Kategori: Ymse

Litt kvar dag

Små skritt, det er vegen å gå. Heller fokusere på å komme bittelitt lenger kvar dag enn å glane mot eit fjernt mål. Heller la seg motivere av å vere på veg enn av å ikkje vere framme. 

Litt kvar dag blir ikkje mykje i dag, men det blir mykje i lengda. Og før ein veit ordet av det, har ein fått til noko bra.

Som Ryan Holiday seier det:

«Forget outcomes. Focus on making a little progress every day.»

Litt kvar dag. Jevnt og trutt. Over lang tid. Då skjer det ting.

«Creating anything of consequence or magnitude requires deliberate, incremental and consistent work. One gain per day. That’s it. Focus on that.»

Historie

Eg har funne mykje glede i kanalen History Matters dei siste dagane. Dei har massevis av korte, animerte videoasnuttar som tar for seg eit eller anna spørsmål frå verdshistoria. Veldig mykje info på tre minutt, og veldig underhaldande. Verdshistoria er så omfattande og kompleks at det ikkje er mogleg å kunne alt, difor er det bra å kunne ta inn små, konsentrerte dosar. Nokre ting går igjen: mannfolk og erobring. Autoritære, ekspansive supermakter er ikkje noko nytt. Heller ikkje eineveldige herskarar. Men det er ikkje alltid dei får det som dei vil. For eksempel har ikkje USA fått lov til å kjøpe Grønland, sjølv om dei har spurt opptil fleire gonger. 

Nyheiter 

I går såg eg den første ordinære nyheitssendinga på nesten ei veke. Eg har ikkje vore innom nettaviser eller nyheitsnettstader på lenge. Ikkje NRK, ikkje VG, ikkje Guardian. 

Frå starten av krigen følgde eg utviklinga intenst. Sjekka alt ustanseleg. Aviser, TV, radio. Klarte ikkje å tenkje på noko anna. I takt med at engstelsen, søvnløysa og hjelpeløysa voks, innsåg eg at eg måtte stoppe opp. 

Eg hjelp ingen ved å sitje og glo på skjermen og følge krigen minutt for minutt. No sørger eg i staden for å halde meg informert, ikkje halde meg løpande orientert. 

Det som faktisk kan hjelpe er å donere til arbeidet med flyktningar. 

Ei ny tid 

Med eitt føltes alle bøker utdaterte, alle framtidsplanar irrelevante, alle draumar utopiske. Åra før 2020-talet føles som ei heilt anna tid. Ei tid som ikkje finst meir. Det var ei tid då det virka som verda ville bli ståande ei god stund til.

I dag føles det veldig lenge sidan nyttårsaftan 2019. I dag føles det som å leve på lånt tid.

I morgon vil det kanskje vere annleis. Ein ny dag blir det i alle fall.

Bok eg har lest i vinter – Breath av James Nestor

James Nestor har skrive ei lærebok i pusting. Høyrest ikkje så revolusjonerande ut, men det er kanskje det likevel. Eg plukka i alle fall opp eit par ting her som eg kjem til å bruke vidare. Eg oppdaga forfattaren på denne podcasten, og blei veldig nysgjerrig. Boka har blitt omtalt i eit par norske medier óg, ikkje minst på Lindmo, der Thomas Gjertsen fortél om praksisen med å teipe saman leppene på natta. Høyrest litt vilt ut, men det funkar. Redaktøren i Harvest, Kjetil Østli, har også testa det.

Eg har opplevd sjølv kor stor effekt det kan ha å kontrollere pusten, men denne boka tar alt eit skritt vidare. Definitivt ei bok som må lesast om igjen.

Vanar

Eg prøvar å legge til meg ein vane om å innarbeide nye, gode vanar. 

Det er ikkje alltid det går etter planen. 

Vanane er der uansett. Dei er berre ikkje alltid gode. Heldigvis går det an å vende dei. 

Det meste i livet ordnar seg med gode vanar og god tid. 

Sanninga mellom ytterpunkta

Det er sjeldan ein finn sanninga nøyaktig midt mellom to ekstreme synspunkt.

Obligatorisk heimekontor

Dette sitatet er treffande:

“We’re not working remotely. We’re surviving a global pandemic while trying to get some work done.”

Det er fint å kunne jobbe heimefrå, men vi gjer det fordi vi må, ikkje fordi det er så gunstig.

Det kan minne litt om videorommet på ungdomsskulen. Det var litt stas å få sjå film i timen. Men vi hadde ikkje orka eit heilt år på videorommet.

The Gottmans

Det er sjeldan ein får høyre ein podcastepisode så fylt av djup visdom og praktisk kunnskap for dagleglivet, om eit tema som er så livsviktig for alle vi som har andre menneske tett innpå oss. Men dette er altså ein sånn episode som burde stå på pensum i livets vidareutdanning. Brené Brown har intervjua John og Julie Gottman. Dei er dei mest anerkjente forskarane på parrelasjonar i verda, og dei lever etter sine eigne råd. Ein skikkeleg fin, morsom og ikkje minst lærerik samtale.

Eg var så heldig å få møte John og Julie Gottman då dei var i Oslo sist, og eg passa på å få takka dei for bøkene deira.

Her er link til episoden.

68 skikkeleg gode råd

Kanskje den beste oppdaginga eg gjorde på nettet i 2020 var denne lista med 68 råd frå web-guru Kevin Kelly. Det er ei liste det er verd å komme tilbake til igjen og igjen.

Det heile startar med:

“Learn how to learn from those you disagree with, or even offend you. See if you can find the truth in what they believe.”

Eitt av favorittråda mine er dette:

“A worthy goal for a year is to learn enough about a subject so that you can’t believe how ignorant you were a year earlier.”

Dette er også fint:

“To make something good, just do it. To make something great, just re-do it, re-do it, re-do it. The secret to making fine things is in remaking them.”

Og det finaste av alle er dette:

“Trust me: There is no “them”.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén