Kategori: læring Page 1 of 2

Visdomsorda til Kevin Kelly

Noko av det første eg skreiv om på denne bloggen var om tech-guruen og forfattaren Kevin Kelly og dei 68 livsråda han la ut då han fylte 68. Ei fantastisk samling av korte, innsiktsfulle råd, samla og destillert gjennom eit langt liv. Desse visdomsorda har kun vore å finne på nettsida hans, men no har han gitt ut ei bok der han har samla alle: Excellent Advice for Living: Wisdom I Wish I’d Known Earlier. Eg har sans for visdomsord. Merlin Mann (ein annan kul podcast-fyr som eg har høyrt mykje på) har også ei fin samling som eg har skrive om før.

Eg skal definitivt lese boka. I mellomtida held eg på å lytte til eit par fine intervju med Kevin Kelly, mellom anna i Knowledge Project av Shane Parrish og Daily Stoic med Ryan Holiday.

Her er eit sitat frå boka til Kevin Kelly:

Om å lese fleire bøker samtidig

Eg har alltid ein haug av bøker. For tida har eg ti bøker frå det lokale Deichman-biblioteket. I tillegg har eg eit par bøker på Audible, ei lydbok på Allbok, og opptil fleire bøker på Apple, Kindle og så vidare.

Visse folk stussar iblant over at eg har så mange bøker liggande. Nattbordet er fullt, og stablane truar med å ramle ned. Eg trur likevel det har noko for seg. Det er litt som å gå rundt i byen. Nokre veit kor dei skal, går berre på dei faste butikkane og veit akkurat kva dei skal ha. Andre går rundt om kring og shoppar litt etter dagsformen. Stoppar kanskje for å ta ein kopp kaffi, eller tar ein prat med nokon. Eller ser på fuglane.

Iblant plukkar eg opp ei bok eg har gløymt å lese på ei stund, eller eg får lyst til å la ei bok ligge litt. Det er ikkje heilt rett fram, men slik er ikkje hjernen min skrudd saman heller. Akkurat no les eg på ei bok om Kleopatra, ei anna om karriererådgjeving og ei anna om genetikk. Blant anna

Eg lar bøkene prate med kvarandre, som forfattaren og bloggaren Austin Kleon seier i eit veldig fint innlegg, som eg kjenner meg igjen i.

Berre les.

Dei beste bøkene eg las i 2022

The Extended Mind av Annie Murphy Paul

Den klart beste boka eg har lest i år. Eg held på å lese den på nytt. Den ga meg masse innsikt.

Say Nothing: A True Story of Murder and Memory in Northern Ireland av Patrick Radden Keefe

Den nest beste. Ei utruleg intens og uforgløymeleg bok om krisa i Nord-Irland. Ein spenningsroman, true crime, historisk, gripande. Den hadde alt.

De tibetanske ritene av Audun Myskja

Han seier at ritane forlenger livet, og eg trur på han.

Stillness Is The Key av Ryan Holiday

Ein klok fyr, han Ryan Holiday. Og han har lest mange andre kloke fyrar.

Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård

Knausgård skriv berre så utruleg godt.

Breath av James Nestor

Den fekk meg til å tenkje på korleis eg pustar, ikkje minst om natta, og no søv eg mykje betre.

Domestika

Ein måte å kome meg gjennom den tunge novembernatta har vore å utforske Domestika. Eg blir alltid inspirert av å bla gjennom den enorme katalogen, og eg har kjøpt eit nytt, kjempekult snekrekurs av Maderistica, som eg kanskje gjennomfører ein dag.

Bok eg har lest i vår – 4000 uker av Oliver Burkman

Eg hadde høyrt såpass mykje om denne boka, så eg måtte lese den. Tittelen er interessant. Den viser til kor mange veker vi som menneske kan rekne med å få oppleve i livet, i snitt. Boka handlar mykje om å leve no, om å ikkje strebe etter perfeksjon, men erkjenne at det ikkje er nokon vits å gå rundt og stresse.

Det er ei god bok, og eg likar premisset for boka. Likevel likte eg enda betre måten det blir forklart på her, der dei viser ein plansje over livet i veker, på éi side. Poenget er det same. Livet er kort og dyrebart.

Ein fin plass på nettet

Ein av favorittplassane mine på nettet har tatt permisjon på ubestemt tid. 

Når eg treng å bli inspirert – og ikkje deprimert – av det eg finn på nettet, så har eg aldri blitt skuffa av kottke.org. Det har eg mange gode erfaringar med. 

Jason Kottke deler det han blir fascinert av, og eg deler som regel fascinasjonen. Nettsida er ei gjennomtenkt, nøye utvald samling av tekst og bilder som viser kor flott og rar verda kan vere.

No har han tatt pause frå nettsida si. Eg håpar han brukar permisjonen godt, og at kjem sterkare og meir inspirert tilbake. Eg kjem til å sakne denne sida.

Blanke ark

Ingenting symboliserer ein ny start på eit nytt år meir enn det å åpne ein splitter ny almannak. Denne veka kom almanakken for 2022 i posten. Min favorittalmanakk frå Hobonichi, ein produsent i Japan, kjøpt på butikken Lush Dive på Grünerløkka. Eg har brukt desse Hobonichi-almanakkane i nokre år no. Det har blitt ei vane å avslutte dagen med nokre teikningar og ord, og eg kan sjå tilbake på minst eit par år med daglege små teikningar og notat.

Noko av det beste med å starte på eit nytt år er å starte på ei ny bok, med fine, blanke ark.

Ting eg ikkje visste før desember 2021

Før desember 2021 visste eg mindre om el-gitarar enn eg gjer no. No har eg oversikt over dei fleste el-gitartypane. Eg fekk låne ein el-gitar i desember. Ein Epiphone Casino. Den visste eg lite om. Men så viste det seg at både John, Paul og George spelte på ein Epiphone Casino. Eg visste ikkje at Epiphone er eit bra gitarmerke, som er eigd av Gibson. Eg visste ikkje at det finst noko som heiter P90-pickups, og at denne gitaren har det. Eg kunne ikkje spele Get Back eller Don’t Let Me Down eller I’ve Got a Feeling. 

Alt dette lærte eg i desember 2021. 

Mål

Her er 22 forslag til mål for 2022.

Små ting dagleg

Eg har meir tru på daglege vanar enn på vidløftige planar. Eg trur det som får størst betydning på sikt er dei små tinga ein gjer kvar dag. 

Denne podcastepisoden handlar om akkurat det. Typology er ein podcast som brukar Enneagrammet som bakteppe. Intervjuet er med James Clear, forfattaren av den veldig gode boka Atomic Habits. Verd å få med seg.

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén