Kategori: folk

Bursdag

Det er stas å ha bursdag. Det er summen av alle dei mange, små helsingane og øyeblikka som gjer at eg får ei kjensle av at eg surfar på ei bølge av velvilje. Det er ikkje gåver, eller at folk nødvendigvis har gjort seg så voldsomt flid med ting, det er alle dei fine smila som til saman blir eit flott lappeteppe. Det er eigentleg litt vemodig at dagen er over, og at eg i morgon er ein heilt vanleg førtifemåring. 

Det minner meg om at eg skal følgje meir med på kven som har bursdag framover. Det er lite som skal til for å gjere dagen litt betre for nokon.

Ein fin plass på nettet

Ein av favorittplassane mine på nettet har tatt permisjon på ubestemt tid. 

Når eg treng å bli inspirert – og ikkje deprimert – av det eg finn på nettet, så har eg aldri blitt skuffa av kottke.org. Det har eg mange gode erfaringar med. 

Jason Kottke deler det han blir fascinert av, og eg deler som regel fascinasjonen. Nettsida er ei gjennomtenkt, nøye utvald samling av tekst og bilder som viser kor flott og rar verda kan vere.

No har han tatt pause frå nettsida si. Eg håpar han brukar permisjonen godt, og at kjem sterkare og meir inspirert tilbake. Eg kjem til å sakne denne sida.

Bokhandelen i Texas

Ei inspirerande historie om eit par som starta ein bokhandel i Texas akkurat medan pandemien traff, fordi dei meiner bøker er viktige.

«Good things happen in bookstores. »

Ytring

Eg trur ikkje på at ytringsrommet har blitt trongare. Eg trur ikkje på noko «krenkehysteri», eller at ytringsfridomen er knebla av «woke-bevegelsen».

Det som skjer er at det kjem fleire slags folk inn på den offentlege debattarenaen. Og enkelte blir stressa av det. Spesielt når dei nye ikkje liknar på dei gamle.

Når ytringsrommet rommar fleire, blir det trangare for dei som tidlegare hadde einerett.

Det er ikkje ytringsrommet som har blitt mindre, det er fleire som har fått sleppe inn i det.

Då kjennest det trangt for dei som er vant til å ha all plassen for seg sjølv.

Folk er fine

Eg diggar bloggen til Jason Kottke. Den er eit oppkome av fascinerande og engasjerande og morsomme artiklar, nøye plukka ut. Samtidig er det meir enn ei samling fun facts. Det er ei dybde i utvalet av tekstar, videoar og bilder som seier noko om det som er fint og fascinerande med folk. Som for eksempel ein rockelåt framført av 1000 bandmedlemmer på ein gong, og som lét overraskande fint. Eller om alle husa som er delt på midten i ein by i Tyskland. Eller ein gamal mann i Nederland som greier å parkere i ei veldig trang garasje. Eller som eg har skrive om før, det store tidsspennet eit menneskeliv kan favne.

Eg likar folk som er nysgjerrige på, og begeistra for, folk.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén