Stikkord: band

Beatles

Det er 25. november, altså dagen då den første delen av den nye Beatles-dokumentaren er ute. Timevis med Beatles-magi. Det slår meg at eit så eksepsjonelt band med musikarar av enorm historisk betydning samtidig er eit heilt vanleg band med nokre fyrar i slutten av tjueåra som er glade i å henge og spele og jamme. Slik var det å vere band for femti år sidan og slik er det no. Og slik var det sikkert for hundre år sidan. Eg ser på opptaka, og det er som om femti år ikkje betyr noko, det er som om Paul McCartney skriv Get Back akkurat no. Noko som er verkeleg sprøtt, for det er nemleg like stor avstand i tid mellom Get Back-opptaka og til i dag, som til den russiske revolusjonen i 1917.

Eg trur nok Beatles vil sette spor etter seg.

Marimbondo Gigante

Rocketrioen min gir ut sin første EP i dag! Fire låtar med tropisk rock. Underteikna på bass og vokal, Torbjørn Sandvik på gitar, Ole Andreas Olafsrud på trommer. Enjoy!

Marimbondo Gigante – Apple Music

Marimbondo Gigante – Spotify

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén