Stikkord: litteratur Page 1 of 2

King

Eg er ferdig med biografien om Martin Luther King, skriven av Jonathan Eig. Eg las den først på papir, som fysisk bok, før eg gjekk over til lydbokversjonen på Audible. Eg likte begge.

Det er ei tjukk bok, ein grundig biografi, og likevel ein page-turner. Det er eit spektakulært liv som blir skildra på ein nøktern måte. Omstenda han befann seg i, og samfunnet han levde i, er i seg sjølv så ekstremt, at teksten ikkje treng å gjere det overtydeleg. 

Han var ein motstandsmann. 

For eit slit han måtte gå gjennom. Ein prest som måtte bære eit tungt kors. Eit åk. Han var ikkje ein person som likte rampelyset. Han var ein nevrotisk type, og på ingen måte ein perfekt type. Han hadde ikkje søkt på jobben som leiar for folket, han blei utpeikt. 

Han hata å bli fengsla stadig vekk, av å vere trua på livet konstant. Men det var ikkje noko alternativ å legge opp. 

Og den iskalde brutaliteten han måtte kjempe mot. Den ekte, rå rasismen. Folk som ikkje skjems av at dei er rasistar, om dei så er familiefolk, politisjefar, guvernørar eller FBI-direktørar. Rasismen var ein så sjølvsagt del av samfunnet at det var provoserande å i det heile tatt påpeike det. 

Hadde eg greidd å halde motet oppe? 

Og han var ingen populist. Han var ikkje motivert av popularitet eller bunden til ein mediestrategi. Han snakka ut mot vietnamkrigen, medan det var politisk ukorrekt, ustrategisk, og – i enkelte sine auge – ikkje relevant for kampen han skulle leie. Men det var ikkje muleg for han å halde kjeft. For det var eit større formål der. Han var ein prest. Han trudde på det han preika om. Han kunne ikkje snakke om ikkje-vald i USA når USA var den mest valdelege aktøren i verda. Så det gjorde han, sjølv om han fekk presidenten på nakken. Og sjølv om han visste at han kom til å døy.

Eg er ikkje i tvil om kva Martin Luther King ville ha sagt i dag, om Gaza, om undertrykkinga av palestinarane. Han ville ikkje hatt noko val. 

Bok eg har lest i vår: Blodmåne av Jo Nesbø

Bøker som kommer og bøker som går.

Eg har nettopp lest ferdig Blodmåne av Jo Nesbø, med gode gamle Harry Hole i hovudrolla. Ei lang bok, men absolutt ein page turner. Likevel kjem eg ikkje heilt under huden på karakterane. Blir liksom ikkje glade i dei. Føler meg litt tom etter å ha lest den. Eg sit for det meste igjen med masse meiningslaus, utspekulert brutalitet. Kan ikkje seie det er direkte givande.

2023 så langt

Eg begynte på denne posten rundt midten av mars, og før eg visste ordet av det var vi tre fjerdedelar uti. Heilt til no har eg følt at vi såvidt er i gang med det nye året. Men uavhengig av kva eg føler, går året ufortrødent vidare.

Så kva har eg fylt tida mi med i år?

Eg held på å lese ei flott, svær bok som heiter An Immense World av Ed Yong. Boka har dukka opp på fleire av listene over fjorårets beste bøker, så da bestilte eg den på Deichman. Eg bestilte riktignok alle dei andre bøkene eg fekk tak i frå desse boklistene i tillegg. Dei fleste har blitt liggande i stabelen av bøker heilt til eg får purring. Men eg likar denne boka. Eg synest det er viktig å vise kor fantastisk planeten er, og denne boka får til det. Det er som å lese ein science fiction-roman, berre at den handlar om heilt ekte dyr som faktisk finst, og som opplever verda på ufatteleg mange rare måtar som vi menneske ikkje heilt kan forstå. Eg visste for eksempel ikkje at det finst så mange fargar som berre dyr kan sjå. Boka får skryt av meg.

Eg har også fått meir og meir sansen for Stephen Fry. Eg las (eller høyrde på) Mythos, ei gjenfortelling av gresk mytologi fortalt av forfattaren sjølv. Eg brukte lang tid på den, men den har gitt meg gode minner frå bilturar gjennom eit endelaust, frodig og rullande landskap på Madagaskar akkompagnert av forteljingar om greske gudar, fortald av makelause Fry. For tida høyrer eg på opplesinga hans av Sherlock Holmes-bøkene. Mannen har eit heilt ensemble av skodespelarar innabords. Og for nokre fascinerande bøker det er.

Eg har fått fornya entusiasmen min for Pat Metheny. Eg har oppdaga plata hans frå 2020, From This Place, med den aldeles flotte tittellåta som eg prøvar å lære meg på gitar. Eg følger óg tett med på MARO, som held på å gi ut EP, og slepp nydelege låtar som perler på ei snor.

Eg har venta lenge på denne våren. Sjølv om isen ikkje er tint, merkar eg sola kjem, og det trengs.

Om å lese fleire bøker samtidig

Eg har alltid ein haug av bøker. For tida har eg ti bøker frå det lokale Deichman-biblioteket. I tillegg har eg eit par bøker på Audible, ei lydbok på Allbok, og opptil fleire bøker på Apple, Kindle og så vidare.

Visse folk stussar iblant over at eg har så mange bøker liggande. Nattbordet er fullt, og stablane truar med å ramle ned. Eg trur likevel det har noko for seg. Det er litt som å gå rundt i byen. Nokre veit kor dei skal, går berre på dei faste butikkane og veit akkurat kva dei skal ha. Andre går rundt om kring og shoppar litt etter dagsformen. Stoppar kanskje for å ta ein kopp kaffi, eller tar ein prat med nokon. Eller ser på fuglane.

Iblant plukkar eg opp ei bok eg har gløymt å lese på ei stund, eller eg får lyst til å la ei bok ligge litt. Det er ikkje heilt rett fram, men slik er ikkje hjernen min skrudd saman heller. Akkurat no les eg på ei bok om Kleopatra, ei anna om karriererådgjeving og ei anna om genetikk. Blant anna

Eg lar bøkene prate med kvarandre, som forfattaren og bloggaren Austin Kleon seier i eit veldig fint innlegg, som eg kjenner meg igjen i.

Berre les.

Bok: The Extended Mind av Annie Murphy Paul

Eg har nettopp lest The Extended Mind av den anerkjende vitskapsskribenten og forskingsformidlaren Annie Murphy Paul. Eg kom over boka via podcasten Focused, der ho blir intervjua av David Sparks og Mike Schmitz.

Eg trur aldri eg har gula ut og notert så mykje i ei bok nokon gong. Det er sjeldan eg les ei bok og kjenner at så mange ting fell på plass, at ting eg har gått og kjent på lenge blir bekrefta om og om igjen. Denne boka kjem til å vere med i bagasjen min framover.

Boka handlar i bunn og grunn om at tankane ikkje berre skjer i hjernen. Veldig mykje av tankeverksemda vår foregår i eit tett samspel mellom hjernen vår og det som er rundt oss. Kroppen vår, omgjevnadene våre og menneska rundt oss fungerer som utvidingar og forgreiningar av sinnet. Vi tenkjer med kroppen, vi tenkjer med tinga vi har rundt oss, og vi tenkjer gjennom folka omkring oss. Det er ikkje slik at hjernen er som ei datamaskin, som leverer det same svaret kvar gong, uavhengig av stad og situasjon. Hjernen – og sinnet – er svært avhengig av kontekst. Annie Murphy Paul foreslår ein ny metafor for hjernen, som verken er ein datamaskin eller ein muskel. Nemleg at hjernen er ein fugl. Nærare bestemt ei skjor (eller skjære, på bokmål). Den svarte og kvite, og smått irriterande fuglen samlar alle slags ting frå alle moglege kantar, tar det med heim og brukar det som materiale. Eg har tenkt på om ikkje Askeladden óg kan vere ein god metafor. Han samlar tilsynelatande unyttige ting på vegen som viser seg å kome til nytte seinare. (Blant anna ei skjor).

Det er gjennom å bruke tankekraft som går forbi hjernen at vi menneske har overlevd opp gjennom. Det er det vi har utvikla oss til, nemleg å bruke hjernen i symbiose med naturen, med folka rundt oss, og ved å bruke kroppen vår. Hjernen er ikkje laga for å vere åleine.

Hjernen er ikkje ein datamaskin. Den er ikkje ein muskel som kan trenast opp med hjerneøvingar. Hjernen har sine naturlege begrensingar, og det er ikkje slik at vi kan sitje stille og satse på at den jobbar for oss. Difor treng vi å ta i bruk kroppen, omgjevnadene rundt oss, og folka rundt oss, for at tankane skal vere frie. Vi tenkjer alltid med kroppen, vi tenkjer alltid med omgjevnadene, og tenkjer alltid ved hjelp av andre folk. Anten vi er klar over det eller ikkje.

Eg har alltid tenkt best når eg skriv tankane ned på papir, og gjerne når eg teiknar litt. Eg likar å sjå tankane mine foran meg. Når eg skriv, likar eg å flytte teksten frå éin stad til ein annan, ved å visualisere, bruke figurar. lage tankekart, teikne, bruke fleire skjermar, eller skrive teksten ut på papir. Murphy Paul kallar dette cognitive offloading. Vi avlastar hjernen ved å forme tankane våre til noko fysisk vi kan ta på.

Vi er også “loopy creatures” som ho seier. Vi kan bruke mange sløyfer og omvegar, eller loops på vegen til innsikt. Ei slik tankesløyfe kan vere å skrive tanken ned på eit papir, så teikne oppå det, deretter diskutere det med nokon andre, så skrive det ned på nytt, osv. Tanken er ikkje ein lineær prosess der vi trykker på ein knapp og får svaret.

Vi menneske er i bunn og grunn sosiale vesen. Vi er skrudd saman for å følge med på folka rundt oss. Dette gjer vi bevisst eller ubevisst, heile tida. Vi kan ikkje skru av den radaren. Jobben til mange av oss går stort sett ut på å tolke abstrakte symbol og konsept, i form av tekstar og komplekse tankerekkjer. Kontorarbeid, som det óg kan kallast. Dette er ikkje det vi i utgangspunktet er skrudd saman for. Det vi derimot er skrudd saman for, er å forholde oss til og følge med på andre menneske. Det vil seie at vi alltid lyttar til andre stemmer, og alltid observerer andre folk i augekroken.

For at vi skal få til komplekse oppgåver utan å bli konstant distrahert av folk rundt oss, treng vi å skjerme oss. Vi treng veggar. Det er ein av grunnane til at åpne kontorlandskap fungerer mot si hensikt.

Vi beveger hendene når vi pratar. Det er fordi vi tenkjer gjennom å bruke kroppen vår. Hendene uttrykker det vi tenkjer. Før menneska hadde verbalt språk, hadde vi fakter. Før vi er i stand til å uttrykke tankane gjennom munnen har faktene uttrykt dei gjennom kroppen. Difor er det viktig å la faktene sleppe til.

Magekjensle er reelt. Vi får så mykje informasjon og signal frå omverda som hjernen ikkje er i stand til å fange opp, men som kroppen registrerer. Eit fascinerande funn forfattaren fortel om er frå finansbransjen. Dei aksjemeklarane som lukkast best er ikkje dei som har best utdanning i talknusing, men dei som klarar å kjenne etter kva kroppen fortél. Ho kallar dette interoception. Evna til å lytte til signal frå kroppen. Dei aksjemeklarane som kunne kjenne hjarteslaga sine fekk best resultat. Det er kroppen som tenkjer, og som er i forkant av det hjernen greier å fange opp.

Ho skriv også om fidgets. Desse leikene som har vore veldig populært i det siste. Eg har tenkt at det er litt tullete, men forfattaren kallar det embodied self-regulation, noko vi har godt av. Vi brukar såpass mykje energi på å sitje stille, at det er bra for oss å la kroppen vere engasjert i ei rørsle, sidan det stimulerer tenkinga. Dette gjeld ikkje minst ungar, som ikkje lærer best ved å sitje stille ein heil dag.

Ei svært tankevekkjande bok, på mange måtar. Eg er i gang med andre gjennomlesing allereie.

Bok eg har lest i haust – Hekneveven av Lars Mytting

Når eg har lest Søsterklokkene, måtte eg lese Hekneveven. Historie, magisk realisme, tragedie, håp, mystikk. Alle historiene som vever seg inn i hovudhistoria, og med sjølve mysteriet Hekneveven. Starten av boka gjorde særleg inntrykk på meg, med historia om skottetoget som gjekk gjennom Gudbrandsdalen i 1612. Eg tenkjer på alle turane frå Austlandet til Vestlandet gjennom Gudbrandsdalen som eg har hatt i løpet av livet. Historia om Prillar-Guri som pappa fortalde. Alle gongene eg har stoppa med nattbussen på Sinclair kro. Og så lite eg har visst om den grufulle historia som ligg bak. Eg har venta på ein forteljar som Lars Mytting, ein som fortel slike fantastiske historier.

Bok eg har lest i haust – Søsterklokkene av Lars Mytting

Eg har lenge leita etter ei stor leseoppleving. Det å bli oppslukt og dratt med av ei bok, og å få kjensla av at den vart skriven for at eg skulle lese den.

Så fann eg ei slik bok, nemleg Søsterklokkene av Lars Mytting. Ei fantastisk vakker bok. Kvar setning og dialog eit lite, lågmælt kunstverk. Historie, legender, dalfører, kunst, mystikk, stavkyrkjer, konflikt mellom tradisjon og modernitet, sorg, kjærleik.

Eg er nettopp ferdig med den, og kjenner på vemodet over å ha lest den ferdig. Det kjennast litt som å bli kjent med ein ny venn, som så må dra sin veg.

Glad for at eg fann den, og trist over å vere ferdig med den.

Bibliotekaren

Kvar gong eg går inn på biblioteket kjem eg ut igjen med ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese.

Nokon på biblioteket har funne fram ei bok, og satt den fram. Fordi dei tenkte at akkurat den boka, den vil eg at nokon andre skal lese.

Internett og algoritmane kan ikkje måle seg med det.

Bok eg har lest i haust – Artemis av Andy Weir

Spoiler alert.

Når du har eit plott som involverer eit drap på ein søkkrik nordmann, ei kenyansk maktsjuk vitskapskvinne, brasilianske mafiaskurkar og ein kul, muslimsk kvinneleg hovudperson som heiter Jazz, og all handlinga skjer på månen. Jo da. Da har du fanga interessa mi.

Artemis bryt med konvensjonar og kjem med små overraskingar heile vegen. Forteljaren er ikkje ein kvit amerikansk mann, men ei kvinne med saudiarabisk bakgrunn. Trygg på seg sjølv og brei i kjeften, i tillegg til at ho er på kant med lova og med moralske samfunnsnormer. Månekolonien er starta opp av eit kenyansk forretningsimperium. Og all handlinga foregår sjølvsagt i nær vektlaus tilstand.

Eit morsomt plot. Eg datt litt av på grunn alle dei tekniske detaljane, og historia blei verken heilt djup nok eller spanande nok for meg. Eg likte den førre boka til Andy Weir, The Martian, så eg er spent på å få lest den nyaste boka hans som kom i år, Project Hail Mary.

Bok eg har lest i sommar: “OK boomer” – og andre ting du kan si til onkelen din om klima av Nora Jungeilges Heyerdahl

Det er godt å lese ei bok som er både viktig, velskriven, lærerik og morsom. Ikkje minst når boka handlar om det viktigaste temaet i vår tid.

Det er ein venleg, men bestemt langfinger til alle som ikkje vil ta inn over seg det som skjer med jordkloden. I tillegg gir den gode verktøy til å bruke i samtalar og diskusjonar.

For ikkje å snakke om at den er skikkeleg kul.

Kan hende eg kjem til å lese den på nytt.

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén