Stikkord: brasil

Ny musikk eg har høyrt på i sommar – Plínio Fernandes

Eg oppdaga først Plínio Fernandes gjennom spelelista “Classical Motivation” på Apple Music. Coveret på albumet viser ein ung gitarist i djup konsentrasjon, i ei burgunderraud piquetskjorte med ein smakfullt matchande bakgrunn.

Namnet avslører at han er brasiliansk. Estetikken får meg til å tenke på gamle jazz og bossa nova-plater frå 50- og 60-talet. Eg får Luís Bonfá i tankane. Eller kanskje Toquinho.

Blant dei første singlane på plata er Assanhado, ein choro av Jacob do Bandolim, den brasilianske mandolinmeisteren som Ånon introduserte meg for i si tid.

«Valseana» er eit aldeles nydeleg stykke av Sérgio Assad, som Badi Assad ga ut på sitt soloalbum i 1993. Eg kjøpte den plata på platebutikken i Skien og sat med CD-spelaren og prøvde å plukka låta tone for tone. No, tretti år seinare, blir eg gjenintrodusert til låta i Plínio Fernandes sin versjon.

Eit anna spor er den nydelege arien frå Bachianas brasileiras No. 5 av Heitor Villa-Lobos, med Sheku Kanneh-Mason på cello. Ein av få cellistar som verkeleg har fått meg til å stoppe opp og lytte. Sheku og Plínio spelar óg i lag på Sheku si eiga soloplate, ein nydeleg versjon av Scarborough Fair.

Desse tankane gjer eg meg når eg les og ser den kortfatta informasjonen som er å finne i Apple Music. Eg blir nysgjerrig på denne Plínio Fernandes. Ikkje ein arketypisk klassisk musikar med kun europeiske anar, men ein ung, kul, arketypisk brasilianar.

På videoane som er lagt ut frå plateselskapet blir han intervjua om bakgrunnen hans og om plata. For ein fyr. Kloke refleksjonar om kultur, bakgrunn, tilhørigheit, representasjon innan klassisk musikk, og kor viktig det er for unge å ha førebilete som liknar dei og som dei kan kjenne seg igjen i. Det finst ikkje altfor mange melaninrike musikarar innanfor klassisk musikk, og dei få førebileta har vore viktige for han. Han fortel om samarbeidet med Sheku Kanneh-Mason og med dei andre, og om den nydelege låta «Beatriz» av Chico Buarque som er med på plata, som eitt av fleire songar frå den brasilianske populærmusikalske kanon.

Dette er heilt klart ein hardtarbeidande ung musikar med eit eksepsjonelt talent, som no tar steget ut på den globale scena, med eit utsøkt album. Ein arvtakar både etter klassiske gitaristar som Sérgio og Odair Assad, og etter bossanovagitaristar som Luis Bonfá og João Gilberto.

Brasiliansk musikk til folket

Brasiliansk musikk har vore ein viktig del av livet mitt sidan tenåra. Mitt inntrykk er at dei fleste her til lands ikkje veit så veldig mykje om brasiliansk musikk, sjølv ikkje dei som kan veldig mykje om musikk. Unntaka er folk som enten er frå Brasil sjølve, eller kjenner språket og landet veldig godt.

Dette er jo ikkje rart, i og med at folk ikkje blir eksponert for musikken, ikkje forstår språket og ikkje kjenner alle historiene bak. Difor blei eg glad for å sjå videoen «How Brazil´s Music Hid Protest Inside Harmony» med den svært dyktige amerikanske musikk-youtubaren Chris Cornell. Han har verkeleg brukt tid på å setje seg ordentleg inn i musikken og historia bak, og presenterer det med ein intelligent og smakfull innpakning.

Chico Buarque er ein av mine absolutte favorittar, og låta Construção er ein av mine favorittlåtar. Det enkle, samtidig ekstremt komplekse gitarspelet er genialt. Det er veldig imponerande å få historien til Chico Buarque og denne låta forklart og gått gjennom på denne måten. Det var fleire ting her eg ikkje visste, blant anna at blåserekka imiterer trafikkstøy.

«One of the most impactful pieces of songwriting I’ve ever seen»

Brasils svar på Bob Dylan, John Lennon og Paul McCartney kan gjerne kome meir fram i lyset.

Importerte idéar

Det finst mange merkelege argument mot å drive antirasistisk arbeid. Blant dei merkelegaste er idéen om at ein smuglar til seg framande amerikanske idéar. Denne veka dukka dette argumentet opp på Dagsnytt 18, i ein debatt om den nye handboka mot rasisme frå Minotenk.

Lisa Esohel Knudsen argumenterer roleg og sakleg om temaet, ho veit korleis det faktisk er å vekse opp med rasisme i dagens Norge. Medan denne professor emeritus Kaare Skagen viser at han aldri kjem til å skjøne kva han snakkar om, sidan han tydelegvis bur i si eiga verd, teoretisk fri for rasisme.

For det første tar det seg jo aldri pent ut å argumentere mot antirasistisk arbeid. Det er nok av sterke krefter som jobbar på feil side av denne saka.

Påstanden om at antirasistisk arbeid inneheld eit slags framand, importert tankegods frå Amerika er så snever og gamaldags at sjølv grunnlovsfedrene frå 1814 framstår som moderne. Dei lot seg jo villig inspirere av importert amerikansk tankegods. Til og med flagget vårt er inspirert av USA. Å tilpasse internasjonale idéar til norsk kontekst har vi gjort bestandig.

I tillegg er det veldig pussig at dei insisterer på at moderne antirasistisk arbeid er ei amerikansk greie. Då kan dei ikkje ha fulgt med på debattane i Brasil.

Det dei eigentleg prøvar å seie med dette argumentet, er at rasisme ikkje er så viktig. Eigentleg fins det ikkje rasisme i lille, snille Norge, så vi treng ikkje å forhalde oss til det.

Dette minnar meg faktisk om noko eg ofte høyrde ofte i Brasil då temaet kom opp. Rasisme? Her? Nei, det er ikkje så ille her. Det er i Amerika det er ille.
Ikkje her.

OD-dagen

I dag var det OD-dagen. Operasjon Dagsverk er noko av det finaste eg veit, og det har vore ein viktig del av livshistoria mi. Eg sat i klasserommet på Gulset ungdomsskule og blei prega av historiene om tortur av politiske fangar i Chile då OD gikk til Amnesty i 1990. Hausten 1995 var eg på utveksling i Brasil, samtidig som OD gjekk til utdanning for brasiliansk ungdom. Slik kom eg i kontakt med dei lokale OD-støtta prosjekta i Brasil, og med Kirkens Nødhjelp, som var samarbeidspartnaren det året. Tilbake i Skien blei eg med i distriktskomiteen i Telemark den hausten OD skulle gå til utdanning for jenter i Afghanistan, samtidig som det nye Taliban-regimet rulla inn i landet. Året etter vart eg med i hovudkomiteen, og flytta til Oslo. Den hausten gjekk OD til Amazonas, og eg fekk reise og besøke Yanomamifolket, djupt inne i den brasilianske regnskogen. Etter det var eg med å organisere utveksling med ungdom som ville starte OD i Brasil.

Så spolar eg mange, mange år fram i tid, og eg har ein son som jobbar på OD-dagen for første gong, og kontoret mitt er fullt av OD-elevar, fordi det er min organisasjon, KFUK-KFUM, ved KM Global og YMCA South Africa som skal kanalisere pengane til ungdom i Sør-Afrika. OD går ut på det same no som før. Solidaritet ungdom imellom. Det gjer meg stolt, glad og håpefull.

Å få historia rett i fleisen

Marina Amaral får gamle fotografi til å sjå nye ut, og det gjer inntrykk på meg. Ho brukar historisk research til å finne fargane som var der då biletet blei tatt. Handverket og fokuset på detaljar er ekstraordinært i seg sjøl. Det er likevel noko meir, noko med bileta som gjer at det ikkje går an å ta auga frå dei.

Dette biletet frå serien “Faces of Aushwitz” for eksempel. Prøv å sjå på det utan å få frysningar. Denne kvinna kunne ha vore ein ung aktivist i 2021. Men ho heitte Sophie Scholl og blei avretta av nazistane i 1943. Marina Amaral veit veldig godt at ho vekkjer historia til live, og ho brukar det til å peike på slaveri, rasisme og undertrykking. Det som skjedde då, det skjer no. Når ein brasiliansk kulturminister siterer Goebbels i 2020, er det umuleg å late som at holocaust er eit tilbakelagt fenomen.

Og så er det mange bilete som berre er direkte fascinerande. Ta dette biletet av krigsfangar frå første verdskrigen, rundt 1918. Ein gjeng med karar frå Vietnam, Tunisia, Senegal, Russland, Sudan, Portugal og England. Kva prata dei om i fangenskap? Sat dei og løyste verdsproblem på kveldane? Korleis ville dei ha sett for seg andre verdskrigen, FN, slutten på kolonitida, vietnamkrigen, Brexit?
Og så dette biletet av Lewis Powell. Han var ikkje ein fotomodell frå 1965. Han var ein av dei som var med på drapet av Abraham Lincoln. Nærare bestemt i 1865.

Å sjå fortida i fargar er ei påminning om kor nær den er.

Dei 5 viktigaste albuma i livet mitt, del I

Milton Nascimento og Lô Borges (1972). Clube da Esquina

Det var på Skien vidaregåande eg først fekk ideen om å reise eit år til utlandet. Gulset var trygt, men det føltes for trygt. Sjølv om det var skummelt, måtte eg utvide horisonten. Eg kunne alltids prøve å dra til USA, tenkte eg. Men det appellerte liksom ikkje.

Heilt til eg høyrde om Christian, som hadde vore på utveksling i Brasil. Det var altså mogleg for ein 17-åring frå Skien å dra heilt til Brasil – og kome heim igjen. Eg skjønte straks at det var dit eg måtte dra.

Christian ga meg ein kassett med brasiliansk musikk. Nøye utvald brasiliansk kvalitetsmusikk. Ikkje gammal bossa nova, som eg trudde dei fleste i Brasil høyrde på. Det var musikk som går under den litt vage kategorien MPB, som står for Música Popular Brasileira. Brasiliansk, populær kvalitetsmusikk.

Milton Nascimento. Ein mann med gitar, sixpence og englestemme. Poetisk, kompleks, enkel og nydeleg musikk. Og på portugisisk. Dette språket skulle eg lære meg. Kassetten tok meg til ein plass eg visste eg måtte utforske. Eg var på veg.

Clube da Esquina.

Samfunnet

Det kan vere nyttig å sjå til Brasil for å lære om kor forkvakla eit samfunn kan bli. Det er eit samfunn der mange av dei som er veldig, veldig rike ikkje kan skjøne anna enn at det må kunne gå an å kjøpe seg vaksinering når ein først har råd til det.

Det at rikingar kan meine det er greitt å betale seg fri er kvalmande og uforståeleg for dei fleste av oss. Men for veldig, veldig mange er det heilt uproblematisk.

Tenk om ei skuleklasse i Oslo hadde fått denne beskjeden: Vi har to vaksinedosar. Dei to elevane som har best råd i denne klassen skal få. Dei andre må vente.

De fleste hadde berre ledd. Barna hadde garantert sagt i frå.

Men kva om desse ungane ikkje hadde gått i same klasse? Kva om dei to privilegerte ungane hadde gått i ei klasse for seg, eller på ein skule for seg, eller budd i ein bydel for seg? Då er det kanskje ikkje så utenkjeleg lenger med forskjellsbehandling? Eller?

Det er ikkje eit godt teikn når Oslo begynner å likne på Brasil.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén