Stikkord: jasonkottke

Livet

Denne oversikta her viser korleis heile livet kan sjå ut, alt på éin plansje. Eit år er faktisk berre 52 veker. Eit heilt liv er sjeldant lenger enn 90 år. Det er ikkje eit vanskeleg reknestykke. Likevel gjer det inntrykk å få det visualisert slik, svart på kvitt.

Så kort livet er.

Det er berre denne tida her vi kan rekne med å få tildelt. Det er eigentleg ikkje så mykje. Det er ingen vits å ikkje bestemme seg for å bruke det når ein først har det.

Denne artikkelen fann eg på kottke.org, ein av mine favorittbloggar, der eg óg fann denne fine videoen som handlar om det same.

Folk er fine

Eg diggar bloggen til Jason Kottke. Den er eit oppkome av fascinerande og engasjerande og morsomme artiklar, nøye plukka ut. Samtidig er det meir enn ei samling fun facts. Det er ei dybde i utvalet av tekstar, videoar og bilder som seier noko om det som er fint og fascinerande med folk. Som for eksempel ein rockelåt framført av 1000 bandmedlemmer på ein gong, og som lét overraskande fint. Eller om alle husa som er delt på midten i ein by i Tyskland. Eller ein gamal mann i Nederland som greier å parkere i ei veldig trang garasje. Eller som eg har skrive om før, det store tidsspennet eit menneskeliv kan favne.

Eg likar folk som er nysgjerrige på, og begeistra for, folk.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén