Kategori: musikk Page 1 of 2

Halvbror til reven I

Det er ein festmånad for ein folkemusikknerd når NRK endeleg gir ut opptaka av serien Halvbror til reven som blei vist på NRK2 frå 1997-1999.

Eg har pliktskyldigst starta med det første programmet og jobbar meg utover i sesongane. Det er ein tidskapsel, fylt med folk eg kjenner og har møtt frå den tida eg sjølv starta med folkemusikk, den hausten eg flytta til Rauland i 2000. Dei som er/var nokon innan folkemusikk dukkar opp, med Leiv Solbergs lune vertskap. Det er portrett og musikk av Ale Möller, Väsen, mange, mange fleire. Unge og gamle, frå ulike sjangrar. Nokre innslag er nydelege, nokre litt rare, og så er det mange skjulte perler innimellom.
Gamlelæraren min Ånon dukkar opp med munnharpesamlinga si. Tom Willy Rustad med setesdalsgangar på gitar. Det er gamle opptak med gamle spelemenn som spelar i gamal stil, slik som Erling Kjøk. Han stemmer om fela til “tjorhæl”, ei slags gorrlaus-stemming. Eit prakteksempel på eldre mikrotonalitet.
Samme med Hilmar Alexandersen si nydelege visetone.

Tenk om eg hadde sett alt dette då det blei vist på TV den gongen. Eg var ein nysgjerrig gitarist som leita meg fram i CD-hyllene på Deichman. Og så såg eg episoden der Leiv spelar mandola, og eg fann ut at eit slikt instrument, det måtte eg ha. Det er snart 25 år sidan. Eg gler meg til å sjå den episoden. Men først må eg sjå gjennom alle dei andre.

Ny musikk eg har høyrt på i sommar – Plínio Fernandes

Eg oppdaga først Plínio Fernandes gjennom spelelista “Classical Motivation” på Apple Music. Coveret på albumet viser ein ung gitarist i djup konsentrasjon, i ei burgunderraud piquetskjorte med ein smakfullt matchande bakgrunn.

Namnet avslører at han er brasiliansk. Estetikken får meg til å tenke på gamle jazz og bossa nova-plater frå 50- og 60-talet. Eg får Luís Bonfá i tankane. Eller kanskje Toquinho.

Blant dei første singlane på plata er Assanhado, ein choro av Jacob do Bandolim, den brasilianske mandolinmeisteren som Ånon introduserte meg for i si tid.

«Valseana» er eit aldeles nydeleg stykke av Sérgio Assad, som Badi Assad ga ut på sitt soloalbum i 1993. Eg kjøpte den plata på platebutikken i Skien og sat med CD-spelaren og prøvde å plukka låta tone for tone. No, tretti år seinare, blir eg gjenintrodusert til låta i Plínio Fernandes sin versjon.

Eit anna spor er den nydelege arien frå Bachianas brasileiras No. 5 av Heitor Villa-Lobos, med Sheku Kanneh-Mason på cello. Ein av få cellistar som verkeleg har fått meg til å stoppe opp og lytte. Sheku og Plínio spelar óg i lag på Sheku si eiga soloplate, ein nydeleg versjon av Scarborough Fair.

Desse tankane gjer eg meg når eg les og ser den kortfatta informasjonen som er å finne i Apple Music. Eg blir nysgjerrig på denne Plínio Fernandes. Ikkje ein arketypisk klassisk musikar med kun europeiske anar, men ein ung, kul, arketypisk brasilianar.

På videoane som er lagt ut frå plateselskapet blir han intervjua om bakgrunnen hans og om plata. For ein fyr. Kloke refleksjonar om kultur, bakgrunn, tilhørigheit, representasjon innan klassisk musikk, og kor viktig det er for unge å ha førebilete som liknar dei og som dei kan kjenne seg igjen i. Det finst ikkje altfor mange melaninrike musikarar innanfor klassisk musikk, og dei få førebileta har vore viktige for han. Han fortel om samarbeidet med Sheku Kanneh-Mason og med dei andre, og om den nydelege låta «Beatriz» av Chico Buarque som er med på plata, som eitt av fleire songar frå den brasilianske populærmusikalske kanon.

Dette er heilt klart ein hardtarbeidande ung musikar med eit eksepsjonelt talent, som no tar steget ut på den globale scena, med eit utsøkt album. Ein arvtakar både etter klassiske gitaristar som Sérgio og Odair Assad, og etter bossanovagitaristar som Luis Bonfá og João Gilberto.

Brasiliansk musikk til folket

Brasiliansk musikk har vore ein viktig del av livet mitt sidan tenåra. Mitt inntrykk er at dei fleste her til lands ikkje veit så veldig mykje om brasiliansk musikk, sjølv ikkje dei som kan veldig mykje om musikk. Unntaka er folk som enten er frå Brasil sjølve, eller kjenner språket og landet veldig godt.

Dette er jo ikkje rart, i og med at folk ikkje blir eksponert for musikken, ikkje forstår språket og ikkje kjenner alle historiene bak. Difor blei eg glad for å sjå videoen «How Brazil´s Music Hid Protest Inside Harmony» med den svært dyktige amerikanske musikk-youtubaren Chris Cornell. Han har verkeleg brukt tid på å setje seg ordentleg inn i musikken og historia bak, og presenterer det med ein intelligent og smakfull innpakning.

Chico Buarque er ein av mine absolutte favorittar, og låta Construção er ein av mine favorittlåtar. Det enkle, samtidig ekstremt komplekse gitarspelet er genialt. Det er veldig imponerande å få historien til Chico Buarque og denne låta forklart og gått gjennom på denne måten. Det var fleire ting her eg ikkje visste, blant anna at blåserekka imiterer trafikkstøy.

«One of the most impactful pieces of songwriting I’ve ever seen»

Brasils svar på Bob Dylan, John Lennon og Paul McCartney kan gjerne kome meir fram i lyset.

Beatles

Det er 25. november, altså dagen då den første delen av den nye Beatles-dokumentaren er ute. Timevis med Beatles-magi. Det slår meg at eit så eksepsjonelt band med musikarar av enorm historisk betydning samtidig er eit heilt vanleg band med nokre fyrar i slutten av tjueåra som er glade i å henge og spele og jamme. Slik var det å vere band for femti år sidan og slik er det no. Og slik var det sikkert for hundre år sidan. Eg ser på opptaka, og det er som om femti år ikkje betyr noko, det er som om Paul McCartney skriv Get Back akkurat no. Noko som er verkeleg sprøtt, for det er nemleg like stor avstand i tid mellom Get Back-opptaka og til i dag, som til den russiske revolusjonen i 1917.

Eg trur nok Beatles vil sette spor etter seg.

Historia om filmen Amadeus

Eg har alltid vore svak for bakomfilmane til favorittfilmane mine, og nyleg kom eg over bakomfilmen til det som nok er favorittfilmen av alle – Amadeus av Milos Forman.

Eg nyt å sjå regissøren, skodespelarane og alle dei andre fortelje om alle utfordringane, tilfeldigheitene, tabbene, detaljane og alle augeblikka av magi.

Og ikkje minst korleis alle skodespelarane spontant etterliknar regissøren kvar gong dei snakkar om han. Vincent Schiavelli, som spelar tenaren til Salieri i filmen, er så fantastisk spot on her.

Amadeus er verkeleg ein magisk film.

Morsomt med musikkteori

Eg har hatt stor glede av denne Masterclassen om musikkteori med den unge trollmannen Jacob Collier.

For ei kunnskapsrik, briljant formidling, med eleganse og overskudd. Og morsomt, ikkje minst.

Ta kvintsirkelen, for eksempel. Eg må innrømme at eg eigentleg ikkje hadde tenkt så veldig mykje på kvintsirkelen, anna enn som eit rammeverk for å forstå musikkteori. Eg har ikkje tenkt på kvintsirkelen som eit kreativt verktøy, eit vegkart inn i fleire musikalske univers. No får eg nesten lyst til å lage ein plakat med kvintsirkelen og henge den på veggen.

Eg hadde ikkje høyrt om plagal kadens heller, sjølv om eg sjølvsagt har høyrt tusenvis av plagale kadensar, kvar gong eg har sunge amen i kyrkja eller har høyrt på Keith Jarrett.

Eg visste heller ikkje at det faktisk går an å stable akkordar oppå kvarandre, «like a triple-decker bus» og faktisk få det til å låte kult, så lenge ein veit kor tonane er på veg. Musikkteori blei plutseleg spennande igjen!

Tradisjonelle fag

I dag fann eg fram ei gamal oppgåve eg leverte i 2001, for nøyaktig tjue år sidan. Oppgåva heiter «Klimpring på norsk» og eg leverte den som del av andreåret på folkemusikkstudiet på Rauland, ved Universitetet i Sørøst-Norge. Tittelen på oppgåva gir fullt ut meining for meg, men eg innser at det kanskje ikkje er slik for alle andre. Det handlar om gitaren si rolle i norsk folkemusikk, om du måtte lure.

Å sjå den oppgåva minnar meg på at eg har tatt nokre studieval som nok er litt nisjeprega. Når folk spør kva eg har studert, må eg ofte trekke pusten og gjere meg klar for litt forklaring.

Fagkombinasjonen min vil av mange kallast utradisjonell, noko som er litt ironisk, i og med at størstedelen nettopp handlar om tradisjonar.

Etter at eg hadde flytta til Oslo hausten 1997 og var ferdig med ex.phil var det på tide å finne eit fag å starte studiekarrieren med. Eit ordentleg grunnfag. Eg leita i studiekatalogen etter noko som appellerte til meg. Det var lite som fanga interessen min, heilt til eg kom over grunnfaget folkloristikk. Det skilte seg ut, for det handla om heksetru, eventyr, hulder, segner og overtru. At dette var eit fag på universitetet var litt utruleg og overnaturleg i seg sjølv.

Eg blei altså kjent med akademia gjennom tussar og troll, noko eg syntes var ganske stilig. Som seg hør og bør lærte eg at ting ikkje var heilt som eg trudde og hadde lært frå før. Folketru og trolldom handlar om meir enn eventyra i bøkene til Asbjørnsen og Moe. Folkloristikk handlar om menneskelege fenomen som det er viktig å forstå meir av. Det handlar om korleis folk forstår og organiserer verda på, og korleis dei har forma og overlevert dette som kulturuttrykk gjennom tidene til den dag i dag. Enten i form av musikk, vitsar, gåter, segn, balladar, rim, regler og samankomstar.

Det som er fascinerande med tradisjonell kultur, musikk, historier, og songar, er ikkje at det representerer noko «urnorsk», for noko slikt finst ikkje. Det vakre med det er all den organiske variasjonen og rikdomen som er å finne i alle desse uttrykka.

I dag er eg nøgd, og ganske stolt, av den tradisjonsrike, utradisjonelle fagkombinasjonen min. I tillegg til folkemusikk, heksetru og trolldom har eg studert emne som afrikansk portugisiskspråkleg litteratur, tolking og translatologi, etnomusikologi, avantgarde hardingfelemusikk og minoritetskulturar i musikkundervisning. Eg kjenner meg langt i frå ferdigstudert. Tvert om er eg langt i frå ferdig med å bli kjent med verda.

Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.

Frå diktet Romanska bågar av Tomas Tranströmer

Kirk Franklin: Tiny Desk Concert

Eg har oppdaga masse fantastisk musikk på Tiny Desk-konsertane gjennom mange år. Kirk Franklin er bra, men fy søren, for ein vanvittig bassist dette er!

Joni

For meg er ikkje det beste med Joni Mitchell at ho er ein fantastisk songar og tekstforfattar. For meg er ho først og fremst ein av dei fremste gitaristane eg veit om. Det går sikkert an å lære seg alle dei over 40 gitarstemmingane ho brukar, men det er ikkje nok for å lage slik musikk. Denne versjonen av Big Yellow Taxi og Both Sides Now viser ein flik av magien.

Her er min eigen versjon av A Case of You, ganske inspirert av James Taylor sitt gitarspel på den originale innspelinga.

Dei 5 viktigaste albuma i livet mitt, del I

Milton Nascimento og Lô Borges (1972). Clube da Esquina

Det var på Skien vidaregåande eg først fekk ideen om å reise eit år til utlandet. Gulset var trygt, men det føltes for trygt. Sjølv om det var skummelt, måtte eg utvide horisonten. Eg kunne alltids prøve å dra til USA, tenkte eg. Men det appellerte liksom ikkje.

Heilt til eg høyrde om Christian, som hadde vore på utveksling i Brasil. Det var altså mogleg for ein 17-åring frå Skien å dra heilt til Brasil – og kome heim igjen. Eg skjønte straks at det var dit eg måtte dra.

Christian ga meg ein kassett med brasiliansk musikk. Nøye utvald brasiliansk kvalitetsmusikk. Ikkje gammal bossa nova, som eg trudde dei fleste i Brasil høyrde på. Det var musikk som går under den litt vage kategorien MPB, som står for Música Popular Brasileira. Brasiliansk, populær kvalitetsmusikk.

Milton Nascimento. Ein mann med gitar, sixpence og englestemme. Poetisk, kompleks, enkel og nydeleg musikk. Og på portugisisk. Dette språket skulle eg lære meg. Kassetten tok meg til ein plass eg visste eg måtte utforske. Eg var på veg.

Clube da Esquina.

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén