Stikkord: deichman

Dei beste bøkene eg las i 2022

The Extended Mind av Annie Murphy Paul

Den klart beste boka eg har lest i år. Eg held på å lese den på nytt. Den ga meg masse innsikt.

Say Nothing: A True Story of Murder and Memory in Northern Ireland av Patrick Radden Keefe

Den nest beste. Ei utruleg intens og uforgløymeleg bok om krisa i Nord-Irland. Ein spenningsroman, true crime, historisk, gripande. Den hadde alt.

De tibetanske ritene av Audun Myskja

Han seier at ritane forlenger livet, og eg trur på han.

Stillness Is The Key av Ryan Holiday

Ein klok fyr, han Ryan Holiday. Og han har lest mange andre kloke fyrar.

Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård

Knausgård skriv berre så utruleg godt.

Breath av James Nestor

Den fekk meg til å tenkje på korleis eg pustar, ikkje minst om natta, og no søv eg mykje betre.

The Offer (Serie)

Eg har nettopp sett ferdig ein serie som var mynta akkurat på meg. Den handlar om ein film eg har eit spesielt forhold til.

The Offer er historia om Gudfaren, frå før filmen blei til. Den handlar om alle dei vanvittige krumspringa og hindringane filmskaparane måtte gjennom for å få lage filmen som no, femti år etter, er rekna som kanskje den mest ikoniske gjennom tidene. Den handlar om kor mykje som måtte til for at ideen, visjonen og kunsten skulle vinne fram. På den eine sida har ein dei kreative og visjonære, skaparane, og på den andre sida direktørane, som kun er opptatt av inntjening, berømmelse og profitt. Men det er meir nyansert enn som så. Karakterane er ikkje anten medspelarar eller motspelarar – dei er samspelarar, der alle er heilt avhengige av kvarandre for at filmen skal få eit liv. Alle hadde dei ei rolle å spele. Det som blir gjort heilt tydeleg, er at det er nødvendig å ha ein idé, tru på den, og så kjempe for den med alle middel.

Eg har sett Gudfaren fleire gonger. Eg såg den første gong då eg nettopp hadde flytta til Holmlia i 2006 og brukte Deichmanske bibliotek avdeling Holmlia som mi andre stove. Med tilgang på alt av bøker, musikk og filmar frå alle bibliotek i Oslo, kom eg over ei lekker boks med Gudfaren-trilogien. Eg var ikkje heilt sikker på om eg skulle orke å sjå gjennom heile, men tenkte eg kunne prøve. Det var noko med stilen på omslaget som appellerte til meg. Det slo meg at eg ikkje hadde fått med meg at Gudfaren var Al Pacino si gjennombruddsrolle. Eg hadde heller ikkje fått med meg at oppfølgaren var gjennombrotet til Robert de Niro. Og Marlon Brando hadde eg berre sett som eldre skodespelar i «Don Juan» med Johnny Depp. Her er han Gudfaren sjølv. Det er så mange roller i den filmen som eg berre digga. Eg digga Robert Duvall som consegliere Tom Hagen. (Ein tragedie at han ikkje er med i film 3). Eg digga når faren til Francis Ford Coppola, Carmine Coppola, spelar piano medan mafiagjengen ligg i dekning. (Låta heiter This Loneliness. Eg held på å øve den inn.)

Og – kanskje mest av alt – diggar eg musikken. Det går ikkje an å sjå for seg filmen utan musikken til Nino Rota. Filmmusikken er ein av karakterane i filmen. Det startar med den einsame trompeten i åpningsscena. Musikken er uløyseleg frå filmen. (Merkeleg nok fekk filmmusikken ingen plass i TV-serien.)

Sidan har eg sett Gudfaren på macen på toget, på mobil heime, eg har sett den på eit enormt lerret i Oslo konserthus, med eit symfoniorkester som framførte musikken bilde for bilde. Det var magisk. Eg har sett filmen med kommentarspor frå regissøren, eg har sett alle bakomfilmane, eg har sett klipp frå James Caan sin audition til rolla som Michael Corleone. Eg har lært meg å spele tittelmelodien på mandolin. Og så vidare.

Med andre ord var eg utvilsamt midt i målgruppa for serien The Offer. Likevel trur eg ikkje det er nødvendig å ha sett filmen for å ha glede av serien. Det vil imidlertid vere nødvendig å sjå filmen med ein gang ein er ferdig med serien.

Historien om filmen er verd ein film i seg sjølv. Det handlar om å kjempe for kunsten når det er nødvendig å kjempe for den. Og så er det ikkje minst ei fantastisk historie.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén