Kategori: kreativitet

Utanfor algoritmane

Eg er ein sporadisk bloggar, men eg likar dette formatet, difor kjem eg til å halde fram med det. Eg likar tanken på at det eg skriv er mitt domene. Eg treng ikkje håpe på at ein eller annan sosial plattform held seg i live for å kunne lese dette om tjue år. (Kjipt for dei som satsa på Myspace i si tid.)

Simon Reynolds i The Guardian tenker på samme måten om blogging. “I’ll never stop blogging: it’s an itch I have to scratch – and I don’t care if it’s an outdated format”.

Eg likar blogosfæren. Den er full av smarte og intelligente folk som skriv og deler interessante ting, heile tida. Her er ei liste med 25 bloggar som kjem med ein garanti for at lesaren blir klokare. Eg treng ikkje nødvendigvis å bli klokare kvar gong eg les noko, men eg ser etter det som er spanande og interessant. Og det finn eg mykje av når eg ser utanfor allfarveien til algoritmene og dei store sosiale media. Det er mange interessante og inspirerande folk der ute, som skriv og publiserer heilt på eiga hand. Det burde fleire gjere.

Domestika

Ein måte å kome meg gjennom den tunge novembernatta har vore å utforske Domestika. Eg blir alltid inspirert av å bla gjennom den enorme katalogen, og eg har kjøpt eit nytt, kjempekult snekrekurs av Maderistica, som eg kanskje gjennomfører ein dag.

Tanketrådar

Eg vurderer å gå fullt inn i Obsidian. Eg har brukt Craft ein del, som eg har skrive om tidlegare, men eg merkar at eg ikkje brukar lenkjefunksjonen i Craft så mykje som eg hadde håpa. Det er vakkert og estetisk i Craft, men etter å ha høyrt på podcastepisoden med Nick Milo i Mac Power Users og sett på videoane til Linking your Thinking, blir eg fascinert av den tekstbaserte enkelheten i Obsidian, og det grunnleggande ved programmet, nemleg å ikkje berre sanke tankar og idéar, men å setje dei saman til nye. Det blir som å ha ei kasse med lego. Det er mykje artigare å bygge noko enn å berre ha klossane liggande der. Etter å ha sett det dynamiske tankekartet som byggjer seg sjølv etter som Obsidian knyttar idéar saman, ser eg at dette er ein heilt unik og nyskapande måte å bygge kunnskap på. Eg har tusenvis av små notat som ligg i ein gigantisk digital haug, enten i Drafts, i Notater eller andre plassar. Dersom eg kan samle saman alle desse små notata og idéane og få dei til å koble seg saman av seg sjølv, så kan det bli ei skikkeleg sinnsforlengar, ein ”Extension of the Mind”, som Annie Murphy Paul skriv om i The Extended Mind, boka eg eg ikkje får ut av sinnet. Det er ikkje nok med éin måte å jobbe på. Jo nærare det digitale kan kome den fysiske verda, jo betre. Difor må vi ha verktøy som appellerer til ulike delar av sinnet.

Ein fin plass på nettet

Ein av favorittplassane mine på nettet har tatt permisjon på ubestemt tid. 

Når eg treng å bli inspirert – og ikkje deprimert – av det eg finn på nettet, så har eg aldri blitt skuffa av kottke.org. Det har eg mange gode erfaringar med. 

Jason Kottke deler det han blir fascinert av, og eg deler som regel fascinasjonen. Nettsida er ei gjennomtenkt, nøye utvald samling av tekst og bilder som viser kor flott og rar verda kan vere.

No har han tatt pause frå nettsida si. Eg håpar han brukar permisjonen godt, og at kjem sterkare og meir inspirert tilbake. Eg kjem til å sakne denne sida.

Penn og papir

Det er viktig å unne seg små gleder i desse tider. Ei av desse gledene er ei god notatbok og ein god penn. 

I mitt tilfelle er det ein Dingbats notatbok med deilig, mjukt og godt papir, og ein fyldig og tydeleg Micron penn. Begge kan kjøpast på den fantastiske butikken Lush Dive på Grünerløkka. 

Beatles

Det er 25. november, altså dagen då den første delen av den nye Beatles-dokumentaren er ute. Timevis med Beatles-magi. Det slår meg at eit så eksepsjonelt band med musikarar av enorm historisk betydning samtidig er eit heilt vanleg band med nokre fyrar i slutten av tjueåra som er glade i å henge og spele og jamme. Slik var det å vere band for femti år sidan og slik er det no. Og slik var det sikkert for hundre år sidan. Eg ser på opptaka, og det er som om femti år ikkje betyr noko, det er som om Paul McCartney skriv Get Back akkurat no. Noko som er verkeleg sprøtt, for det er nemleg like stor avstand i tid mellom Get Back-opptaka og til i dag, som til den russiske revolusjonen i 1917.

Eg trur nok Beatles vil sette spor etter seg.

Sketchnotes

Eg trudde alltid at å ta notatar handla om å skrive ned så mykje som muleg, så raskt som muleg.

Gjennom heile studietida skreiv eg side opp og side ned med notater, både for hand og på maskin. Kvart ord skulle med. Eg brukte alt eg hadde lært frå valfag i touch-metoden på ungdomsskulen.

Men eg hugsar ingenting av det eg noterte.

Ein amerikansk illustratør som heiter Mike Rohde var borti det same problemet. Han skreiv massevis av ordrike notat frå førelesingar og kurs utan at noko festa seg. Så byrja han å teikne det han høyrde, og oppdaga kor effektivt det var. Han kalte det Sketchnotes.

Eg likte umiddelbart både måten han teiknar på og tenkjer på, og sidan har eg brukt teiknenotat til det meste.

No kan eg sjå på ei side i notatblokka mi og vite akkurat kva det handlar om, sjølv om eg noterte det for fem år sidan. Ved å lytte og teikne samtidig festar idéane seg på heilt nye måtar, fordi eg knytter idéane til bilete og symbol som gir meining.

Eg har alltid likt teikning. I tillegg har eg fått erfare kor uvurderleg teikning er for å lære nye ting.

Den perfekte heimskjermen

Sjølv om eg brukar ein god del av tida mi på telefonskjermen, har eg til gode å verkeleg tenkje gjennom korleis eg skal sette den opp. Eg lastar ned appar, slettar dei, ryddar opp med jamne mellom. Samtidig veit eg at det finst mykje ubrukt potensiale i denne kraftige mini-datamaskina. Sidan eg ikkje er glad i å ikkje få brukt ubrukt potensiale, har eg bestemt meg for å skvise ut mest mogleg funksjonalitet ut av min iPhone. Den var jo ikkje akkurat gratis heller.

Det eg vil er at telefonen skal hjelpe meg å få meir ut av tida mi, i staden for å stjele tida mi. Og så vil eg at den skal vere eit superverktøy, som ein liten digital versjon av Hakkespettboka eller oppfinningane til Petter Smart.

Eg er godt i gang. Nyleg gjekk eg gjennom David Sparks sitt kurs i Shortcuts. Der har eg lært korleis eg kan lage snarvegar for alt muleg, så eg har laga snarvegar for å eliminere Facebook-appen, for å kladde blogg-idéar, for å få opp alle dei kjedelege parkeringsappane til bilen med eitt tastetrykk, osv.

Inspirert av Home Screens-serien til David Sparks har eg lagt ut dei to første sidene på heimeskjermen min anno 2021. Dei appane eg har fremst er dei eg vil minne meg sjølv på å bruke. I docken min har eg dei tradisjonelle telefon- og meldingsappane. I tillegg har eg Drafts, som eg brukar til omtrent alt av tekst, og Pocket Casts for å lytte til podkastar. Eg brukar Reeder for å finne artiklar, Instapaper for å lese artiklar eg har lagra, og NetNewsWire er kjelda for nyheitskjeldene mine. I tillegg har eg eit par nyttige widgets frå Yr og Fantastical. Dei neste ti sidene på heimeskjermen gjenstår det å rydde opp i.

Kort fortalt vil eg altså at telefonen skal gi meg nyttig informasjon, i staden for å avbryte og distrahere. Og eg vil at den skal la meg lære, lese og lytte meir. Rett og slett ein superdatamaskin som gjer kvardagen enklare.

Så får vi sjå korleis heimeskjermen ser ut neste år.

Kreativitet

Då eg var yngre hende det at eg hadde lyst til å teikne, men så blei eg berre sittande og stirre på det blanke arket. Eg blei frustrert, og tenkte at det ikkje var vits i å prøve meir. Eg hadde jo likevel ingenting å teikne.

Kreativitet er skaparglede. Det kan vere spontant, intenst og det kan halde deg i flytsona lenge. Men det er ikkje alltid slik. Det er ikkje ein tilstand som dukkar opp berre ein ventar på det.

Eg trur kreativitet handlar om å møte opp. Det handlar om å skrive sjølv om ein ikkje har noko å skrive. Å teikne sjølv om ein ikkje har noko å teikne. Det hjelp ikkje å vente til kreativiteten melder seg. Det kjem ikkje vatn ut av ei stengt kran.

Det gjeld å sette seg ned, finne fram blyanten, og gå i gang.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén