Stikkord: ipad

Obsidian

No har eg omsider kasta meg for alvor ut i Obsidian. Dette er ein app eg har utforska ei stund.

Det dukkar stadig opp spennande program innanfor det ein kallar for Personal Knowledge Management (PKM). Craft er eit slikt program, og det brukar eg no dagleg. Sidan Craft har blitt ein del av Setapp-abonnementet, kan eg bruke programmet fritt, utan begrensningar. Drafts, som er den appen eg brukar aller mest, fungerer på sett og vis som ein PKM-app også. Notion er eit anna veldig interessant program, som eg testar ut frå tid til anna.

Men tilbake til Obsidian. Obsidian er ein app som mange er opptekne av for tida. Eit kjenneteikn ved appar som denne er det å kunne kople saman små notat og kunne hoppe fram og tilbake mellom dei som ein slags personleg Wikipedia. Der er eg godt i gang med Craft, og delvis Drafts. Men det er noko Obsidian gjer som skiller seg ut, nemleg Graph View. Med den får eg opp ein slags interaktiv, bevegeleg stjernehimmel som viser trådar mellom alle dei ulike notata mine, og samanhengene blir veldig konkrete. Eg likar visuelle framstillingar av ting, difor appellerer tankekart til meg. Men i motsetjing til tankekarta eg lagar sjølv i Mindnode, konstruerer Obsidian heilt eigne, dynamiske tankekart som viser relasjonen mellom alt eg har notert. Djupt fascinerande og nesten litt magisk.

Tenk om eg hadde hatt alle desse verktøya då eg studerte for tjue år sidan. Då hadde eg nok ikkje hatt like mange permar lagra i boda som eg har i dag.

Innføring i Drafts

Interessant og nyttig video frå Chris Lawley om å jobbe på Drafts for iPad. Drafts er det programmet eg brukar aller mest uavhengig av skjerm.

Chris Lawley forklarar korleis han har laga eit enkelt oversiktsdokument som han brukar som inngangsport til andre dokument. Det er ein metode eg har benytta meg av ein god stund. På den måten kan eg klikke meg rundt i notata mine superkjapt. 

Eg har gått litt meir over til å bruke Craft, for å få ein meir estetisk og visuell struktur, men det er noko med den geniale enkeltheiten som gjer Drafts så bra. 

Superkrefter ved eit tastetrykk

Eitt av dei programma eg verkeleg er avhengig av er TextExpander. Det gjer slik at eigendefinerte tekstforkortingar blir utvida automatisk, slik at eg til dømes kan taste mi eiga forkorting «åmd» og så skriv Macen (eller iPaden eller telefonen) dagens dato, klokkeslett, vekenummer heilt av seg sjølv, fordi eg har programmert det på førehand. Eg trenger ikkje å skrive «med vennleg helsing», men «mmvh» og så kjem resten av seg sjølv. Det kjennest litt magisk.

Det er så effektivt at eg iblant gløymer kor effektivt det faktisk kan vere, slik at eg tastar ting av gamal vane som eg enkelt kunne ha forkorta. Eg treng ikkje å skrive telefonnummeret mitt, adressa mi, e-postadressa mi, for eg har forkortingar for alt saman. Likevel gløymer eg meg iblant. Eg må innimellom gå gjennom og finne forkortingar for tinga eg ofte skriv, for eg veit at eg sparer mykje tid og kjedeleg tasting i lengda.

Når datamaskina kan automatisere, så er det ingen vits å ikkje benytte seg av det. Eg prøvar å ikkje la min eigen sløvheit og gamle vanar stå i vegen for at datamaskina sine superkrefter kan hjelpe til i kvardagen.

Craft & Drafts

No ser det ut som eg skal skrive om ølbrygging, men dette handlar altså om programvare. 

Eg har kome over mykje gull i jakta på det perfekte datasystemet. Det er dyktige folk der ute som lagar kvalitetsprogram for Mac og iOS. Koblinga av estetikk og funksjonalitet, det er målet dei beste strebar etter. 

Drafts

Drafts er alt muleg-programmet mitt. Alt av tekst havnar der først. Alt frå huskelappar og handlelister til dikt, dagbøker, omfattande rapportar, database og tekstarkiv. Eg kan bruke det til alt. Det er ufatteleg kjapt å komme i gang med, og det er uendeleg mykje ein kan gjere med det. Drafts har vore grunnmuren i tekstbehandlinga mi lenge. I tillegg til å vere ein superkjapp og enkel måte å notere ned tekst på, er Drafts eit kraftig verktøy for tekstbehandling og filorganisering.
Eg har eg brukt Drafts som eit oversiktsbord. Eg kan linke saman notater, lage arbeidsområder og prosjektdokument der alt er kobla saman og eg kan finne fram kjapt. Alt er tekstbasert og genialt enkelt og nedstrippa. Eg kunne kanskje ha klart meg med Drafts. Men eg har iblant sakna noko litt meir visuelt. Då kom eg over Craft. 

Craft

Craft er eit vakkert program. Smidig, oversiktleg, visuelt og det gjer all informasjonen min lett tilgjengeleg. Craft er eit oversiktsbord, der eg lett kan finne fram til alt eg treng av informasjon. Alt kan linkast saman med alt, og det fungerer like bra på Mac, telefon og iPad. Eg likar programvare som, i tillegg til å vere kraftig og funksjonell, I tillegg er pent og gøy og innbydande å bruke.

Craft fungerer no som dashbordet mitt der eg kan å få oversikt og klikke meg vidare til andre ting eg jobbar med. Herifrå kan eg koble meg kjapt vidare til Airtable, DEVONthink, Google docs, Drafts eller kva anna det måtte vere. Det er estetisk, oversiktleg, multifunksjonelt og enkelt å bruke. Programvare på sitt beste. 

Eg er likevel ikkje heilt einig med meg sjølv om når det er best å bruke kjappe, tekstbaserte Drafts og når det er best å bruke vakre, visuelle Craft. Det skal eg etterkvart finne ut av. 

iPad i skulen

Problemet er ikkje at ungane får utdelt iPad på skulen. Problemet er at dei ikkje får lære å bruke den. Og med det meiner eg at dei ikkje lærer å bruke alt potensialet som ligg i den. Ein iPad er berre eit verktøy, men eit heilt fantastisk verktøy. Det er berre ei glassplate. Men det er ei glassplate som kan gjerast om til omtrent kva som helst, enten ei bok, musikkstudio, akvarellblokk, skriveredskap, filmstudio, kino, spelemaskin. Og ikkje minst, ei datamaskin. Ungane burde ha lært å benytte seg av iPad til fulle, og lært å bruke den for alt, absolutt alt den er verd. Men det er ikkje det som skjer. Det som skjer i staden er at læraren tar eit bilde av matteboka, sender til elevane, så skal elevane knote ned svaret sitt på bildet, og sende bildet tilbake. Som om iPad var ein avansert kopimaskin. Problemet er dermed ikkje at elevane har fått eit nytt verktøy. Problemet er at dei ikkje får lære alt verktøyet kan brukast til.

Handskrift i skulen

NRK skriv om den usikre framtida til handskrifta. Det er dei ikkje aleine om, og heller ikkje først ute med. Det har blitt publisert bekymra artiklar om handskrifta i over sytti år.

Det hender eg les argument som går i retning av at iPad i skulen kan vere skadeleg for handskrifta. Det stussar eg over, all den tid iPad berre har blitt brukt i skulen i fire-fem år.

Dersom eg hadde samla ei gruppe menn på min alder i eit rom og fått dei til å skrive namnet sitt, er eg ganske sikker på at mange av namna ville ha vore vanskelege å lese. Til skilnad frå foreldregenerasjonen vår, blir det mange kråketær når menn i førtiåra skal skrive for hand. Vi lærte å skrive tidleg på 80-talet, tretti år før iPad kom. Likevel blir trusselen mot handskrifta brukt som argument mot iPad i skulen.

Men når var det eigentleg vi slutta å lære å skrive for hand?

Opplæringa i handskrift har i praksis vore nedprioritert i norsk skule sidan 70-talet. Etter at mønsterplanen i 1974 tok vekk handskrift som eige fag, har det stort sett gått jamnt nedover.

Hjelp det med mengdetrening i handskrift når ein ikkje har lært ordentleg å skrive for hand? Gjennom heile skulen skreiv vi alt for hand. Betyr det at vi fekk fin handskrift? Neppe. Det er berre innbilning at handskrifta vil bli betre dersom iPaden blir fjerna frå skulen. Dersom elevane ikkje får lært å skrive ordentleg for hand, nyttar det ikkje å legge vekk tastaturet. Det blir berre fleire ark med dårleg handskrift som læraren må tyde.

I artikkelen blir det sagt at ungane lærer meir ved å skrive for hand enn å skrive på tastatur. Eg veit ikkje om det er så enkelt. Ei nyare studie indikerer at når ein likevel berre skriv akkurat det læraren seier, hjelp det kanskje ikkje så mykje å skrive for hand.

Det som derimot kan verkeleg kan gi stor effekt, er ein tredje metode, nemleg å notere med teikningar. Studier viser at det gir bra effekt. Eg har lenge brukt ein metode som heiter sketchnotes, som er ei blanding av skrift og teikningar. For meg er dette den desidert beste måten å lære på.

Så kva er løysinga heller enn å fjerne nyt teknologi som iPad frå skulen? Eg trur det er å innføre ordentleg opplæring i handskrift, og det finst enkle metodar for dette. Elevane må lære å notere visuelt med tekst og teikningar. I staden for å ta bort nettbrettet, kan skulen gi elevane digitale pennar som hjelpe dei til å lære å teikne og forme bokstavar. Det finst fantastisk programvare for kreativ utforming på iPad, slik som Procreate, Sketchbook og Adobe Fresco.

Skepsisen til skjerm i skulen er ganske valdsam, og argumentasjonen er ofte så som så. Det viser seg at det handlar meir om dårleg implementering enn om plattformen i seg sjølv. Det er jo ingen motsetjing mellom å bruke analoge og digitale verktøy. Det går fint an å bruke begge. Det er betre å ta tak i nedprioriteringa av kunst og handverk i skulen, og å bygge ut biblioteka slik at ungane får lest bøker.

Dei som vil hindre at ungane får tilgang på den beste teknologien for læring, bør ha gode argument. At det skal stå mellom iPad og handskrift i skulen er ikkje eit slikt argument. Og dette kjem frå ein som er over snittet opptatt av handskrift.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén