Stikkord: blogg

Utanfor algoritmane

Eg er ein sporadisk bloggar, men eg likar dette formatet, difor kjem eg til å halde fram med det. Eg likar tanken på at det eg skriv er mitt domene. Eg treng ikkje håpe på at ein eller annan sosial plattform held seg i live for å kunne lese dette om tjue år. (Kjipt for dei som satsa på Myspace i si tid.)

Simon Reynolds i The Guardian tenker på samme måten om blogging. “I’ll never stop blogging: it’s an itch I have to scratch – and I don’t care if it’s an outdated format”.

Eg likar blogosfæren. Den er full av smarte og intelligente folk som skriv og deler interessante ting, heile tida. Her er ei liste med 25 bloggar som kjem med ein garanti for at lesaren blir klokare. Eg treng ikkje nødvendigvis å bli klokare kvar gong eg les noko, men eg ser etter det som er spanande og interessant. Og det finn eg mykje av når eg ser utanfor allfarveien til algoritmene og dei store sosiale media. Det er mange interessante og inspirerande folk der ute, som skriv og publiserer heilt på eiga hand. Det burde fleire gjere.

Mine eigne ord

No som verdas rikaste mann har kjøpt Twitter med rubbel og bit er eg enda meir glad for at eg eig innhaldet mitt sjølv, her i min lille avkrok av nettet. 

Sosiale medie er ikkje allemannseige, men éinmannseigde. Det gjeld ikkje minst Twitter og Facebook. Éin dag er dei borte, og innhaldet med. Så eg skriv heller her, på mi eiga side. Her skal det eg skriv, la stå. Så får dei som har tid stikke innom og helse på.

Eit år

Eitt år har gått sidan eg starta denne bloggen. Eg starta den fordi eg ville skrive ned ting eg tenkjer på, og la dei bli ståande. Skrive, dele, og skrive meir. Tekstane eig eg sjølv, og eg skriv like mykje for meg sjølv som for andre.

Tankar som ikkje blir skrivne ned blir borte for alltid. Nedskrivne tankar blir óg borte, om det ikkje blir gjort tilgjengeleg for andre. Så her finst nokre av mine eigenproduserte tankar for dei som måtte vere interessert.

Eg starta med eit mål om å leggje ut tekstar dagleg. Det har ikkje skjedd, men det gjer ikkje så mykje. Eg har aldri publisert så mykje i mitt liv som eg har gjort dei siste tolv månadene.

Eg har skrive for å ta vare på interessante tankar, tips og idéar som kan kome til nytte, enten for andre eller for meg sjølv. Mange av dei gode råda mine treng eg sjølv å bli mint på.

Det som er sikkert er at denne bloggen har blitt meir enn eit eksperiment. Eg kjem til å halde på vidare. Om nokon les dette eller ikkje, så har eg skrive det, og det blir ståande.

Om det er meg eller nokon andre som kjem til å lese dette om ti eller tretti år, kan eg i alle fall seie – det var omtrent dette eg hadde i tankane i skrivande stund, i starten av januar 2022.

Det fine med nettet

Det går an å styre straumen av input som flaumar inn over oss via internett.

For min del er ikkje Facebook eller Twitter måten å gjere det på. Det fins betre måtar ein kan bruke internett. Det eg likar å bruke er RSS, som står for Real Simple Syndication, og som på norsk kan kallast «levande bokmerke». Bjørn Stærk har skrive ein god artikkel om dette.

Med RSS kan eg lage mitt eige, personleg tilpassa magasin. Det gjer eg ved å abonnere på ei nettside eller blogg via Feedly, for så å lese artiklane i Reeder. Det eg vil lese seinare, lagrar eg i Instapaper. Slik kan eg fokusere på lesing, og få inspirasjon til skriving, utan å åpne ei einaste nettside.

Denne bloggen

Grunnen til å skrive denne bloggen er først og fremst å skrive den, så får formålet med den komme etterkvart. Eg kjem til å bruke den som eit verktøy for å dele eigne og andre sine idéar, og etterkvart skape ei slags idésamling.

Eg likar bloggformatet (eller RSS) for det gir meg muligheiten til å velge kven eg vil følge, og dermed styre straumen av informasjon.

Her er min måte å gjere det på, som eg kan anbefale; eg abonnerer på folk eg vil følge via Feedly, går gjennom blogginnlegga i Reeder, og lagrar tekstar i Instapaper som eg vil lese seinare.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén