Stikkord: livet

Små, daglege handlingar

Eg prøvar å halde fast ved nokre små, daglege vanar.

Nokre av desse handlingane er nesten symbolske. Men dei representerer ting eg vil fylle livet mitt med.

Som å plukke opp gitaren. Skrive eit par linjer til denne bloggen. Gå ein kort tur. Éi armheving. Ta eit bilde.

Altfor ofte føles det som om dagane berre renn av gårde, og livet med dei. Utan at eg har utretta stort.

Då brukar eg vanane som merkesteinar. Ei rettesnor i tåka. Eit tau eg kan halde i som viser kor ruta mi går, sjølv om eg ikkje ser kor eg skal.

Litt kvar dag.

Bok eg har lest i vår – 4000 uker av Oliver Burkman

Eg hadde høyrt såpass mykje om denne boka, så eg måtte lese den. Tittelen er interessant. Den viser til kor mange veker vi som menneske kan rekne med å få oppleve i livet, i snitt. Boka handlar mykje om å leve no, om å ikkje strebe etter perfeksjon, men erkjenne at det ikkje er nokon vits å gå rundt og stresse.

Det er ei god bok, og eg likar premisset for boka. Likevel likte eg enda betre måten det blir forklart på her, der dei viser ein plansje over livet i veker, på éi side. Poenget er det same. Livet er kort og dyrebart.

Merlins visdomsord

Eg kom nettopp over nok ei skattekiste på nettet. Merlin Mann, som eg har fulgt lenge, har laga ei samling av livsråd, lærdomar frå eige liv. Ikkje reint ulikt Kevin Kelly si liste som eg har nemnt før. Her er det mange ting eg treng å lese med jamne mellomrom. Denne her, for eksempel. Den traff meg veldig:

Every few months, take at least one panorama photo of your kid’s room. At least annually, secretly record your kid talking for at least ten minutes. I promise you’ll treasure both, and then you will curse yourself for not having done each way more often.”

Denne var også fin:

Whatever your problem is, remember that before you can get better, you have to stop getting worse. Try first to stop getting worse.”

Og denne:

Treat every person you encounter as though they are having a way worse day than you.”

Denne skal eg legge inn i tekst-spelelista eg skal lage.

Sanninga mellom ytterpunkta

Det er sjeldan ein finn sanninga nøyaktig midt mellom to ekstreme synspunkt.

Alle tinga

Det er ikkje dei tinga eg gjer som gjer meg sliten. Det som gjer meg sliten er alle dei tinga eg ikkje gjer.

Ungdom, alderdom og visdom

Når du er ung, er visdomen å finne hjå dei eldre.

Når du blir gamal, er visdomen å finne hjå dei unge.

Livet

Denne oversikta her viser korleis heile livet kan sjå ut, alt på éin plansje. Eit år er faktisk berre 52 veker. Eit heilt liv er sjeldant lenger enn 90 år. Det er ikkje eit vanskeleg reknestykke. Likevel gjer det inntrykk å få det visualisert slik, svart på kvitt.

Så kort livet er.

Det er berre denne tida her vi kan rekne med å få tildelt. Det er eigentleg ikkje så mykje. Det er ingen vits å ikkje bestemme seg for å bruke det når ein først har det.

Denne artikkelen fann eg på kottke.org, ein av mine favorittbloggar, der eg óg fann denne fine videoen som handlar om det same.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén