Kategori: tips

Levande tankekart

Eg har tenkt ei stund på å skrive om digitale tankekart og korleis eg brukar dei, men eg har lurt på om det blir for omfattande og smalt. No har Mac-guruen Brett Terpstra imidlertid allereie skrive fyldig om akkurat dette, så da kan eg eigentleg berre henvise dit for den fulle forklaringa.

Eg brukar digitale tankekart til mange ting. Både til idémyldring, til å jobbe med disposisjon og til sjølve skrivinga.

I Mindnode går det an å lage svære og fine kart som eg kan flytte rundt på og forandre som eg vil, medan eg byttar på å jobbe på iPad, iPhone og Mac. På Mac kan eg bruke Marked til å forvandle kartet til eit dokument som eg kan sjå på samtidig som eg jobbar vidare med kartet.

Eg har skrive lange tekstar og rapportar på denne måten. Alt startar som eit dynamisk tankekart, der eg kan flytte rundt på boblene i kartet slik eg vil. Kvar boble blir til ei overskrift, og det går an å legge tekst inn i dei ulike boblene. På den måten kan eg skrive dokumentet nesten heilt ferdig i Mindnode. Til slutt eksporterer eg tankekartet som rein tekst, ferdig formatert i Markdown, og åpnar i Drafts, der det kan fortsette livet sitt som eit dokument.

Elegant kalkulator

Numbr

Dette er ei lita perle av eit verktøy. Å bruke Numbr føles som å rekne ut ting for hand på ein serviett, og så kjem svara opp av seg sjølv. (Veldig likt Soulver, men gratis, og enda enklare).

Numbr is a currency calculator combined with a notepad. You can use notes with numbers alongside each other. And all your numbers are instantly recalculated as you type.

Alt som er verd å vite

Eg har brukt utruleg mange timar på tips and tricks. På å lære om nye maskiner og programvare. Måtar å jobbe på, appar, snarvegar. Problemet er når eg brukar meir tid på å lære om potensialet ved ny teknologi, ny arbeidsflyt og nye system, enn faktisk å bruke det til å skape noko nyttig.

Ein ting eg kan slå fast etter årevis med lytting til podcastar og lesing av artiklar og googling om teknologi, produktivitet og tips og råd, er at David Sparks har gjort jobben med å finne ut alt som er verd å vite. Og han deler det. Han tilbyr skikkelig gode og grundige kurs der han formidlar akkurat det som er verd å vite om desse tinga. Ingenting å lure på lenger.

Asosiale medier

Etter så lang pause frå Facebook er det uvant å gå innom der. Det føles støyete og bråkete, omtrent som ein fortauskafé med litt for mange folk eg kjenner og litt for høg musikk. Eg går sikkert glipp av ting, men det er deilig å komme seg vekk frå ståket. Då vil eg heller lese meir og skrive meir.

Denne bloggen

Grunnen til å skrive denne bloggen er først og fremst å skrive den, så får formålet med den komme etterkvart. Eg kjem til å bruke den som eit verktøy for å dele eigne og andre sine idéar, og etterkvart skape ei slags idésamling.

Eg likar bloggformatet (eller RSS) for det gir meg muligheiten til å velge kven eg vil følge, og dermed styre straumen av informasjon.

Her er min måte å gjere det på, som eg kan anbefale; eg abonnerer på folk eg vil følge via Feedly, går gjennom blogginnlegga i Reeder, og lagrar tekstar i Instapaper som eg vil lese seinare.

Page 2 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén