Stikkord: leseliste

2023 så langt

Eg begynte på denne posten rundt midten av mars, og før eg visste ordet av det var vi tre fjerdedelar uti. Heilt til no har eg følt at vi såvidt er i gang med det nye året. Men uavhengig av kva eg føler, går året ufortrødent vidare.

Så kva har eg fylt tida mi med i år?

Eg held på å lese ei flott, svær bok som heiter An Immense World av Ed Yong. Boka har dukka opp på fleire av listene over fjorårets beste bøker, så da bestilte eg den på Deichman. Eg bestilte riktignok alle dei andre bøkene eg fekk tak i frå desse boklistene i tillegg. Dei fleste har blitt liggande i stabelen av bøker heilt til eg får purring. Men eg likar denne boka. Eg synest det er viktig å vise kor fantastisk planeten er, og denne boka får til det. Det er som å lese ein science fiction-roman, berre at den handlar om heilt ekte dyr som faktisk finst, og som opplever verda på ufatteleg mange rare måtar som vi menneske ikkje heilt kan forstå. Eg visste for eksempel ikkje at det finst så mange fargar som berre dyr kan sjå. Boka får skryt av meg.

Eg har også fått meir og meir sansen for Stephen Fry. Eg las (eller høyrde på) Mythos, ei gjenfortelling av gresk mytologi fortalt av forfattaren sjølv. Eg brukte lang tid på den, men den har gitt meg gode minner frå bilturar gjennom eit endelaust, frodig og rullande landskap på Madagaskar akkompagnert av forteljingar om greske gudar, fortald av makelause Fry. For tida høyrer eg på opplesinga hans av Sherlock Holmes-bøkene. Mannen har eit heilt ensemble av skodespelarar innabords. Og for nokre fascinerande bøker det er.

Eg har fått fornya entusiasmen min for Pat Metheny. Eg har oppdaga plata hans frå 2020, From This Place, med den aldeles flotte tittellåta som eg prøvar å lære meg på gitar. Eg følger óg tett med på MARO, som held på å gi ut EP, og slepp nydelege låtar som perler på ei snor.

Eg har venta lenge på denne våren. Sjølv om isen ikkje er tint, merkar eg sola kjem, og det trengs.

Dei beste bøkene eg las i 2022

The Extended Mind av Annie Murphy Paul

Den klart beste boka eg har lest i år. Eg held på å lese den på nytt. Den ga meg masse innsikt.

Say Nothing: A True Story of Murder and Memory in Northern Ireland av Patrick Radden Keefe

Den nest beste. Ei utruleg intens og uforgløymeleg bok om krisa i Nord-Irland. Ein spenningsroman, true crime, historisk, gripande. Den hadde alt.

De tibetanske ritene av Audun Myskja

Han seier at ritane forlenger livet, og eg trur på han.

Stillness Is The Key av Ryan Holiday

Ein klok fyr, han Ryan Holiday. Og han har lest mange andre kloke fyrar.

Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård

Knausgård skriv berre så utruleg godt.

Breath av James Nestor

Den fekk meg til å tenkje på korleis eg pustar, ikkje minst om natta, og no søv eg mykje betre.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén