Kategori: skriving

Dei og oss

Folk kan delast inn i to grupper menneske. Dei som deler folk inn i to grupper og dei som ikkje gjer det.

Det er med andre ord fort gjort å dele folk opp i grupper. Det gir mening for folk. Akkurat som det ga meining for folk at lynet kom frå Tor med hammaren. Eller at det var mannen med ljåen som gjekk rundt og ga folk svartedauden.

Men no veit vi betre. Vi er alle i slekt. Og sjølv om vi ikkje hadde vore i slekt, ville det ikkje ha vore greitt å snakke nedsettande om andre.

Det går aldri bra når vi deler opp i «oss» og «dei». Eller som Kevin Kelly seier det: Trust me, there is no «them».

Det skjer ubevisst. Og det kan vi jobbe med.

Men nokre av oss gjer dette heilt bevisst. Kombinasjonen av makt, oppdeling av menneske i grupper, og nedvurdering av andre. Det skal vi alle sjå opp for.

Det er eigentleg ganske enkelt. Ikkje gjer det. Ikkje del folk opp i grupper av oss og dei, og ikkje snakk nedsettande om desse andre gruppene. Og når nokon gjer det, be dei slutte med det.

Handskrift i skulen

NRK skriv om den usikre framtida til handskrifta. Det er dei ikkje aleine om, og heller ikkje først ute med. Det har blitt publisert bekymra artiklar om handskrifta i over sytti år.

Det hender eg les argument som går i retning av at iPad i skulen kan vere skadeleg for handskrifta. Det stussar eg over, all den tid iPad berre har blitt brukt i skulen i fire-fem år.

Dersom eg hadde samla ei gruppe menn på min alder i eit rom og fått dei til å skrive namnet sitt, er eg ganske sikker på at mange av namna ville ha vore vanskelege å lese. Til skilnad frå foreldregenerasjonen vår, blir det mange kråketær når menn i førtiåra skal skrive for hand. Vi lærte å skrive tidleg på 80-talet, tretti år før iPad kom. Likevel blir trusselen mot handskrifta brukt som argument mot iPad i skulen.

Men når var det eigentleg vi slutta å lære å skrive for hand?

Opplæringa i handskrift har i praksis vore nedprioritert i norsk skule sidan 70-talet. Etter at mønsterplanen i 1974 tok vekk handskrift som eige fag, har det stort sett gått jamnt nedover.

Hjelp det med mengdetrening i handskrift når ein ikkje har lært ordentleg å skrive for hand? Gjennom heile skulen skreiv vi alt for hand. Betyr det at vi fekk fin handskrift? Neppe. Det er berre innbilning at handskrifta vil bli betre dersom iPaden blir fjerna frå skulen. Dersom elevane ikkje får lært å skrive ordentleg for hand, nyttar det ikkje å legge vekk tastaturet. Det blir berre fleire ark med dårleg handskrift som læraren må tyde.

I artikkelen blir det sagt at ungane lærer meir ved å skrive for hand enn å skrive på tastatur. Eg veit ikkje om det er så enkelt. Ei nyare studie indikerer at når ein likevel berre skriv akkurat det læraren seier, hjelp det kanskje ikkje så mykje å skrive for hand.

Det som derimot kan verkeleg kan gi stor effekt, er ein tredje metode, nemleg å notere med teikningar. Studier viser at det gir bra effekt. Eg har lenge brukt ein metode som heiter sketchnotes, som er ei blanding av skrift og teikningar. For meg er dette den desidert beste måten å lære på.

Så kva er løysinga heller enn å fjerne nyt teknologi som iPad frå skulen? Eg trur det er å innføre ordentleg opplæring i handskrift, og det finst enkle metodar for dette. Elevane må lære å notere visuelt med tekst og teikningar. I staden for å ta bort nettbrettet, kan skulen gi elevane digitale pennar som hjelpe dei til å lære å teikne og forme bokstavar. Det finst fantastisk programvare for kreativ utforming på iPad, slik som Procreate, Sketchbook og Adobe Fresco.

Skepsisen til skjerm i skulen er ganske valdsam, og argumentasjonen er ofte så som så. Det viser seg at det handlar meir om dårleg implementering enn om plattformen i seg sjølv. Det er jo ingen motsetjing mellom å bruke analoge og digitale verktøy. Det går fint an å bruke begge. Det er betre å ta tak i nedprioriteringa av kunst og handverk i skulen, og å bygge ut biblioteka slik at ungane får lest bøker.

Dei som vil hindre at ungane får tilgang på den beste teknologien for læring, bør ha gode argument. At det skal stå mellom iPad og handskrift i skulen er ikkje eit slikt argument. Og dette kjem frå ein som er over snittet opptatt av handskrift.

Levande tankekart

Eg har tenkt ei stund på å skrive om digitale tankekart og korleis eg brukar dei, men eg har lurt på om det blir for omfattande og smalt. No har Mac-guruen Brett Terpstra imidlertid allereie skrive fyldig om akkurat dette, så da kan eg eigentleg berre henvise dit for den fulle forklaringa.

Eg brukar digitale tankekart til mange ting. Både til idémyldring, til å jobbe med disposisjon og til sjølve skrivinga.

I Mindnode går det an å lage svære og fine kart som eg kan flytte rundt på og forandre som eg vil, medan eg byttar på å jobbe på iPad, iPhone og Mac. På Mac kan eg bruke Marked til å forvandle kartet til eit dokument som eg kan sjå på samtidig som eg jobbar vidare med kartet.

Eg har skrive lange tekstar og rapportar på denne måten. Alt startar som eit dynamisk tankekart, der eg kan flytte rundt på boblene i kartet slik eg vil. Kvar boble blir til ei overskrift, og det går an å legge tekst inn i dei ulike boblene. På den måten kan eg skrive dokumentet nesten heilt ferdig i Mindnode. Til slutt eksporterer eg tankekartet som rein tekst, ferdig formatert i Markdown, og åpnar i Drafts, der det kan fortsette livet sitt som eit dokument.

Eitt års framgang

Eitt av livsråda til Kevin Kelly handlar om å lære seg så mykje om eit bestemt emne at ein skal kunne sjå tilbake om eit år og tenke; jøss, så lite eg kunne om dette.

A worthy goal for a year is to learn enough about a subject so that you can’t believe how ignorant you were a year earlier.

Kevin kelly

Ein stor del av grunnen til at eg skriv denne bloggen handlar nettopp om det. Eg legg ut tekstar jamnleg for at eg skal skrive meir og dele meir. Ikkje for å skrive og dele perfekte tekstar. Eg legg ut videoar med gitarspel på Youtube, der eg lar den indre, strenge dommaren min sjå ein annan veg. For viss ikkje, blir ingenting lagt ut.

Eg har bestemt meg for at det ikkje skal vere perfekt. Eg vil heller kunne sjå tilbake på året som var, og både stusse over kor lite eg kunne, og kor mykje eg har lært.

Denne bloggen

Grunnen til å skrive denne bloggen er først og fremst å skrive den, så får formålet med den komme etterkvart. Eg kjem til å bruke den som eit verktøy for å dele eigne og andre sine idéar, og etterkvart skape ei slags idésamling.

Eg likar bloggformatet (eller RSS) for det gir meg muligheiten til å velge kven eg vil følge, og dermed styre straumen av informasjon.

Her er min måte å gjere det på, som eg kan anbefale; eg abonnerer på folk eg vil følge via Feedly, går gjennom blogginnlegga i Reeder, og lagrar tekstar i Instapaper som eg vil lese seinare.

Page 2 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén