Stikkord: extended mind

Tanketrådar

Eg vurderer å gå fullt inn i Obsidian. Eg har brukt Craft ein del, som eg har skrive om tidlegare, men eg merkar at eg ikkje brukar lenkjefunksjonen i Craft så mykje som eg hadde håpa. Det er vakkert og estetisk i Craft, men etter å ha høyrt på podcastepisoden med Nick Milo i Mac Power Users og sett på videoane til Linking your Thinking, blir eg fascinert av den tekstbaserte enkelheten i Obsidian, og det grunnleggande ved programmet, nemleg å ikkje berre sanke tankar og idéar, men å setje dei saman til nye. Det blir som å ha ei kasse med lego. Det er mykje artigare å bygge noko enn å berre ha klossane liggande der. Etter å ha sett det dynamiske tankekartet som byggjer seg sjølv etter som Obsidian knyttar idéar saman, ser eg at dette er ein heilt unik og nyskapande måte å bygge kunnskap på. Eg har tusenvis av små notat som ligg i ein gigantisk digital haug, enten i Drafts, i Notater eller andre plassar. Dersom eg kan samle saman alle desse små notata og idéane og få dei til å koble seg saman av seg sjølv, så kan det bli ei skikkeleg sinnsforlengar, ein ”Extension of the Mind”, som Annie Murphy Paul skriv om i The Extended Mind, boka eg eg ikkje får ut av sinnet. Det er ikkje nok med éin måte å jobbe på. Jo nærare det digitale kan kome den fysiske verda, jo betre. Difor må vi ha verktøy som appellerer til ulike delar av sinnet.

Bok: The Extended Mind av Annie Murphy Paul

Eg har nettopp lest The Extended Mind av den anerkjende vitskapsskribenten og forskingsformidlaren Annie Murphy Paul. Eg kom over boka via podcasten Focused, der ho blir intervjua av David Sparks og Mike Schmitz.

Eg trur aldri eg har gula ut og notert så mykje i ei bok nokon gong. Det er sjeldan eg les ei bok og kjenner at så mange ting fell på plass, at ting eg har gått og kjent på lenge blir bekrefta om og om igjen. Denne boka kjem til å vere med i bagasjen min framover.

Boka handlar i bunn og grunn om at tankane ikkje berre skjer i hjernen. Veldig mykje av tankeverksemda vår foregår i eit tett samspel mellom hjernen vår og det som er rundt oss. Kroppen vår, omgjevnadene våre og menneska rundt oss fungerer som utvidingar og forgreiningar av sinnet. Vi tenkjer med kroppen, vi tenkjer med tinga vi har rundt oss, og vi tenkjer gjennom folka omkring oss. Det er ikkje slik at hjernen er som ei datamaskin, som leverer det same svaret kvar gong, uavhengig av stad og situasjon. Hjernen – og sinnet – er svært avhengig av kontekst. Annie Murphy Paul foreslår ein ny metafor for hjernen, som verken er ein datamaskin eller ein muskel. Nemleg at hjernen er ein fugl. Nærare bestemt ei skjor (eller skjære, på bokmål). Den svarte og kvite, og smått irriterande fuglen samlar alle slags ting frå alle moglege kantar, tar det med heim og brukar det som materiale. Eg har tenkt på om ikkje Askeladden óg kan vere ein god metafor. Han samlar tilsynelatande unyttige ting på vegen som viser seg å kome til nytte seinare. (Blant anna ei skjor).

Det er gjennom å bruke tankekraft som går forbi hjernen at vi menneske har overlevd opp gjennom. Det er det vi har utvikla oss til, nemleg å bruke hjernen i symbiose med naturen, med folka rundt oss, og ved å bruke kroppen vår. Hjernen er ikkje laga for å vere åleine.

Hjernen er ikkje ein datamaskin. Den er ikkje ein muskel som kan trenast opp med hjerneøvingar. Hjernen har sine naturlege begrensingar, og det er ikkje slik at vi kan sitje stille og satse på at den jobbar for oss. Difor treng vi å ta i bruk kroppen, omgjevnadene rundt oss, og folka rundt oss, for at tankane skal vere frie. Vi tenkjer alltid med kroppen, vi tenkjer alltid med omgjevnadene, og tenkjer alltid ved hjelp av andre folk. Anten vi er klar over det eller ikkje.

Eg har alltid tenkt best når eg skriv tankane ned på papir, og gjerne når eg teiknar litt. Eg likar å sjå tankane mine foran meg. Når eg skriv, likar eg å flytte teksten frå éin stad til ein annan, ved å visualisere, bruke figurar. lage tankekart, teikne, bruke fleire skjermar, eller skrive teksten ut på papir. Murphy Paul kallar dette cognitive offloading. Vi avlastar hjernen ved å forme tankane våre til noko fysisk vi kan ta på.

Vi er også “loopy creatures” som ho seier. Vi kan bruke mange sløyfer og omvegar, eller loops på vegen til innsikt. Ei slik tankesløyfe kan vere å skrive tanken ned på eit papir, så teikne oppå det, deretter diskutere det med nokon andre, så skrive det ned på nytt, osv. Tanken er ikkje ein lineær prosess der vi trykker på ein knapp og får svaret.

Vi menneske er i bunn og grunn sosiale vesen. Vi er skrudd saman for å følge med på folka rundt oss. Dette gjer vi bevisst eller ubevisst, heile tida. Vi kan ikkje skru av den radaren. Jobben til mange av oss går stort sett ut på å tolke abstrakte symbol og konsept, i form av tekstar og komplekse tankerekkjer. Kontorarbeid, som det óg kan kallast. Dette er ikkje det vi i utgangspunktet er skrudd saman for. Det vi derimot er skrudd saman for, er å forholde oss til og følge med på andre menneske. Det vil seie at vi alltid lyttar til andre stemmer, og alltid observerer andre folk i augekroken.

For at vi skal få til komplekse oppgåver utan å bli konstant distrahert av folk rundt oss, treng vi å skjerme oss. Vi treng veggar. Det er ein av grunnane til at åpne kontorlandskap fungerer mot si hensikt.

Vi beveger hendene når vi pratar. Det er fordi vi tenkjer gjennom å bruke kroppen vår. Hendene uttrykker det vi tenkjer. Før menneska hadde verbalt språk, hadde vi fakter. Før vi er i stand til å uttrykke tankane gjennom munnen har faktene uttrykt dei gjennom kroppen. Difor er det viktig å la faktene sleppe til.

Magekjensle er reelt. Vi får så mykje informasjon og signal frå omverda som hjernen ikkje er i stand til å fange opp, men som kroppen registrerer. Eit fascinerande funn forfattaren fortel om er frå finansbransjen. Dei aksjemeklarane som lukkast best er ikkje dei som har best utdanning i talknusing, men dei som klarar å kjenne etter kva kroppen fortél. Ho kallar dette interoception. Evna til å lytte til signal frå kroppen. Dei aksjemeklarane som kunne kjenne hjarteslaga sine fekk best resultat. Det er kroppen som tenkjer, og som er i forkant av det hjernen greier å fange opp.

Ho skriv også om fidgets. Desse leikene som har vore veldig populært i det siste. Eg har tenkt at det er litt tullete, men forfattaren kallar det embodied self-regulation, noko vi har godt av. Vi brukar såpass mykje energi på å sitje stille, at det er bra for oss å la kroppen vere engasjert i ei rørsle, sidan det stimulerer tenkinga. Dette gjeld ikkje minst ungar, som ikkje lærer best ved å sitje stille ein heil dag.

Ei svært tankevekkjande bok, på mange måtar. Eg er i gang med andre gjennomlesing allereie.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén