Kategori: livshistorie

2023 så langt

Eg begynte på denne posten rundt midten av mars, og før eg visste ordet av det var vi tre fjerdedelar uti. Heilt til no har eg følt at vi såvidt er i gang med det nye året. Men uavhengig av kva eg føler, går året ufortrødent vidare.

Så kva har eg fylt tida mi med i år?

Eg held på å lese ei flott, svær bok som heiter An Immense World av Ed Yong. Boka har dukka opp på fleire av listene over fjorårets beste bøker, så da bestilte eg den på Deichman. Eg bestilte riktignok alle dei andre bøkene eg fekk tak i frå desse boklistene i tillegg. Dei fleste har blitt liggande i stabelen av bøker heilt til eg får purring. Men eg likar denne boka. Eg synest det er viktig å vise kor fantastisk planeten er, og denne boka får til det. Det er som å lese ein science fiction-roman, berre at den handlar om heilt ekte dyr som faktisk finst, og som opplever verda på ufatteleg mange rare måtar som vi menneske ikkje heilt kan forstå. Eg visste for eksempel ikkje at det finst så mange fargar som berre dyr kan sjå. Boka får skryt av meg.

Eg har også fått meir og meir sansen for Stephen Fry. Eg las (eller høyrde på) Mythos, ei gjenfortelling av gresk mytologi fortalt av forfattaren sjølv. Eg brukte lang tid på den, men den har gitt meg gode minner frå bilturar gjennom eit endelaust, frodig og rullande landskap på Madagaskar akkompagnert av forteljingar om greske gudar, fortald av makelause Fry. For tida høyrer eg på opplesinga hans av Sherlock Holmes-bøkene. Mannen har eit heilt ensemble av skodespelarar innabords. Og for nokre fascinerande bøker det er.

Eg har fått fornya entusiasmen min for Pat Metheny. Eg har oppdaga plata hans frå 2020, From This Place, med den aldeles flotte tittellåta som eg prøvar å lære meg på gitar. Eg følger óg tett med på MARO, som held på å gi ut EP, og slepp nydelege låtar som perler på ei snor.

Eg har venta lenge på denne våren. Sjølv om isen ikkje er tint, merkar eg sola kjem, og det trengs.

Skritt

Det er dei tyngste stega som tar deg lengst.

Dei vil alltid vere lengre enn dei du aldri tar.

Gradvis kjem stien fram.

Blanke ark

Ingenting symboliserer ein ny start på eit nytt år meir enn det å åpne ein splitter ny almannak. Denne veka kom almanakken for 2022 i posten. Min favorittalmanakk frå Hobonichi, ein produsent i Japan, kjøpt på butikken Lush Dive på Grünerløkka. Eg har brukt desse Hobonichi-almanakkane i nokre år no. Det har blitt ei vane å avslutte dagen med nokre teikningar og ord, og eg kan sjå tilbake på minst eit par år med daglege små teikningar og notat.

Noko av det beste med å starte på eit nytt år er å starte på ei ny bok, med fine, blanke ark.

Historier

Alle skriv på sin eigen sjølvbiografi, med fiendar, hindringar, kampar, tap og sigrar. 

Og med seg sjølv som helt.  

OD-dagen

I dag var det OD-dagen. Operasjon Dagsverk er noko av det finaste eg veit, og det har vore ein viktig del av livshistoria mi. Eg sat i klasserommet på Gulset ungdomsskule og blei prega av historiene om tortur av politiske fangar i Chile då OD gikk til Amnesty i 1990. Hausten 1995 var eg på utveksling i Brasil, samtidig som OD gjekk til utdanning for brasiliansk ungdom. Slik kom eg i kontakt med dei lokale OD-støtta prosjekta i Brasil, og med Kirkens Nødhjelp, som var samarbeidspartnaren det året. Tilbake i Skien blei eg med i distriktskomiteen i Telemark den hausten OD skulle gå til utdanning for jenter i Afghanistan, samtidig som det nye Taliban-regimet rulla inn i landet. Året etter vart eg med i hovudkomiteen, og flytta til Oslo. Den hausten gjekk OD til Amazonas, og eg fekk reise og besøke Yanomamifolket, djupt inne i den brasilianske regnskogen. Etter det var eg med å organisere utveksling med ungdom som ville starte OD i Brasil.

Så spolar eg mange, mange år fram i tid, og eg har ein son som jobbar på OD-dagen for første gong, og kontoret mitt er fullt av OD-elevar, fordi det er min organisasjon, KFUK-KFUM, ved KM Global og YMCA South Africa som skal kanalisere pengane til ungdom i Sør-Afrika. OD går ut på det same no som før. Solidaritet ungdom imellom. Det gjer meg stolt, glad og håpefull.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén