Det er mykje eg kunne ha skrive om alt eg tenker og føler rundt det som skjer no. Det er mykje eg kunne ha delt av det andre har skrive. Uansett er det hjarteskjerande og fortvilande. Forvirrande og fryktinngytande.

Det er lammande å lese om mora som mista fem av borna sine i eit rakettangrep. Fleire slike historier kjem til å komme. Det einaste ein veit om dei neste dagane, er at dei kjem til å bli grusomme.

Ein som kan få sagt kloke ting, sjølv når det gjeld dei mest kompliserte og brennbare sakene, er Trevor Noah. I denne videoen snakkar han om konflikten på ein måte som eg trur fangar opp noko av essensen.

“If you are in a fight where the other person cannot beat you, how hard should you retaliate when they try to hurt you?”

Trevor Noah

Det går ikkje an å kome utanom religion, som han seier. Eg kom til å tenkje på eit kjent ordtak:

To whom much is given, much is required.

Israel er ikkje gitt all makt i himmel og på jord. Men i himmelen over Gaza er det Israel som regjerer. Den mektige har ansvar. Og den mektige veit at når han tråkkar hovudet til undersåtten sin ned i søla, vil undersåtten til slutt gjere alt i sin makt for å komme seg laus.

Eg studerte musikk i lag med Aroba, ei songarinne frå Palestina. Vi øvde i lag og hadde fleire konsertar med libanesiske og arabiske songar. Eg spurte henne ein gong om korleis det var å leve under okkupasjon, og kva ho meinte om vald og hevnaksjonar. Ho spurte meg om kva eg ville ha gjort om nokon hadde tatt fram ei saks og begynt å klippe hól i buksene mine. Ville eg ha gjort noko? Eller ville eg ha vore passiv og venta til det gjekk over?

Nokre år seinare fekk eg vite at ho hadde fått kreft, og ho etterlot seg fire barn. Eg lurar på kva ho ville ha sagt i dag.

Ordtaket over er eigentleg eit sitat. Her er den norske versjonen:.

Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

Jesus frå nasaret. (Lukas 12,48)