Stikkord: idear

Eit år

Eitt år har gått sidan eg starta denne bloggen. Eg starta den fordi eg ville skrive ned ting eg tenkjer på, og la dei bli ståande. Skrive, dele, og skrive meir. Tekstane eig eg sjølv, og eg skriv like mykje for meg sjølv som for andre.

Tankar som ikkje blir skrivne ned blir borte for alltid. Nedskrivne tankar blir óg borte, om det ikkje blir gjort tilgjengeleg for andre. Så her finst nokre av mine eigenproduserte tankar for dei som måtte vere interessert.

Eg starta med eit mål om å leggje ut tekstar dagleg. Det har ikkje skjedd, men det gjer ikkje så mykje. Eg har aldri publisert så mykje i mitt liv som eg har gjort dei siste tolv månadene.

Eg har skrive for å ta vare på interessante tankar, tips og idéar som kan kome til nytte, enten for andre eller for meg sjølv. Mange av dei gode råda mine treng eg sjølv å bli mint på.

Det som er sikkert er at denne bloggen har blitt meir enn eit eksperiment. Eg kjem til å halde på vidare. Om nokon les dette eller ikkje, så har eg skrive det, og det blir ståande.

Om det er meg eller nokon andre som kjem til å lese dette om ti eller tretti år, kan eg i alle fall seie – det var omtrent dette eg hadde i tankane i skrivande stund, i starten av januar 2022.

Kreativitet

Då eg var yngre hende det at eg hadde lyst til å teikne, men så blei eg berre sittande og stirre på det blanke arket. Eg blei frustrert, og tenkte at det ikkje var vits i å prøve meir. Eg hadde jo likevel ingenting å teikne.

Kreativitet er skaparglede. Det kan vere spontant, intenst og det kan halde deg i flytsona lenge. Men det er ikkje alltid slik. Det er ikkje ein tilstand som dukkar opp berre ein ventar på det.

Eg trur kreativitet handlar om å møte opp. Det handlar om å skrive sjølv om ein ikkje har noko å skrive. Å teikne sjølv om ein ikkje har noko å teikne. Det hjelp ikkje å vente til kreativiteten melder seg. Det kjem ikkje vatn ut av ei stengt kran.

Det gjeld å sette seg ned, finne fram blyanten, og gå i gang.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén