ordentleg. Eg kom over nettsida til ein islandsk kalligraf som heiter Gunnlaugur SE Briem. Der har han lagt ut eit omfattande kurs i handskrift som han kallar Handwriting Repair. Metoden er basert på italiensk kursiv og er såpass enkel at dei fleste kan lære den berre dei set av litt tid. Denne boka har danna grunnlaget for den handskrifta eg brukar i dag. Det heile startar med eit sikksakkmønster.

Nettsida til Briem er proppfull av ressursar. Alt er åpent, tilgjengeleg og kan lastast ned gratis. Det gjer meg glad at det finst så dyktige folk der ute som villig deler kunnskapen sin med oss andre.

Levande tankekart

Eg har tenkt ei stund på å skrive om digitale tankekart og korleis eg brukar dei, men eg har lurt på om det blir for omfattande og smalt. No har Mac-guruen Brett Terpstra imidlertid allereie skrive fyldig om akkurat dette, så da kan eg eigentleg berre henvise dit for den fulle forklaringa.

Eg brukar digitale tankekart til mange ting. Både til idémyldring, til å jobbe med disposisjon og til sjølve skrivinga.

I Mindnode går det an å lage svære og fine kart som eg kan flytte rundt på og forandre som eg vil, medan eg byttar på å jobbe på iPad, iPhone og Mac. På Mac kan eg bruke Marked til å forvandle kartet til eit dokument som eg kan sjå på samtidig som eg jobbar vidare med kartet.

Eg har skrive lange tekstar og rapportar på denne måten. Alt startar som eit dynamisk tankekart, der eg kan flytte rundt på boblene i kartet slik eg vil. Kvar boble blir til ei overskrift, og det går an å legge tekst inn i dei ulike boblene. På den måten kan eg skrive dokumentet nesten heilt ferdig i Mindnode. Til slutt eksporterer eg tankekartet som rein tekst, ferdig formatert i Markdown, og åpnar i Drafts, der det kan fortsette livet sitt som eit dokument.

Maskinskriving

Ungane spurte meg her om dagen om kva eg har fått mest bruk for av det eg lærte på skulen.

Det var eit veldig godt spørsmål.

Det er nemleg ikkje så lett å sette fingeren på noko eg faktisk har fått bruk for. Neppe divisjonsoppstilling på rutepapir. Ein ting som eg derimot har fått bruk for er korleis bruke trykkblyant for å skrive notar på linjert notepapir.

Svaret på kva eg har fått aller mest bruk for av det eg lærte på skulen, er enkelt. Det er nemleg eitt fag eg har brukt desidert mest av alle; valfaget eg tok i 8. klasse på Gulset ungdomsskole.

Faget heitte maskinskriving, og etter at eg lærte meg touch-metoden på ei gamal skrivemaskin har eg brukt metoden kvar dag. Livet mitt ville ha vore svært annleis utan. Omtrent like nyttig som svømming. Som for øvrig er ein annan ting eg har fått bruk for, når eg tenker meg om.

Page 2 of 4

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén