Kategori: rasisme

King

Eg er ferdig med biografien om Martin Luther King, skriven av Jonathan Eig. Eg las den først på papir, som fysisk bok, før eg gjekk over til lydbokversjonen på Audible. Eg likte begge.

Det er ei tjukk bok, ein grundig biografi, og likevel ein page-turner. Det er eit spektakulært liv som blir skildra på ein nøktern måte. Omstenda han befann seg i, og samfunnet han levde i, er i seg sjølv så ekstremt, at teksten ikkje treng å gjere det overtydeleg. 

Han var ein motstandsmann. 

For eit slit han måtte gå gjennom. Ein prest som måtte bære eit tungt kors. Eit åk. Han var ikkje ein person som likte rampelyset. Han var ein nevrotisk type, og på ingen måte ein perfekt type. Han hadde ikkje søkt på jobben som leiar for folket, han blei utpeikt. 

Han hata å bli fengsla stadig vekk, av å vere trua på livet konstant. Men det var ikkje noko alternativ å legge opp. 

Og den iskalde brutaliteten han måtte kjempe mot. Den ekte, rå rasismen. Folk som ikkje skjems av at dei er rasistar, om dei så er familiefolk, politisjefar, guvernørar eller FBI-direktørar. Rasismen var ein så sjølvsagt del av samfunnet at det var provoserande å i det heile tatt påpeike det. 

Hadde eg greidd å halde motet oppe? 

Og han var ingen populist. Han var ikkje motivert av popularitet eller bunden til ein mediestrategi. Han snakka ut mot vietnamkrigen, medan det var politisk ukorrekt, ustrategisk, og – i enkelte sine auge – ikkje relevant for kampen han skulle leie. Men det var ikkje muleg for han å halde kjeft. For det var eit større formål der. Han var ein prest. Han trudde på det han preika om. Han kunne ikkje snakke om ikkje-vald i USA når USA var den mest valdelege aktøren i verda. Så det gjorde han, sjølv om han fekk presidenten på nakken. Og sjølv om han visste at han kom til å døy.

Eg er ikkje i tvil om kva Martin Luther King ville ha sagt i dag, om Gaza, om undertrykkinga av palestinarane. Han ville ikkje hatt noko val. 

Ein lærar treng å lære

Eg synest det er veldig spesielt når folk skryt av eigen uvitenheit. I alle fall når dei gjer det i ein offentleg kronikk, og enda meir når dei stiller opp på Dagsnytt 18 for å avsløre det enda meir.

Kronikkforfattaren er lærar på Oslo aust, noko som skal gi ei slags fjær i hatten og gi kredibilitet når det er snakk om rasisme. Det funkar ikkje.

Kronikken i seg sjølv er pinleg lesnad.

Det virkar som det ikkje går an å påpeike rasisme i Norge utan at nokon dreg “woke”-kortet. Det har blitt ein beleilig hersketeknikk å kansellere antirasistiske standpunkt ved å vise til det evinnelege woke-spøkelset.


Den slitte klisjéen “Norge er ikkje USA” dukkar óg opp. Den har eg høyrt før.

Meir skremmande blir det når Anne Herre Bisgaard omtalar antirasistisk arbeid nesten som om det var ein epidemi. «Vi lever i et samfunn der woke-bevegelsen, med sin kamp mot skjult rasisme og hvite privilegier strømmer gjennom sosiale medier og rett inn i klasserommene våre

Motdebattantane i studio, Edvard Botterli Udnæs og Nancy Herz er kloke og tålmodige. Meir tålmodige enn det eg hadde vore. Eg hadde berre sagt: kom deg heim og les deg opp! Start med å lese denne, denne, denne, denne eller denne. Det vil du og elevane dine nyte godt av.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén