Stikkord: historie

Tradisjonelle fag

I dag fann eg fram ei gamal oppgåve eg leverte i 2001, for nøyaktig tjue år sidan. Oppgåva heiter «Klimpring på norsk» og eg leverte den som del av andreåret på folkemusikkstudiet på Rauland, ved Universitetet i Sørøst-Norge. Tittelen på oppgåva gir fullt ut meining for meg, men eg innser at det kanskje ikkje er slik for alle andre. Det handlar om gitaren si rolle i norsk folkemusikk, om du måtte lure.

Å sjå den oppgåva minnar meg på at eg har tatt nokre studieval som nok er litt nisjeprega. Når folk spør kva eg har studert, må eg ofte trekke pusten og gjere meg klar for litt forklaring.

Fagkombinasjonen min vil av mange kallast utradisjonell, noko som er litt ironisk, i og med at størstedelen nettopp handlar om tradisjonar.

Etter at eg hadde flytta til Oslo hausten 1997 og var ferdig med ex.phil var det på tide å finne eit fag å starte studiekarrieren med. Eit ordentleg grunnfag. Eg leita i studiekatalogen etter noko som appellerte til meg. Det var lite som fanga interessen min, heilt til eg kom over grunnfaget folkloristikk. Det skilte seg ut, for det handla om heksetru, eventyr, hulder, segner og overtru. At dette var eit fag på universitetet var litt utruleg og overnaturleg i seg sjølv.

Eg blei altså kjent med akademia gjennom tussar og troll, noko eg syntes var ganske stilig. Som seg hør og bør lærte eg at ting ikkje var heilt som eg trudde og hadde lært frå før. Folketru og trolldom handlar om meir enn eventyra i bøkene til Asbjørnsen og Moe. Folkloristikk handlar om menneskelege fenomen som det er viktig å forstå meir av. Det handlar om korleis folk forstår og organiserer verda på, og korleis dei har forma og overlevert dette som kulturuttrykk gjennom tidene til den dag i dag. Enten i form av musikk, vitsar, gåter, segn, balladar, rim, regler og samankomstar.

Det som er fascinerande med tradisjonell kultur, musikk, historier, og songar, er ikkje at det representerer noko «urnorsk», for noko slikt finst ikkje. Det vakre med det er all den organiske variasjonen og rikdomen som er å finne i alle desse uttrykka.

I dag er eg nøgd, og ganske stolt, av den tradisjonsrike, utradisjonelle fagkombinasjonen min. I tillegg til folkemusikk, heksetru og trolldom har eg studert emne som afrikansk portugisiskspråkleg litteratur, tolking og translatologi, etnomusikologi, avantgarde hardingfelemusikk og minoritetskulturar i musikkundervisning. Eg kjenner meg langt i frå ferdigstudert. Tvert om er eg langt i frå ferdig med å bli kjent med verda.

Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.

Frå diktet Romanska bågar av Tomas Tranströmer

Slektskap

Eg veit at eg har fire besteforeldre. Eg kjende alle fire. Eg kjende ingen av dei åtte oldeforeldra mine, sjølv om eg veit at oldefaren min kom til USA som 19-åring den 4. april 1909 med skipet Celtic som segla ut frå Liverpool. I følgje skipsregisteret var han 1,80 høg og mørk. Han var korkje polygamist eller anarkist, men det var vel få som kryssa av «ja» for dette i skjemaet ved ankomsten til Ellis Island.

Eg har derimot inga aning om kven dei 32 tipp-tippoldeforeldra mine er. Kanskje ein av dei til og med kan ha vore svensk..?

Det er rett og slett umogleg å ha oversikt over alle forfedrane våre når vi berre går eit lite stykke tilbake i tid. Og det er ikkje så rart. For går vi ti generasjonar tilbake, har vi eitt tusen og tjuefire tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldeforeldre. Fortida blir raskt meir og meir rotete når vi følgjer røtene til slektstrea våre, rett og slett på grunn av eksponensiell vekst. Våre slekters gang bakover i tid blir ei einaste stor mølje.

Dagbladet har omtalt boka til Adam Rutherford som eg har skrive om tidlegare. Det er ei god omtale som blant anna tar for seg dette med slektskap og det matematiske beviset på at vi alle har felles opphav.

Stephen Fry er frydefull i denne videoen der han forklarar dette fenomenet.

Han startar med å seie: «I don’t think even the Prince of Wales could name his 8th great-grandparents…»

Sjølv den mest berømde familien i verda kan ikkje ha full oversikt over alle desse slektningane. Så fortél Fry legenda om riskornet og den persiske bonden som fann opp sjakk på bestilling frå shahen. Bonden ba om ei tilsynelatande enkel beløning. Men på grunn av eksponensiell vekst blei han søkkrik ved å legge eitt riskorn, så to, så fire, så åtte riskorn, og så vidare, langs rutene på sjakkbrettet.

Når vi alle har så mange slektningar betyr det at vi alle har dei same slektningane. Då blir det meiningslaust å snakke om reine slektslinjer. Og det viser kor fjollete rasisme er.

Då eg var så heldig å møte John Gottman og prate med han ein gong, spurte eg om korleis han opplevde å ta i bruk funna av forskinga hans rundt omkring i verda. Kranglar par like mykje i Tyrkia og Finland og Grønland? Han sa at det mest slåande er kor like folk er, og kor almenngyldige teoriane om relasjonar er. Han sa óg ein annan ting som var slåande – nemleg at vi menneske truleg stammar frå ei lita, gjenlevande gruppe på nokre titusen individ. Teorien går ut på at menneskeslekta på eit tidspunkt var svært nær å døy ut. Dei som blei igjen, er forfedrane til alle oss menneske. Det forklarar det nære slektskapet mellom menneske, og kvifor vi – trass alt – er så like.

Tips til din neste diskusjon med rasistar

Boka «How to Argue with a Racist» av den britiske genetikaren Adam Rutherford har ein veldig sjølvforklarande tittel. Han går grundig og hardtslåande til verks i å knuse seigliva mytar funne opp av rasistar gjennom historia, og dei er det mange av. Her er ein kort video der Rutherford tar for seg nokre av poenga frå boka.

Racism is an affront to human dignity based on power.
When all you’ve known is privilege, then equality can feel like oppression.

Adam Rutherford

Det er veldig på tide at bøker som denne kjem.

Å få historia rett i fleisen

Marina Amaral får gamle fotografi til å sjå nye ut, og det gjer inntrykk på meg. Ho brukar historisk research til å finne fargane som var der då biletet blei tatt. Handverket og fokuset på detaljar er ekstraordinært i seg sjøl. Det er likevel noko meir, noko med bileta som gjer at det ikkje går an å ta auga frå dei.

Dette biletet frå serien “Faces of Aushwitz” for eksempel. Prøv å sjå på det utan å få frysningar. Denne kvinna kunne ha vore ein ung aktivist i 2021. Men ho heitte Sophie Scholl og blei avretta av nazistane i 1943. Marina Amaral veit veldig godt at ho vekkjer historia til live, og ho brukar det til å peike på slaveri, rasisme og undertrykking. Det som skjedde då, det skjer no. Når ein brasiliansk kulturminister siterer Goebbels i 2020, er det umuleg å late som at holocaust er eit tilbakelagt fenomen.

Og så er det mange bilete som berre er direkte fascinerande. Ta dette biletet av krigsfangar frå første verdskrigen, rundt 1918. Ein gjeng med karar frå Vietnam, Tunisia, Senegal, Russland, Sudan, Portugal og England. Kva prata dei om i fangenskap? Sat dei og løyste verdsproblem på kveldane? Korleis ville dei ha sett for seg andre verdskrigen, FN, slutten på kolonitida, vietnamkrigen, Brexit?
Og så dette biletet av Lewis Powell. Han var ikkje ein fotomodell frå 1965. Han var ein av dei som var med på drapet av Abraham Lincoln. Nærare bestemt i 1865.

Å sjå fortida i fargar er ei påminning om kor nær den er.

Det store spennet

Fortida er nærare enn vi trur. Den amerikanske borgarkrigen tok slutt i 1865, for 156 år sidan. Likevel blei det utbetalt krigspensjon til ei kvinne som døydde så seint som i fjor. I 2020 døydde óg enka etter ein veteran frå borgarkrigen.

Etterdønningane etter den store krigen om slaveriet går direkte inn i livet til menneske som lever i dag. Denne mannen sin far var slave. Han bur i Washington og er 88 år gamal.

Det finst fleire eksempel på at den fjerne fortida likevel ikkje er så fjern. Jason Kottke kallar dette The Great Span. Det store tidsspennet som eit menneske gjennom ein til to generasjonar kan rekke å dekke over, eller «the link across large periods of history by individual humans.»

Det finst sikkert fleire eksempel på dette i Norge i dag. Oldemora til ei jente i nabolaget døydde nyleg, 103 år gamal. Det betyr at ho opplevde to verdskrigar og to pandemiar. Eg veit ikkje om hennar oldemor blei like gamal, men i eit tenkt tilfelle kan altså ein nyleg nolevande person ha møtt ein person som var fødd i 1814.

“The past is never dead. It’s not even past.”

William Faulkner

Page 2 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén