Stikkord: kultur

Beatles

Det er 25. november, altså dagen då den første delen av den nye Beatles-dokumentaren er ute. Timevis med Beatles-magi. Det slår meg at eit så eksepsjonelt band med musikarar av enorm historisk betydning samtidig er eit heilt vanleg band med nokre fyrar i slutten av tjueåra som er glade i å henge og spele og jamme. Slik var det å vere band for femti år sidan og slik er det no. Og slik var det sikkert for hundre år sidan. Eg ser på opptaka, og det er som om femti år ikkje betyr noko, det er som om Paul McCartney skriv Get Back akkurat no. Noko som er verkeleg sprøtt, for det er nemleg like stor avstand i tid mellom Get Back-opptaka og til i dag, som til den russiske revolusjonen i 1917.

Eg trur nok Beatles vil sette spor etter seg.

Bok eg har lest i haust – Søsterklokkene av Lars Mytting

Eg har lenge leita etter ei stor leseoppleving. Det å bli oppslukt og dratt med av ei bok, og å få kjensla av at den vart skriven for at eg skulle lese den.

Så fann eg ei slik bok, nemleg Søsterklokkene av Lars Mytting. Ei fantastisk vakker bok. Kvar setning og dialog eit lite, lågmælt kunstverk. Historie, legender, dalfører, kunst, mystikk, stavkyrkjer, konflikt mellom tradisjon og modernitet, sorg, kjærleik.

Eg er nettopp ferdig med den, og kjenner på vemodet over å ha lest den ferdig. Det kjennast litt som å bli kjent med ein ny venn, som så må dra sin veg.

Glad for at eg fann den, og trist over å vere ferdig med den.

Folk er fine

Eg diggar bloggen til Jason Kottke. Den er eit oppkome av fascinerande og engasjerande og morsomme artiklar, nøye plukka ut. Samtidig er det meir enn ei samling fun facts. Det er ei dybde i utvalet av tekstar, videoar og bilder som seier noko om det som er fint og fascinerande med folk. Som for eksempel ein rockelåt framført av 1000 bandmedlemmer på ein gong, og som lét overraskande fint. Eller om alle husa som er delt på midten i ein by i Tyskland. Eller ein gamal mann i Nederland som greier å parkere i ei veldig trang garasje. Eller som eg har skrive om før, det store tidsspennet eit menneskeliv kan favne.

Eg likar folk som er nysgjerrige på, og begeistra for, folk.

Tradisjonelle fag

I dag fann eg fram ei gamal oppgåve eg leverte i 2001, for nøyaktig tjue år sidan. Oppgåva heiter «Klimpring på norsk» og eg leverte den som del av andreåret på folkemusikkstudiet på Rauland, ved Universitetet i Sørøst-Norge. Tittelen på oppgåva gir fullt ut meining for meg, men eg innser at det kanskje ikkje er slik for alle andre. Det handlar om gitaren si rolle i norsk folkemusikk, om du måtte lure.

Å sjå den oppgåva minnar meg på at eg har tatt nokre studieval som nok er litt nisjeprega. Når folk spør kva eg har studert, må eg ofte trekke pusten og gjere meg klar for litt forklaring.

Fagkombinasjonen min vil av mange kallast utradisjonell, noko som er litt ironisk, i og med at størstedelen nettopp handlar om tradisjonar.

Etter at eg hadde flytta til Oslo hausten 1997 og var ferdig med ex.phil var det på tide å finne eit fag å starte studiekarrieren med. Eit ordentleg grunnfag. Eg leita i studiekatalogen etter noko som appellerte til meg. Det var lite som fanga interessen min, heilt til eg kom over grunnfaget folkloristikk. Det skilte seg ut, for det handla om heksetru, eventyr, hulder, segner og overtru. At dette var eit fag på universitetet var litt utruleg og overnaturleg i seg sjølv.

Eg blei altså kjent med akademia gjennom tussar og troll, noko eg syntes var ganske stilig. Som seg hør og bør lærte eg at ting ikkje var heilt som eg trudde og hadde lært frå før. Folketru og trolldom handlar om meir enn eventyra i bøkene til Asbjørnsen og Moe. Folkloristikk handlar om menneskelege fenomen som det er viktig å forstå meir av. Det handlar om korleis folk forstår og organiserer verda på, og korleis dei har forma og overlevert dette som kulturuttrykk gjennom tidene til den dag i dag. Enten i form av musikk, vitsar, gåter, segn, balladar, rim, regler og samankomstar.

Det som er fascinerande med tradisjonell kultur, musikk, historier, og songar, er ikkje at det representerer noko «urnorsk», for noko slikt finst ikkje. Det vakre med det er all den organiske variasjonen og rikdomen som er å finne i alle desse uttrykka.

I dag er eg nøgd, og ganske stolt, av den tradisjonsrike, utradisjonelle fagkombinasjonen min. I tillegg til folkemusikk, heksetru og trolldom har eg studert emne som afrikansk portugisiskspråkleg litteratur, tolking og translatologi, etnomusikologi, avantgarde hardingfelemusikk og minoritetskulturar i musikkundervisning. Eg kjenner meg langt i frå ferdigstudert. Tvert om er eg langt i frå ferdig med å bli kjent med verda.

Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.

Frå diktet Romanska bågar av Tomas Tranströmer

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén