Stikkord: historie Page 1 of 2

Brasiliansk musikk til folket

Brasiliansk musikk har vore ein viktig del av livet mitt sidan tenåra. Mitt inntrykk er at dei fleste her til lands ikkje veit så veldig mykje om brasiliansk musikk, sjølv ikkje dei som kan veldig mykje om musikk. Unntaka er folk som enten er frå Brasil sjølve, eller kjenner språket og landet veldig godt.

Dette er jo ikkje rart, i og med at folk ikkje blir eksponert for musikken, ikkje forstår språket og ikkje kjenner alle historiene bak. Difor blei eg glad for å sjå videoen «How Brazil´s Music Hid Protest Inside Harmony» med den svært dyktige amerikanske musikk-youtubaren Chris Cornell. Han har verkeleg brukt tid på å setje seg ordentleg inn i musikken og historia bak, og presenterer det med ein intelligent og smakfull innpakning.

Chico Buarque er ein av mine absolutte favorittar, og låta Construção er ein av mine favorittlåtar. Det enkle, samtidig ekstremt komplekse gitarspelet er genialt. Det er veldig imponerande å få historien til Chico Buarque og denne låta forklart og gått gjennom på denne måten. Det var fleire ting her eg ikkje visste, blant anna at blåserekka imiterer trafikkstøy.

«One of the most impactful pieces of songwriting I’ve ever seen»

Brasils svar på Bob Dylan, John Lennon og Paul McCartney kan gjerne kome meir fram i lyset.

Historie

Eg har funne mykje glede i kanalen History Matters dei siste dagane. Dei har massevis av korte, animerte videoasnuttar som tar for seg eit eller anna spørsmål frå verdshistoria. Veldig mykje info på tre minutt, og veldig underhaldande. Verdshistoria er så omfattande og kompleks at det ikkje er mogleg å kunne alt, difor er det bra å kunne ta inn små, konsentrerte dosar. Nokre ting går igjen: mannfolk og erobring. Autoritære, ekspansive supermakter er ikkje noko nytt. Heller ikkje eineveldige herskarar. Men det er ikkje alltid dei får det som dei vil. For eksempel har ikkje USA fått lov til å kjøpe Grønland, sjølv om dei har spurt opptil fleire gonger. 

Bok eg har lest i vinter – Say Nothing av Patrick Radden Keefe

Say Nothing av Patrick Radden Keefe er ei av dei beste bøkene eg har lest på veldig lenge. Ei sann historie frå konflikta i Nord-Irland, The Troubles. Ei rystande og ufatteleg engasjerande bok. Han skriv både ei sterk forteljing om eit personleg drama, ei historiebok om ein lang konflikt og ein spenningsroman. Eg sit igjen med ei kjensle av å kjenne til ei historie eg tidlegare berre hadde høyrt om.

Denne dagen, tjuefjerde februar 2022.

Dette er ein tung dag. Despoten i aust tvingar seg inn i historia ved å føre oss alle inn i krigen han har fantasert om. Akkurat som despotar og tyrannar før han, går han over lik for å skrive seg inn i historiebøkene. Eg tenkjer på Ukraina og på Russland no. Eg håpar eg slepp å skrive det same om mitt eige land om nokre år.

Bok eg har lest i haust – Hekneveven av Lars Mytting

Når eg har lest Søsterklokkene, måtte eg lese Hekneveven. Historie, magisk realisme, tragedie, håp, mystikk. Alle historiene som vever seg inn i hovudhistoria, og med sjølve mysteriet Hekneveven. Starten av boka gjorde særleg inntrykk på meg, med historia om skottetoget som gjekk gjennom Gudbrandsdalen i 1612. Eg tenkjer på alle turane frå Austlandet til Vestlandet gjennom Gudbrandsdalen som eg har hatt i løpet av livet. Historia om Prillar-Guri som pappa fortalde. Alle gongene eg har stoppa med nattbussen på Sinclair kro. Og så lite eg har visst om den grufulle historia som ligg bak. Eg har venta på ein forteljar som Lars Mytting, ein som fortel slike fantastiske historier.

Bok eg har lest i haust – Søsterklokkene av Lars Mytting

Eg har lenge leita etter ei stor leseoppleving. Det å bli oppslukt og dratt med av ei bok, og å få kjensla av at den vart skriven for at eg skulle lese den.

Så fann eg ei slik bok, nemleg Søsterklokkene av Lars Mytting. Ei fantastisk vakker bok. Kvar setning og dialog eit lite, lågmælt kunstverk. Historie, legender, dalfører, kunst, mystikk, stavkyrkjer, konflikt mellom tradisjon og modernitet, sorg, kjærleik.

Eg er nettopp ferdig med den, og kjenner på vemodet over å ha lest den ferdig. Det kjennast litt som å bli kjent med ein ny venn, som så må dra sin veg.

Glad for at eg fann den, og trist over å vere ferdig med den.

Oppdatert eller kunnskapsrik

Det er ein skilnad mellom å vere oppdatert og å vere opplyst. Ein kan sjå på nyheitssendingar i ei veke og bli oppdatert utan å bli kunnskapsrik. Det er éin ting å sjå på nyheitene heile dagen. Det er noko anna å lese ei god historiebok. Ein kan la seg rive med av den nyaste nyheitsstraumen, eller ein kan gå til kjeldene og hente fram kunnskap som har modna seg lenge. Å sjå på er ikkje det same som å forstå. Det det ser ut som er ikkje nødvendigvis slik det heng saman. Nyheitene viser forgrunnen, medan bøkene forklarar bakgrunnen. Vi kan forstå meir gjennom gamle historier enn gjennom siste nytt.

Bok eg har lest i sommar: Hvitekrist av Tore Skeie

Hvitekrist av Tore Skeie er ei av dei mest velskrivne bøkene eg kan hugse å ha lest på lenge. Ei fantastisk skildring om Olav Haraldsson og dei norrøne kongane, som gjer dei om til ekte menneske og ikkje berre mytiske sagafigurar. Han skriv om korleis dei herja og plyndra og erobra og fór rundt omkring frå Giske til Istanbul til Dublin og Cordoba. Og eg får innblikk i korleis det kan ha vore å vere der. Eg gler meg til dei neste bøkene.

Tradisjonelle fag

I dag fann eg fram ei gamal oppgåve eg leverte i 2001, for nøyaktig tjue år sidan. Oppgåva heiter «Klimpring på norsk» og eg leverte den som del av andreåret på folkemusikkstudiet på Rauland, ved Universitetet i Sørøst-Norge. Tittelen på oppgåva gir fullt ut meining for meg, men eg innser at det kanskje ikkje er slik for alle andre. Det handlar om gitaren si rolle i norsk folkemusikk, om du måtte lure.

Å sjå den oppgåva minnar meg på at eg har tatt nokre studieval som nok er litt nisjeprega. Når folk spør kva eg har studert, må eg ofte trekke pusten og gjere meg klar for litt forklaring.

Fagkombinasjonen min vil av mange kallast utradisjonell, noko som er litt ironisk, i og med at størstedelen nettopp handlar om tradisjonar.

Etter at eg hadde flytta til Oslo hausten 1997 og var ferdig med ex.phil var det på tide å finne eit fag å starte studiekarrieren med. Eit ordentleg grunnfag. Eg leita i studiekatalogen etter noko som appellerte til meg. Det var lite som fanga interessen min, heilt til eg kom over grunnfaget folkloristikk. Det skilte seg ut, for det handla om heksetru, eventyr, hulder, segner og overtru. At dette var eit fag på universitetet var litt utruleg og overnaturleg i seg sjølv.

Eg blei altså kjent med akademia gjennom tussar og troll, noko eg syntes var ganske stilig. Som seg hør og bør lærte eg at ting ikkje var heilt som eg trudde og hadde lært frå før. Folketru og trolldom handlar om meir enn eventyra i bøkene til Asbjørnsen og Moe. Folkloristikk handlar om menneskelege fenomen som det er viktig å forstå meir av. Det handlar om korleis folk forstår og organiserer verda på, og korleis dei har forma og overlevert dette som kulturuttrykk gjennom tidene til den dag i dag. Enten i form av musikk, vitsar, gåter, segn, balladar, rim, regler og samankomstar.

Det som er fascinerande med tradisjonell kultur, musikk, historier, og songar, er ikkje at det representerer noko «urnorsk», for noko slikt finst ikkje. Det vakre med det er all den organiske variasjonen og rikdomen som er å finne i alle desse uttrykka.

I dag er eg nøgd, og ganske stolt, av den tradisjonsrike, utradisjonelle fagkombinasjonen min. I tillegg til folkemusikk, heksetru og trolldom har eg studert emne som afrikansk portugisiskspråkleg litteratur, tolking og translatologi, etnomusikologi, avantgarde hardingfelemusikk og minoritetskulturar i musikkundervisning. Eg kjenner meg langt i frå ferdigstudert. Tvert om er eg langt i frå ferdig med å bli kjent med verda.

Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.

Frå diktet Romanska bågar av Tomas Tranströmer

Slektskap

Eg veit at eg har fire besteforeldre. Eg kjende alle fire. Eg kjende ingen av dei åtte oldeforeldra mine, sjølv om eg veit at oldefaren min kom til USA som 19-åring den 4. april 1909 med skipet Celtic som segla ut frå Liverpool. I følgje skipsregisteret var han 1,80 høg og mørk. Han var korkje polygamist eller anarkist, men det var vel få som kryssa av «ja» for dette i skjemaet ved ankomsten til Ellis Island.

Eg har derimot inga aning om kven dei 32 tipp-tippoldeforeldra mine er. Kanskje ein av dei til og med kan ha vore svensk..?

Det er rett og slett umogleg å ha oversikt over alle forfedrane våre når vi berre går eit lite stykke tilbake i tid. Og det er ikkje så rart. For går vi ti generasjonar tilbake, har vi eitt tusen og tjuefire tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldeforeldre. Fortida blir raskt meir og meir rotete når vi følgjer røtene til slektstrea våre, rett og slett på grunn av eksponensiell vekst. Våre slekters gang bakover i tid blir ei einaste stor mølje.

Dagbladet har omtalt boka til Adam Rutherford som eg har skrive om tidlegare. Det er ei god omtale som blant anna tar for seg dette med slektskap og det matematiske beviset på at vi alle har felles opphav.

Stephen Fry er frydefull i denne videoen der han forklarar dette fenomenet.

Han startar med å seie: «I don’t think even the Prince of Wales could name his 8th great-grandparents…»

Sjølv den mest berømde familien i verda kan ikkje ha full oversikt over alle desse slektningane. Så fortél Fry legenda om riskornet og den persiske bonden som fann opp sjakk på bestilling frå shahen. Bonden ba om ei tilsynelatande enkel beløning. Men på grunn av eksponensiell vekst blei han søkkrik ved å legge eitt riskorn, så to, så fire, så åtte riskorn, og så vidare, langs rutene på sjakkbrettet.

Når vi alle har så mange slektningar betyr det at vi alle har dei same slektningane. Då blir det meiningslaust å snakke om reine slektslinjer. Og det viser kor fjollete rasisme er.

Då eg var så heldig å møte John Gottman og prate med han ein gong, spurte eg om korleis han opplevde å ta i bruk funna av forskinga hans rundt omkring i verda. Kranglar par like mykje i Tyrkia og Finland og Grønland? Han sa at det mest slåande er kor like folk er, og kor almenngyldige teoriane om relasjonar er. Han sa óg ein annan ting som var slåande – nemleg at vi menneske truleg stammar frå ei lita, gjenlevande gruppe på nokre titusen individ. Teorien går ut på at menneskeslekta på eit tidspunkt var svært nær å døy ut. Dei som blei igjen, er forfedrane til alle oss menneske. Det forklarar det nære slektskapet mellom menneske, og kvifor vi – trass alt – er så like.

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén