Stikkord: litteratur

Bok eg har lest i sommar: Leave the world behind av Rumaan Alam

Ei bok som grip deg og held deg fast. Du veit ikkje kva som skjer, berre at noko er i ferd med å skje. Noko i lufta, noko i vinden, i naturen. Teikn vi ikkje ser, men kjenner på kroppen. Noko som kjem gradvis, heilt til det kjem plutseleg. Og når det først kjem, er det altomfattande.

Ei bok som er så godt skrive at eg kjenner eg er til stades, kjenner stemninga, og merkar uroa.

Den gir ei kjensle av at noko er i emning. Noko er på veg. Sakte, så plutseleg. Eit slags profetisk bodskap som blir bekrefta dag for dag i tida vi lev i.

Ei vakker og skremmande bok.

Fin omtale i The Guardian.

Oppdatert eller kunnskapsrik

Det er ein skilnad mellom å vere oppdatert og å vere opplyst. Ein kan sjå på nyheitssendingar i ei veke og bli oppdatert utan å bli kunnskapsrik. Det er éin ting å sjå på nyheitene heile dagen. Det er noko anna å lese ei god historiebok. Ein kan la seg rive med av den nyaste nyheitsstraumen, eller ein kan gå til kjeldene og hente fram kunnskap som har modna seg lenge. Å sjå på er ikkje det same som å forstå. Det det ser ut som er ikkje nødvendigvis slik det heng saman. Nyheitene viser forgrunnen, medan bøkene forklarar bakgrunnen. Vi kan forstå meir gjennom gamle historier enn gjennom siste nytt.

Bok eg har lest i sommar: Hvitekrist av Tore Skeie

Hvitekrist av Tore Skeie er ei av dei mest velskrivne bøkene eg kan hugse å ha lest på lenge. Ei fantastisk skildring om Olav Haraldsson og dei norrøne kongane, som gjer dei om til ekte menneske og ikkje berre mytiske sagafigurar. Han skriv om korleis dei herja og plyndra og erobra og fór rundt omkring frå Giske til Istanbul til Dublin og Cordoba. Og eg får innblikk i korleis det kan ha vore å vere der. Eg gler meg til dei neste bøkene.

Biblioteket

For ein radikal og fantastisk idé det offentlege biblioteket er. Gratis bøker til alle! Vill ein sånn idé blitt gjennomført med dei politikarane som styrer i dag? Neppe.

Biblioteket er der for at vi skal kunne lese bøker. Fordi bøker er viktige. Å lese bøker er rett og slett ein borgarplikt. Ein ganske ålreit borgarplikt.

Framover skal eg ta plikta på alvor og lese endå meir enn eg gjer i dag.

Bokhandelen i Texas

Ei inspirerande historie om eit par som starta ein bokhandel i Texas akkurat medan pandemien traff, fordi dei meiner bøker er viktige.

«Good things happen in bookstores. »

Om bøker

Det er viktig å få lest så mykje som muleg så tidleg som muleg, slik at du får lest dei bøkene som kjem til å forandre livet ditt.

Page 2 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén