No har eg omsider kasta meg for alvor ut i Obsidian. Dette er ein app eg har utforska ei stund.

Det dukkar stadig opp spennande program innanfor det ein kallar for Personal Knowledge Management (PKM). Craft er eit slikt program, og det brukar eg no dagleg. Sidan Craft har blitt ein del av Setapp-abonnementet, kan eg bruke programmet fritt, utan begrensningar. Drafts, som er den appen eg brukar aller mest, fungerer på sett og vis som ein PKM-app også. Notion er eit anna veldig interessant program, som eg testar ut frå tid til anna.

Men tilbake til Obsidian. Obsidian er ein app som mange er opptekne av for tida. Eit kjenneteikn ved appar som denne er det å kunne kople saman små notat og kunne hoppe fram og tilbake mellom dei som ein slags personleg Wikipedia. Der er eg godt i gang med Craft, og delvis Drafts. Men det er noko Obsidian gjer som skiller seg ut, nemleg Graph View. Med den får eg opp ein slags interaktiv, bevegeleg stjernehimmel som viser trådar mellom alle dei ulike notata mine, og samanhengene blir veldig konkrete. Eg likar visuelle framstillingar av ting, difor appellerer tankekart til meg. Men i motsetjing til tankekarta eg lagar sjølv i Mindnode, konstruerer Obsidian heilt eigne, dynamiske tankekart som viser relasjonen mellom alt eg har notert. Djupt fascinerande og nesten litt magisk.

Tenk om eg hadde hatt alle desse verktøya då eg studerte for tjue år sidan. Då hadde eg nok ikkje hatt like mange permar lagra i boda som eg har i dag.